Hopp til innhold
X
Innhald

Lulesamisk

Bygda Kvikkjokk har eit lulesamisk namn på svensk og eit svensk namn på lulesamisk.

Ordhistorie

Den svenske fjellbygda Kvikkjokk ligg i Jokkmokk kommune. På svensk har staden eit namn – Kvikkjokk – som har opphav i det lulesamiske Guojkkajåhkå ‘Fosselva’, eit eldre namn på elva som no heiter Gamájåhkå ‘Bulderelva’ på lulesamisk og Kamajokk på svensk. Det budde berre samar i Kvikkjokk fram til 1659, då det blei oppdaga sølvmalm på staden. Snart blei det bygt ei smeltehytte der, og det svenske ordet hyttan er opphavet til det lulesamiske namnet på staden – Huhttán.

Språkfamilie

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk. Lulesamisk er eitt av ni levande samiske språk.

Sjå også artikkelen Samiske språk.

Språkhistorie

Det første lulesamiske skriftspråket blei etablert av presten Lars Levi Læstadius (1800–1861), som mellom 1839 og 1844 gav ut fire tekstar på lulesamisk, mellom anna bøkene Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan (1839) ‘Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande’ og Tåluts Suptsasah, Jubmela pirra ja Almatji pirra (1844) ‘Gamle forteljingar, om Gud og om mennska’. Desse bøkene var dei første bøkene som er skrivne på samisk i utgangspunktet – alle tidlegare bøker på samiske språk var omsetjingar.

Karl Bernhard Wiklund (1868–1934) utvikla ei ny rettskriving først på 1900-talet. Ei tredje rettskriving kom etter andre verdskrigen, utvikla på grunnlag av den nordsamiske rettskrivinga til Knut Bergsland (1914–1998) og Israel Ruong (1903–1986) frå 1948. Ei fjerde rettskskriving, utarbeidd av Lulesamisk språknemnd, blei vedteken i 1983.

31. juli 1994 opna kong Harald Árran – julevsáme guovdásj ‘Eldstaden – lulesamisk senter’ i Ájluokta/Drag i Tysfjord. Her blir det mellom anna halde kurs i lulesamisk, og senteret har ein barnehage, Árran Mánnágárdde, der lulesamisk er hovudspråket.

Språksystem

Medan vi på norsk legg til adverbet ikkje i ei setning for å uttrykkje nekting, til dømes eg kjem ikkje, har lulesamisk – og andre samiske språk og mange andre finsk-ugriske språk – eit eige hjelpeverb som tyder ‘ikkje’. Iv, ij, ittjiv og ittjij i venstre kolonne i tabellen nedanfor er bøyingsformer av dette nektingsverbet.

LULESAMISK

NORDSAMISK

NORSK

boadáv

boađán

‘eg kjem’

boahtá

boahtá

‘ho/han kjem’

båhtiv

bohten

‘eg kom’

bådij

bođii

‘ho/han kom’

iv boade

in boađe

‘eg kjem ikkje’

ij boade

ii boađe

‘ho/han kjem ikkje’

ittjiv boade

in boahtán

‘eg kom ikkje’

ittjij boade

ii boahtán

‘ho/han kom ikkje’

Nektingsverbet blir bøygd i person/tal og tid, til dømes slik at iv tyder ‘ikkje+eg+notid’, ij tyder ‘ho/han+ikkje+notid’, ittjiv tyder ‘ikkje+eg+fortid’ og ittjij tyder ‘ikkje+ho/han+fortid’. I ei setning utan nekting blir hovudverbet bøygd i person/tal og tid, som vist med dei fire øvste døma i tabellen ovanfor. Når setninga inneheld eit nektingsverb, står derimot hovudverbet i ei uforanderleg form, boade.

Tidsbøyinga av nektingsverbet har lulesamisk til felles med sørsamisk, umesamisk og pitesamisk, medan andre samiske språk alltid uttrykkjer tid i hovudverbet, som vist med nordsamiske døme i tabellen – boađe blir nytta i presens og boahtán i fortid – medan nektingsverbet berre uttrykkjer person/tid. Lulesamisk har her eit konservativt system, som er blitt borte lenger nord. Interessant nok liknar dei samiske språka nordanfor lulesamisk på finsk og nordestisk på dette punktet, medan lulesamisk og dei samiske språka lenger sør har det same gamle systemet som sør- og austestisk.

Uttale

Det lulesamiske alfabetet ser slik ut: Aa, Áá, Bb, Dd, Ee, Ff, Gg, Hh, Ii, Jj, Kk, Ll, Mm, Nn, Ŋŋ, Oo, Pp, Rr, Ss, Tt, Uu, Vv, Åå, Æ/Äæ/ä. Bokstaven Ææ blir nytta i Noreg og Ää i Sverige. Det lulesamiske lydsystemet liknar det nordsamiske, men lulesamisk nyttar ikkje bokstavane Cc, Čč, Šš, Zz, Žž. Lydane [ð] og [θ], som blir skrivne Đđ og Ŧŧ på nordsamisk, finst ikkje i lulesamisk. Lulesamisk tjietjav tsitsátja ‘sju små sporvar’ kan jamførast med nordsamisk čieža cizáža.

Trykket ligg så å seie alltid på den første stavinga i ordet, som i skåvllåmánná [ˈskowᵒlomaːnnaː] ‘skulebarn’, ‘elev’. Vokalsystemet er forskjellig i (i) trykksterk førstestaving, (ii) trykklett andrestaving og (iii) trykklett tredjestaving. Trykksterk førstestaving har desse monoftongane og diftongane:

i [i]

u [u]

i [iː]

u [uː]

ie [ie]

uo [uo]

e [e]

å [o]

e [eː]

å [oː]

æ/ä [eɛ]

oa [oɔ]

a [a]

á [aː]

I trykklett andrestaving og trykklett tredjestaving finn vi desse to systema:

i [i]

u [u]

e [ie, eː]

o [uo]

i [i]

u [u]

å [o]

å [oː]

e [e]

a [a]

á [aː]

a [a]

Som det går fram av tabellane ovanfor, blir ikkje alle skilnader i vokallengd markerte i skrift. I ord med fire eller fleire stavingar har den tredje stavinga sekundærtrykk og eit vokalsystem som liknar det i førstestavinga. Når det gjeld konsonantane, må vi mellom anna skilje mellom systema (i) fremst i ordet, (ii) mellom første og andre staving, (iii) mellom andre og tredje staving og (iv) sist i ordet. Tradisjonelt har lulesamisk – eller alle samiske språk – berre hatt éin konsonant fremst i ordet, men dette er blitt endra gjennom lånord, som i begge ledda i det samansette ordet skåvllå-klássa ‘skule-klasse’. Sist i ordet kan det ikkje stå meir enn éin konsonant, med nokre få unntak. Fremst i ord finn vi desse einskildkonsonantane:

b [p]

d [t]

ts [ts]

tj [tʃ]

g [k]

p [pʰ]

t [tʰ]

k [kʰ]

f [f]

s [s]

sj [ʃ]

h [h]

m [m]

n [n]

nj [ɲ]

r [ɾ]

v [ʋ]

l [l]

j [j]

Mellom første og andre staving finn vi desse einskildkonsonantane, åleine eller i geminatar og grupper:

b [p]

ts [ts]

tj [tʃ]

g [k]

f [f]

s [s]

sj [ʃ]

h [h]

m [m]

n [n]

nj [ɲ]

ŋ [ŋ]

r [ɾ]

v [ʋ]

l [l]

j [j]

Sist i ord finn vi einskildkonsonantane p [ʰp], t [ʰt], k [ʰk], m [m] n [n], s [s], sj [ʃ], v [w], r [ɾ], l [l], j [j] og nokre frå konsonantgrupper, som st [st].

Litteratur om lulesamisk

Harald Grundström: Lulelapsk ordbok (Lulelappisches Wörterbuch). Waverly Press, Baltimore 1954

Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 153–156 handlar om lulesamisk)

Nils-Eric Spiik: Lulesamisk grammatik. Sameskolstyrelsen, Luleå 1989

Nils-Eric Spiik: Lulesamisk ordbok: svensk–samisk. Sameskolstyrelsen, Jokkmokk 1994

Peikarar

Lulesamisk ordliste der orda blir uttalte: http://lexin.nada.kth.se/lang/trio/ls/lulesamiska.htm

«Sámásta», kurs i lulesamisk: http://www.ur.se/samasta/index.html

«Lulesamiska på webben», på nettsidene til det svenske Sametinget: http://www.sametinget.se/1082

Tilrådd litteratur om språk i verda

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 08.03.2017