Faktaboks

luxemburgsk

luxembourgsk, lëtzebuergesch, letzeburgesch

Språkkodar
lb, ltz (LB, LTZ)
ISO-639:3
ltz

Luxemburgsk er eit germansk språk som er førstespråket til over 300 000 av dei 486 000 innbyggjarane i Luxembourg og kring 90 000 menneske i Belgia, Frankrike og Tyskland. Luxemburgsk har status som nasjonalspråk i Luxemburg og er offisielt språk der, i tillegg til tysk og fransk. Språket blir nytta i alle samanhengar i samfunnet, som skular, domstolar, radio og TV, men tysk og fransk er meir nytta som skriftspråk.

Språkfamilie

Luxemburgsk er ein moselfrankisk variant av vestmellomtysk, som er ei undergruppe av den høgtyske greina av vestgermansk. Dei vestgermanske språka utgjer, i lag med nordgermansk (nordisk) og austgermansk (det utdøydde gotisk), den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

På 1800-talet var luxemburgsk berre talespråk, og høgare samfunnslag nytta fransk for å understreke den sosiale statusen sin. Då Luxemburg fekk den første grunnlova si i 1846, blei ikkje det luxemburgske språket nemnt, og tysk og fransk var valfrie offisielle språk. Så seint som i 1896 vraka den luxemburgske nasjonalforsamlinga eit framlegg om å godkjenne luxemburgsk som eit eige språk.

5. juni 1946 blei det presentert ei «offisiell luxemburgisk rettskriving» – ofizjel lezebuurjer ortografi, eller OLO, utforma slik at skriftspråket skulle skilje seg sterkt frå tysk. OLO blei ikkje nytta så mykje, og i 1975 innførte regjeringa ei ny rettskriving, som i større grad følgjer tyske konvensjonar. OLO-skrivemåten ofizjel lezebuurjer ortografi blei til Offiziell Lëtzebuerger Orthographie. Nokre revisjonar kom i 1999.

Språksystem

Dei mellomtyske målføra har drag sams med både lågtysk og høgtysk. Luxemburgsk Af 'ape', bäissen 'bite' og Baach 'bekk' viser den høgtyske lydforskyvinga, der urgermansk p, t, k blei til [f, s, x], nett som i (standard) tysk Affe 'ape', beißen 'bite' og Bach 'bekk', medan lågtysk har halde ved lag dei urgermanske konsonantane: Aap 'ape', bieten 'bite' og Beek 'bekk'. Men endringa frå urgermansk d til høgtysk t, som (standard) tysk Tag 'dag', Tier 'dyr' og Tür 'dør', har ikkje skjedd i luxemburgsk, som har Dag 'dag', Déier 'dyr' og Dir 'dør' med d, på same måten som lågtysk Dag 'dag', Deert 'dyr' og Döör 'dør'.

Sidan luxemburgsk blir talt i eit land der mellom anna også fransk er offisielt språk, har det ein god del lånord frå dette språket:

  • Zossiss, 'pølse', frå fransk saucisse
  • Prisong, 'fengsel', frå fransk prison
  • Wallis, 'koffert', frå fransk valise
  • Pompjeeën, 'brannvern', frå fransk pompiers
  • merci, 'takk', frå fransk merci

Grunnord

Landet heiter Lëtzebuerg og språket Lëtzebuergesch. Det offisielle landsnamnet er Groussherzogtum Lëtzebuerg, 'Storhertugdømet Luxemburg', i tillegg til det tyske og det franske namnet på landet. Ein mann frå Luxemburg er ein Lëtzebuerger, og ei kvinne er ei Lëtzebuergerin.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg