Faktaboks

korsikansk
Språkkodar
co, cos (CO, COS)
ISO-639:3
cos
Panneaux indicateurs
Veiskilt på Korsika med tekst på fransk og korsikansk.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Flagg
«A bandera testa mora», ‘flagget med maurarhovud’ – det korsikanske flagget.
Flagg
Av .

Korsikansk er eit språk som høyrer til blant dei romansk språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Det finst ingen offisielle tal for kor mange som snakkar korsikansk. Det er eit utbreitt syn at kring halvparten av dei litt over 300 000 innbyggjarane på Korsika snakkar språket, pluss like mange i andre delar av Frankrike, på grunn av stor utflytting frå øya. UNESCO reknar korsikansk som eit truga språk.

Det bur kring 1000 menneske som snakkar korsikansk lengst nord på Sardinia og på øya La Maddalena ved nordenden av Sardinia. Denne varianten av korsikansk er kjend under namnet galluresisk.

Ei fransk lov av 1951, loi Deixonne, gav løyve til undervisning i dei franske regionalspråka baskisk, bretonsk, katalansk og oksitansk. I 1974 blei lova utvida til også å gjelde korsikansk. Frankrike har ikkje ratifisert Den europeiske pakta om regionalspråk eller minoritetsspråk, og fransk er det einaste offisielle språket på Korsika.

Korsika heiter Còrsica eller a Còrsica på korsikansk, og ein innbyggjar på øya heiter corsa (hokjønn) eller corsu (hankjønn). Språket heiter a lingua corsa ‘det korsikanske språket’ eller corsu ‘korsikansk’. Korsika er ein region i a Francia ‘Frankrike’.

Språkfamilie

Korsikansk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har to greiner, austromansk (rumensk/moldovisk) og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i to, italo-dalmatisk og vestromansk. Korsikansk er eit italo-dalmatisk språk.

Korsikansk har svært mange likskapstrekk med toskansk og blir i nokre tilfelle rekna som ein variant av italiensk.

Det er relativt store dialektskilnader i korsikansk, med eit hovudskilje mellom nordlege og sørlege dialektar. I dei sørlege dialektane er mellom anna gamal [ll] blitt til [ɖɖ] (lang stemd, retrofleks plosiv) slik at ‘vakker’ heiter bellu [ˈbɛllu] i nordlege dialektar og beddu [bɛɖɖu] i sørlege dialektar, jamfør latin bellum ‘vakker’.

I Bonifacio, ved sørspissen av Korsika, blir også talt ein italiensk dialekt (bunifazzinu) som er nærskyldt ligurisk. Denne dialekten blir no talt av eit mindretal av befolkninga og er ikkje offisielt anerkjent. Dialekten har lydendringar som tydeleg demonstrerer slektskap med ligurisk (moderne italiensk dialekt) for eksempel fiamma 'flamme' > sciamma, piombo 'bly' > ciungiu.

Språkhistorie

Etter over 300 år med gresk, etruskisk og kartagisk styre blei Korsika ein del av Romarriket i 237 før vår tidsrekning. Etter dette fekk latin fotfeste på øya og hadde truleg for lenge sidan fortrengt tidlegare språk då Vestromarriket gjekk under i år 476. Frå 900-talet til 1100-talet hadde den italienske staten Pisa makta på Korsika, og frå 1200-talet til 1600-talet staten Genova, og språkutviklinga på Korsika følgde i stor grad den italienske. I heile denne perioden var italiensk språket i administrasjon og kyrkje.

Etter eit kvart hundreår med fridomskamp blei Korsika ein sjølvstendig stat i 1735, med italiensk som offisielt språk og med flagget a bandera testa mora ‘flagget med maurarhovud’. I 1769 – året då Napoléon Bonaparte (Napulione Buonaparte på korsikansk) blei fødd i Aiacciu, hovudstaden på Korsika – la Frankrike Korsika under seg, og øya har sidan vore ein del av Frankrike. Italiensk var likevel offisielt språk på Korsika heilt til 1859. Då tok fransk over, og dette språket har fått ein stadig sterkare posisjon på øya. Mange fransktalande frå Frankrike og Algerie har slått seg ned på øya, og innflyttarane lærer seg ikkje korsikansk. Samtidig har mange korsikanarar flytta bort frå øya av økonomiske grunnar, slik at det i dag bur like mange på det franske fastlandet og andre stader.

Først på 1800-talet byrja korsikanarane å skrive korsikansk. I 1817 fekk forfattaren Salvatore Viale (1787–1861) trykt den første teksten på korsikansk, U sirinatu di Scappinu ‘Scappinu-serenaden’. Forfattaren og filologen Francesco Domenico Falcucci (1835–1902) laga den første korsikanske ordboka, Vocabolario dei dialetti della Corsica, som kom ut i 1915. Språkforskaren Pascal Marchetti (fødd 1925) har hatt stor påverknad på utforminga av det korsikanske skriftspråket.

Språksystem

Korsikansk er nærmast i slekt med italiensk, og her er ei jamføring som viser kva «Fader vår, du som er i himmelen, la namnet ditt helgast» heiter på fransk, oksitansk, korsikansk og italiensk:

Fransk Oksitansk Korsikansk Italiensk
Notre Père qui es aux cieux, que ton nom soit sanctifié. Paire nòstre que siès dins lo cèl, que ton nom se santifique. Patre nostru chì sì in celu, ch’ellu sia santificatu u to nome. Padre nostro che sei nei cieli, sia santificato il tuo nome.

Her er nokre ord i latinsk, italiensk, korsikansk, oksitansk og fransk form:

Latin Italiensk Korsikansk Oksitansk Fransk Norsk
mātrem madre matre maire mère ‘mor’
gūstum gusto gustu gost goût ‘smak’
amīcam amica amica amiga amie ‘veninne’
clāvem chiave chjave clau clé ‘nøkkel’

Uttale

Som nemnt i avsnittet om språkhistorie, er det store dialektskilnader på Korsika.

Ortografisk har korsikansk h fremst i nokre ord, men han blir ikkje uttalt, jamfør [ɛː] ‘(ho/han/det) er’ og [ɑː] ‘(ho/han) har’. Konsonantane c(i), g(i), sc(i), sg(i) har ikkje med i-en i parentes framfor e, i, berre framfor a, o, u. Konsonantane c(h), g(h) har ikkje med h-en framfor a, o, u, berre framfor e, i. Bokstaven v blir stort sett uttalt på same måten som b, til dømes veni cù mè ! [ˈbɛni ɡumˈmeː] ‘kom med meg!’, men blir uttalt [v] i nokre ord, som sèrvici ! [ˈsɛrvidʒi] ‘servér oss!’.

Konsonantane p, b, f, v, t, d, z, s, c(i), chj, ghj, c(h), g(h), qu, gu – som blir kalla cambiarine ‘vekslingslydar’ på korsikansk – kan uttalast på to måtar kvar. Nokre døme: basta basta ! [ˈbɑstɑ ˈwɑstɑ] ‘no er det nok!’ (eigentleg ‘nok nok!’), seccu seccu [ˈsɛkku ˈzɛkku] ‘heilt tørr’ (eigentleg ‘tørr tørr’), una caspa d’uva [uːnɑ ˈɡɑspɑ ˈðuːwɑ] ‘ein drueklase’, hanu fattu cena [ˈɑːnu ˈvɑttu ˈdʒɛːnɑ] ‘dei har ete middag’ (eigentleg ‘dei har gjort middag’), fora ! [ˈfoːrɑ] ‘ut!’. Eit unntak: Trebokstavgruppene chj og ghj, som er særeigne for korsikansk og blir kalla l’intricciate ‘dei intrikate’ – blir alltid uttalte [tɕ] og [dʑ] inne i ord, som i u ghjinochju [u jiˈnotɕu] ‘kneet’ og oghje [ˈodʑɛ] ‘i dag’.

Akkurat som italiensk har korsikansk fonosyntaktisk fordobling. Konsonanten fremst i eit ord blir fordobla etter ord som endar på ein vokal som er merkt i skrift med ein gravis-aksent (`) – l’aletta på korsikansk – og etter nokre få andre ord. Nokre døme: a Còrsica hè bella [ɑ ˈɡorsiɡɑ ɛbˈbɛllɑ] ‘Korsika er vakker’, Petru hè partutu [ˈpeːdru ɛppɑrˈtuːtu] ‘Per har dratt’, chjama à Petru ! [ˈtɕɑːmɑ ɑpˈpeːdru] ‘rop på Per!’, hà fattu una prighera à a Vèrgine Marìa [ɑfˈfɑttu uːnɑ briˈɣeːrɑ ɑ ɑ ˈwɛrdʒinɛ mɑˈriːɑ] ‘ho/han har bede til jomfru Maria’. I Baccalà per Còrsica ! [bɑkkɑˈlɑppɛkˈkorsiɡɑ] ‘torsk for Korsika!’ blir per ‘for’ uttalt som om det var skrive .

På korsikansk ligg trykket oftast på ei av dei tre siste stavingane, som i a qualità [ɑ ɡwɑliˈdɑː] ‘kvaliteten’, a cena [ɑ ˈdʒeːnɑ] ‘middagen’, a Còrsica [ɑ ˈɡorsiɡɑ] ‘Korsika’, men trykk på fjerde siste staving førekjem òg.

Lånord

Italiensk var offisielt språk på Korsika i over 800 år, fram til 1858, og dei franske styresmaktene heldt ved lag den italienskpåverka skrivemåten av stadnamna på øya – til dømes Ajaccio, Bastia, Bonifacio og Portovecchio. På fransk blir likevel desse stadnamna uttalte som om dei var franske, slik at Ajaccio blir uttalt [aʒaksjo], ikkje [aˈjattʃo], som på italiensk. På korsikansk heiter dei same stadene Aiacciu, Bastia, Bunifaziu og Portivechju.

I 1990-åra gjekk franske styresmakter med på at vegskilta på Korsika skulle vere tospråklege, slik at det no står til dømes ajaccio aiacciu og école scola ‘skule’. Over heile øya ser ein at folk set strek over dei italienske og franske orda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg