Faktaboks

latvisk

lettisk

Eige namn
latviešu valoda
Norsk namn
latvisk
Engelsk namn
Latvian
Uttale
lˈatvisk
Land

Latvia

Skriftsystem

latinsk

Språkkodar
lvs (LVS)
ISO-639:3
lvs
/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Latvisk er eit baltisk språk som høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Latvisk er førstespråket til kring 1,4 millionar menneske i Latvia og litt over 100 000 andre stader i verda. Latvisk blir skrive med det latinske alfabetet.

Latvisk er offisielt språk i Latvia.

Endonymet for landet Latvia er Latvija eller Latvijas republika ‘Republikken Latvia’, medan språket heiter latviešu valoda ‘språket til latviarane’. Latvietis (hankjønn) og latviete (hokjønn) tyder ‘latviar’. Hovudstaden heiter Rīga.

Utbreiing

Latvisk blir først og fremst tala i Latvia, der cirka 60 prosent av befolkninga har språket som morsmål. I tillegg har cirka 30 prosent av innbyggjarane kunnskapar i latvisk som andrespråk. Som følgje av fleire bølgjer med utvandring frå Latvia dei siste århundra finn vi latvisktalande minoritetar i mange land, mellom anna Russland, USA, Canada, Sverige og fleire andre vesteuropeiske land. I Norge budde det i 2022 cirka 13 500 personar med latvisk bakgrunn, og fleirtalet av desse snakkar truleg latvisk som morsmål eller som andrespråk.

Språkfamilie

Latvisk høyrer, saman med litauisk og det utdøydde språket gammalprøyssisk, til den baltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Samanlikna med det meir gammalmodige (arkaiske) litauisk har latvisk gått gjennom ei rekkje sekundære endringar, til dømes fiksering av trykket på første staving; bortfall, høvesvis forkorting, av vokal i utlydande staving; forskyving av k og g til høvesvis c ([ts]) og dz framfor fremre vokal eller j; bortfall (med erstatningsforlenging) av -n- mellom vokal og konsonant. Eit illustrerande døme er latvisk piecas ‘fem’, som på litauisk er penkios.

Språklege særtrekk

Ordtilfang

Grunnstammen i det latviske ordtilfanget er ord som er nedervde frå det indoeuropeiske urspråket. Mange av desse orda er i slekt med ord vi kjenner frå norsk, til dømes saule ‘sol’, mēness ‘måne’, divi ‘(talet) to’ og bērns ‘barn’.

Latvisk har gjennom lang tid hatt nær kontakt med austersjøfinske språk, først og fremst med livisk. Det har sett spor på alle nivå i språket, også i ordtilfanget. Nokre døme på latviske ord av austersjøfinsk opphav er sēne ‘sopp’ (livisk sēń, estisk seen), puika ‘gutt’ (livisk puoga, estisk poeg, finsk poika) og maksa ‘betaling’ (livisk og estisk maks).

Ein finn mange spor av påverknad frå andre språk i det latvisk, ikkje uventa i lys av historia. Til dømes var påverknaden frå tysk – først lågtysk, seinare òg høgtysk – intens frå 1200-talet og frametter. Dei tyske lånorda i latvisk er ofte attkjennelege for nordmenn, for ofte blei dei same orda lånte òg i norsk. Nokre døme på det er bikses ‘bukse’, īrēt ‘leie, hyre’, rēķināt ‘regne’, skurstenis ‘skorstein’, šķiņķis ‘skinke’, vinnēt ‘vinne’ og ziepes ‘såpe’. I dag har engelsk avløyst tysk og russisk som den fremste kjelda til lånord i latvisk.

Latvisk har mange personnamn av nordisk opphav, til dømes Arvīds, Astrīda, Egils, Einārs, Ēriks, Haralds, Ingrīda, Ingūna, Ingvars, Ivars, Knuts, Olavs, Vidars og Zīgurds.

Uttale

Latvisk har fast trykk på første staving, eit trekk som skil det frå litauisk og som truleg kjem av påverknad frå dei austersjøfinske språka. Språket har seks korte og seks lange vokalar. I skrift blir lengd markert med ein strek (makron) over vokalen (bortsett frå lang o, som ein berre finn i lånord).

Vokalar:

skrift uttale
a kort a
ā lang a
e kort e eller kort æ
ē lang e eller lang æ
i kort i
ī lang i
o diftongen uo, kort o eller lang o
u kort u
ū lang u

Når det gjeld konsonantane, kan ein merkje seg dei palatale lydane som i skrift blir markerte med komma over eller under: ķ, ģ, ņ og ļ. Dei ustemde plosivane p, t, ķ og k blir uttala utan aspirasjon (i motsetnad til i norsk). Bokstavane c og č står for dei ustemde affrikatane ts og tsj.

I det latviske standardspråket skil ein mellom tre ulike tonem i lange stavingar: jamn, fallande og broten tone. Dette systemet er bevart berre i eit mindre dialektområde, og dei fleste med latvisk som morsmål skil berre mellom to tonem.

Grammatikk

Det latviske substantivsystemet har to grammatiske kjønn, og i stor grad kan ein sjå om eit substantiv har hankjønn eller hokjønn etter endinga i nominativ eintal: Endingane -s, -is og -us indikerer hankjønn, medan -a og -e indikerer hokjønn. Det finst òg ei lita gruppe hokjønnsord på -s.

Tradisjonelt reknar ein med at latvisk har seks kasus, men formene i ein av kasusa, instrumentalis, er alltid like akkusativ i eintal og dativ i fleirtal. Kasusendingane indikerer kva grammatisk funksjon ordet har i setninga. Her er eit døme:

subjekt verb indirekte objekt direkte objekt
Es dodu māsai ābolu
‘eg’ ‘gir’ ‘syster’ ‘eple’

‘Eg gir syster mi eit eple.’

På latvisk skil ein ikkje mellom bunden (bestemd) og ubunden (ubestemd) form på substantiv, men bestemtheit blir uttrykt på adjektiv: zaļa zāle ‘grønt gras’, zaļā zāle ‘det grøne graset’.

Latviske verb blir bøygde i tre syntetiske verbtider: fortid, nåtid og framtid:

es zvanīju ‘eg ringde’ – es zvanu ‘eg ringjer’ – es zvanīšu ‘eg skal ringje’

I tillegg har språket fleire samansette verbtider med hjelpeverb og partisipp. Verba blir bøygde i person og tal, men formene i tredje person eintal og fleirtal er alltid identiske:

viņa zvanīja ‘ho ringde’, viņš zvanīja ‘han ringde’, viņi zvanīja ‘dei ringde’

Latviske verb har fleire modi. Ein av desse formene er debitiv, som ein bruker for å uttrykkje at noko skal eller må skje eller gjerast. Debitiv blir danna med forstavinga jā-. Det som er i ei vanleg setning er objekt i akkusativ, får i debitivkonstruksjonen nominativ kasus. Den som skal/må gjere noko, står i dativ.

man (ir) jāiet ‘eg må gå’

man (ir) jāraksta vēstule ‘eg må skrive eit brev’

Språkhistorie

Den eldste overlevande trykte teksten på latvisk er eit fadervår frå 1550, og den eldste overlevande trykte boka er ei katolsk katekisme frå 1585.

Fram til 1800-talet var det latviske språket sterkt påverka av tysk fordi den lokale overklassen var baltiske tyskarar. Grunnlaget for det moderne latviske standardspråket blei lagt i perioden frå 1850- til 1880-åra av den kulturelle og litterære rørsla Jaunlatvieši (Unglatviarane).

Den moderne latviske rettskrivinga, som etter kvart erstatta den eldre rettskrivinga, blei utvikla i 1908 av dei latviske språkforskarane Kārlis Mīlenbahs og Jānis Endzelīns.

To latviske skriftspråk

Den austlege delen av Latvia, landskapet Latgale, var i fleire hundreår skilt frå resten av landet ved at det låg under polsk dominans. Det gjer seg utslag i kulturelle, religiøse og språklege skilnader mellom Latgale og resten av Latvia. Frå 1700-talet har Latgale hatt ein eigen skrifttradisjon med eit skriftspråk bygd på talemåla i Latgale.

Det latgaliske skriftspråket (latgalisk: latgaļu volūda, standardlatvisk: latgaliešu valoda) opplevde ei bløming i perioden frå 1918 til 1934, men blei undertrykt under Kārlis Ulmanis og seinare under den sovjetiske okkupasjonen. I dag har det latgaliske skriftspråket eit visst vern og er nemnt i Latvias språklov. Latgalisk har kome noko meir i bruk dei seinare tiåra, men er framleis lite synleg i den offentlege sfæren.

Det er ulike meiningar blant språkvitarar om latgalisk bør reknast som eit eige austbaltisk språk eller som ein regional variant av latvisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg