Hopp til innhold
X
Innhald

Koptisk

Koptisk, som ingen har hatt som førstespråk på fleire hundre år, er det liturgiske språket i den koptiske ortodokse kyrkja og den koptiske katolske kyrkja. Adobe er opphavleg eit koptisk ord.

Ordhistorie

Det koptiske ordet tōʔbe ⲧⲱⲱⲃⲉ tydde 'murstein', og kan sporast tilbake til mellomegyptisk ɟbt.

Mursteinar i det gamle Egypt var laga av soltørka leire blanda med sand, ofte også blanda med halm eller anna organisk materiale. Slike mursteinar er framleis i bruk over store delar av Vest-Asia, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Sør-Amerika, Mellom-Amerika, det sørlege USA og Spania.

Ordet blei lånt inn i arabisk som ṭūbaطوبة . Derfrå kom det vidare til katalansk som tova og til kastiljansk (spansk) som adobe. Den kastiljanske forma er lånt frå den arabiske forma med bunden artikkel: aṭ-ṭūba الطوبة. Frå kastiljansk tok ordet vegen inn i engelsk som adobe, og derfrå vidare til mange andre europeiske språk, også norsk, som namn på murstein laga etter den same eldgamle metoden som i det gamle Egypt.

Språkfamilie

Koptisk høyrer til den egyptiske greina av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene av denne familien er etter vanleg oppfatning semittisk, berbersk, tsjadisk, kusjittisk og omotisk.

Egyptisk står nærmast berbersk, semittisk og bedsja. Bedsja, som blir snakka i Egypt, Sudan og Eritrea, blir rekna som eit kusjittisk språk, men det er usikkert om kusjittisk berre utgjer éi grein av afroasiatisk.

Koptisk hadde seks hovuddialektar: akhmimisk i Øvre Egypt (i sør), bohairisk i den vestre delen av Nildeltaet og Aleksandria, fajjumsk i Fajjum-oasen, lykopolitansk i Nedre Egypt (i nord), oksyrynkisk eller mesokemisk i Midtre Egypt og sahidisk, med sentrum i Teben i Øvre Egypt. Dei viktigaste dialektane er bohairisk og sahidisk. Denne artikkelen tek utgangspunkt i sahidisk.

Språkhistorie

Koptisk er det siste historiske stadiet av det egyptiske språket, som er kjent frå skriftlege kjelder gjennom meir enn 4000 år. Dette er dei historiske stadia til egyptisk: 

1          Tidlegare egyptisk, 3000–1300 f.Kr.

1.1       Gamalegyptisk, 3000–2000 f.Kr.

1.2       Mellomegyptisk, 2000– 300 f.Kr.

 

2          Seinare egyptisk, 1300 f.Kr.–1300 e.Kr.

2.1       Sein egyptisk, 1300–700 f.Kr.

2.2       Demotisk, 700 f.Kr.–400-talet e.Kr.

2.3       Koptisk, 300-talet til 1300-talet e.Kr.

 

Mellomegyptisk blei brukt i religiøse tekstar i over 1500 år etter 1300 f.Kr. og blir då kalla sein mellomegyptisk.

Gamalegyptisk, mellomegyptisk og sein egyptisk blei skrivne med hieroglyfar, medan demotisk blei skrive med ei eiga kursivskrift, som var ei forenkling av hieroglyfane. Koptisk blir skrive med det greske alfabet – i særeigne grafiske former – pluss nokre bokstavar frå demotisk, for lydar som det greske alfabetet mangla teikn for.

Det greske alfabetet blei innført i Egypt då Aleksander den store la landet under seg i 332 f.Kr. Gresk var administrasjonsspråk i Egypt under det ptolemeiske kongedømet (305–30 f.Kr.), Romarriket (30 f.Kr.–330 e.Kr.) og Austromarriket (330–646 e.Kr.). Koptisk inneheld store mengder lånord frå gresk, til dømes baptīsma ⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ 'dåp'.

Det egyptiske språket endra seg sterkt gjennom 4000 år. Tidlegare egyptisk var eit syntetisk språk, eit språk med mykje bøying, medan seinare egyptisk var analytisk, eit språk med lite bøying. Medan tidlegare egyptisk var eit VSO-språk, var seinare egyptisk eit SVO-språk.

Tidsrommet frå 300-talet til 800-talet var det viktigaste for det koptiske språket. Det hadde ein rik litteratur, særleg på sahidisk, og på grunn av det tørre klimaet i Egypt har store mengder overlevd fram til våre dagar. Det blir stadig funne nye koptiske manuskript. Det finst fleire omsetjingar av Bibelen frå gresk, og mange apokryfe og heretiske (kjetterske) verk, til dømes dei gnostiske manuskripta frå Nag Hammadi.

Koptisk var det første språket som blei skrive i bøker, på fagspråk kodeksar, med hefta eller innbundne rektangulære papyrusblad, i staden for i rullar.

Mellom 639 og 646 blei Egypt hærteke av muslimar. Det førte ikkje berre til ei islamisering av Egypt, men også ei arabisering. På 1300-talet var islam blitt den dominerande religionen i Egypt, og arabisk det dominerande språket. Fram til 900-talet var koptisk likevel talemålet til dei fleste innfødde egyptarar utanfor hovudstaden. Ein reknar med at koptisk døydde ut på 1300-talet, men det kan ha overlevd noko lenger på bortgøymde stader.

Mange moderne egyptiske stadnamn har koptisk opphav, mellom anna Aswan (arabisk aswān أسوان), som kjem av koptisk Swan Ⲥⲟⲩⲁⲛ.

Sidan slutten av 1800-talet og fram til våre dagar har det vore fleire freistnader på å revitalisere det koptiske språket.

Språksystem

Koptiske ord blir i liten grad bøygde, og grammatisk informasjon kjem først og fremst til uttrykk i partiklar som står framfor substantiv, adjektiv og verb. Her er formene til substantiva maʔū ⲙⲁⲁⲩ 'mor' og jōt ⲉⲓⲱⲧ 'far':

ū-maʔū

ⲟⲩⲙⲁⲁⲩ

'ei mor'

ū-jōt

ⲟⲩⲉⲓⲱⲧ

'ein far'

t-maʔū

ⲧⲙⲁⲁⲩ

'mora'

p-jōt

ⲡⲉⲓⲱⲧ

'faren'

hen-maʔū

ϩⲉⲛⲙⲁⲁⲩ

'mødrer'

hen-jōt

ϩⲉⲛⲉⲓⲱⲧ

'fedrar'

ǝn-maʔū

ⲛ︤ⲙⲁⲁⲩ

'mødrene'

ǝn-jōt

ⲛ︤ⲉⲓⲱⲧ

'fedrane'

Formene viser at koptisk skil mellom ubundne og bundne former og mellom eintal og fleirtal. Det er vidare eit skilje mellom hokjønn og hankjønn i bunde eintal: t‑ ⲧ‑ i hokjønn og p‑ ⲡ‑ i hankjønn.

Når adjektiv blir nytta substantivisk, tek dei partiklane i tabellen ovanfor, som i ǝn‑bǝrre ⲛ︤ⲃⲣ︤ⲣⲉ 'dei nye'. Attributive adjektiv står oftast etter substantivet og tek ein eigen attributiv-partikkel, n‑ ⲛ‑ som i p‑tah ǝn‑bǝrre ⲡⲧⲁϩ ⲛ︤ⲃⲣ︤ⲣⲉ 'det nye landet', der p‑tah ⲡⲧⲁϩ tyder 'landet'.

På same måten er det med verbet, som i desse setningane, der verba står på grå bakgrunn, i ei form som blir kalla infinitiv:

ⲁⲫⲓⲗⲓⲡⲡⲟⲥ ⲟⲩⲱⲛ ⲛ︤ⲣⲱϥ ⲉⲁϥⲁⲣⲭⲉⲓ   'Filip opna munnen sin og byrja'
aphīlīppos wōn ǝnrōf eafarkhī

ⲁ-

ⲫⲓⲗⲓⲡⲡⲟⲥ

ⲟⲩⲱⲛ

ⲛ︤-

ⲣⲱ

ⲉ-

ⲁ-

ϥ-

ⲁⲣⲭⲉⲓ

a-

phīlīppos

wōn

ǝn-

-f

e-

a-

f-

arkhī

fortid

Filip

opne

objekt

munn

hans

og så

fortid

han

byrje

 

ⲁⲓϯⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ ⲛⲏⲧⲛ︤ ϩⲛ︤ⲟⲩⲙⲟⲟⲩ 'Eg har døypt dykk med vatn' (Markus 1,8)
aītībaptīsma nētǝn hǝnūmow

ⲁ-

ⲓ-

ϯ-

ⲃⲁⲡⲧⲓⲥⲙⲁ

ⲛⲏ-

ⲧⲛ︤

ϩⲛ︤-

ⲟⲩ-

ⲙⲟⲟⲩ

a-

ī-

tī-

baptīsma

nē-

tǝn

hǝn-

ū-

mow

fortid

eg

gi

dåp

til

dykk

med

ubunde

vatn

 

Framfor verbet finn vi subjektet og partiklar som uttrykkjer tid (tempus), aspekt og om setninga er stadfestande eller nektande.

 

Uttale

Tabell 1 viser dei tretti bokstavane i det koptiske alfabetet når ein skriv den sahidiske dialekten, med den uttalen som til vanleg blir presentert i moderne grammatikkar. Dei 24 første bokstavane, frå ⲁ til ⲱ, kjem frå det greske alfabet. Dei seks siste, frå ϣ til ϯ, er lånte frå den demotiske skrifta. Vokallengd er markert med makron ( ̄ ) i transkripsjonen, til dømes ē

Tabell 1

 

A

B

 

A

B

 

A

B

 

A

B

a

j

ī

r

ǝr

ϣ

ʃ

ǝʃ

b

ǝb

k

ǝk

s

ǝs

ϥ

f

ǝf

k

ǝk

l

ǝl

t

ǝt

ϩ

h

ǝh

t

m

ǝm

w

ū

ϫ

ʧ

ǝʧ

e

n

ǝn

ph

ϭ

c

ǝc

s

ks

ǝks

kh

ϯ

tj

ē

o

ps

ǝps

 

 

 

th

p

ǝp

ō

 

 

 

Dei fleste konsonantane har to uttalemåtar, ein ikkje-stavingsberande uttale, presentert i kolonne A, og ein stavingsberande uttale, presentert i kolonne B. Den ikkje-stavingsberande uttalen av ⲕ finn vi til dømes i kōt ⲕⲱⲧ 'byggje' og den stavingsberande uttalen i til dømes tǝkto ⲧⲕ︤ⲧⲟ 'gå rundt'. Det er vanleg, men ikkje konsekvent gjennomført, å setje ein strek over konsonantar med stavingsberande uttale. Streken står rett over bokstaven eller litt til venstre. I staden for ein vassrett strek kan ein òg nytte ein skråstrek, til dømes ⲧ̀ⲕⲧⲟ.

I tillegg finst det ein glottal lukkelyd, [ʔ], som blir skriven ved å doble bokstaven for den føregåande vokalen – jamfør tōʔbe ⲧⲱⲱⲃⲉ 'murstein' i avsnittet om ordhistorie.

Trykket ligg på ei av dei to siste stavingane i eit ord.

Språkforskarar som arbeider med koptisk, har rekonstruert den koptiske uttalen frå omkring 400 e.Kr., jamfør tabellane 2 og 3, der ikkje-stavingsberande variantar er presenterte. Også her er vokallengd merkt med makron i transkripsjonen.

Tabell 2. Rekonstruert uttale av konsonantane

LABIAL

ALVEOLAR

PALATAL

VELAR

GLOTTAL

 

 

 

 

 

 

ϭ

 

 

p

t

ϫ

c

k

–¹

ʔ

 

 

t'

ϫ

c'

k'

 

 

β

d

 

 

g

 

 

ϥ

f

s

ϣ

ʃ

 

 

ϩ

h

 

 

z

 

 

 

 

 

 

m

n

 

 

 

 

 

 

ⲟⲩ / ⲩ

w

l

ⲉⲓ / ⲓ

j

 

 

 

 

 

 

r

 

 

 

 

 

 

¹ [ʔ] er skriven ved dobling av ein vokalbokstav, som nemnt ovanfor.

 

Tabell 3. Rekonstruert uttale av vokalane

TRYKKSVAK

TRYKKSTERK

KORT

KORT

LANG

 

 

 

 

 

 

ⲉⲓ / ⲓ

ī

ⲟⲩ

ū

– / ⲉ

ǝ

e

 

ē

ō

a

a

 

 

 

 

Mest påfallande er at ein meiner at koptisk hadde dei ejektive konsonantane / t' c' k' /. Språket hadde ikkje noko skilje mellom ustemde uaspirerte og ustemde aspirerte lukkelydar, slik tabell 1 gir inntrykk av. I staden må ph ⲫ, th ⲑ og kh ⲭ oppfattast som konsonantgrupper.

 

Litteratur

James P. Allen: The Ancient Egyptian Language. An Historical Study. Cambridge 2013

Jaroslav Černý: Coptic Etymological Dictionary. Cambridge, London, New York og Melbourne 1976

Bentley Layton: Coptic in 20 Lessons. Introduction to Sahidic Coptic With Exercises & Vocabularies. Leuven, Paris og Dudley 2007

Antonio Loprieno: Ancient Egyptian. A linguistic introduction. Cambridge 1995

Nabil Mattar: A Study in Bohairic Coptic. Pasadena 1990

Richard Smith: A Concise Coptic-English Lexicon. 2. utg. Atlanta 1999

C.C. Walters: An Elementary Coptic Grammar of the Sahidic Dialect. Warminster 1972

Ahmad Abdel-Hamid Youssef: From Pharaoh's Lips. Ancient Egyptian Language in the Arabic of Today. Kairo og New York 2003


Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997 Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 03.12.2020
Sist oppdatert: 04.12.2020