Hopp til innhold
X
Innhald

Malayisk

Frå malayisk kjem både amok, batikk, bambus, ketsjup og orangutang.

Ordhistorie
Amok, batikk, bambus, ketsjup og orangutang er mellom dei best kjende lånorda våre frå malayisk. På malayisk heiter dei amuk 'raseriutbrot', batik 'blomstrete', 'mønstrete', bambu 'bambus', kecap 'saus', 'duppe' og orang hutan 'skogbuar', 'orangutang'. Kecap 'saus', 'duppe' er opphavleg eit kinesisk ord – på ein sørkinesisk dialekt, amoy-dialekten, har dei ordet ketsiap, som tyder 'fiskesaus'.
 
Språkfamilie
Malayisk høyrer til den malayo-polynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Malayo-polynesisk har to greiner: borneo-filippinsk og nukleær malayo-polynesisk. Nukleær malayo-polynesisk har igjen to greiner: sunda-sulawesisk og sentral-austleg malayo-polynesisk. Malyisk høyrer til den sunda-sulawesiske greina.
 
Språkhistorie
Malayisk har namnet sitt etter fyrstedømet Melayu 'Malaya' på Sumatra. På 600-talet blei Malaya lagt under Sriwijaya-imperiet, der malayisk var kansellispråk. Imperiet eksisterte fram til 1200-talet, då det malayiske språket var veletablert på begge sider av Malakkasundet. Etter kvart blei eit forenkla malayisk, melayu pasar 'basar-malayisk', handelsspråket i heile den malayisk-indonesiske øyverda. I kolonitida brukte både britar og nederlendarar malayisk i administrasjonen, og det blei offisielt språk i Malaysia og Indonesia. På ein kongress i Jakarta i 1928 vedtok unge indonesiske nasjonalistar ein resolusjon som kravde at det malayiske språket skulle bli fellesspråket i eit framtidig fritt Indonesia, under namnet bahasa Indonesia.
 
Malayisk har lånord frå mange språk, mellom anna sanskrit, arabisk, persisk, kinesisk, portugisisk, nederlandsk og engelsk. 'Bok' heiter både pustaka (sanskrit), kitab (frå arabisk) og buku (frå engelsk/nederlandsk).
 
Språksystem
Malayisk har eit rikt system av prefiks og suffiks for å lage nye ord. Tek vi substantiva uang 'pengar', nama 'namn', isteri 'kone' og sabun 'såpe' og legg til prefikset ber‑, får vi beruang 'ha pengar', bernama 'heite', beristeri 'vere gift' og bersabun 'bruke såpe'. Legg vi ber- til cukur 'barbere', får vi bercukur 'barbere seg'. Reduplikasjon, det å seie eit ord to gonger, blir mykje brukt i malayisk grammatikk. Frå mata 'auge' og kuda 'hest' får vi mata-mata 'spion' og kuda-kuda 'staffeli'. Frå pulau 'øy' får vi pulau-pulau 'øyar' og frå sakit 'sjuk' får vi sakit-sakit 'støtt sjuk'. Legg òg merke til kepulauan 'øygruppe', 'arkipel', der pulau 'øy' har fått prefikset ke- og suffikset ‑an.
 
Uttale
Tidlegare hadde bahasa Malaysia ei engelskbasert rettskriving og bahasa Indonesia ei nederlandskbasert, men frå 1972 har dei same rettskrivinga. Java skifta då skrivemåte frå Djawa til Jawa, medan Djakarta og Surabaja blei endra til Jakarta og Surabaya. Språket har seks vokalar, skrivne med fem bokstavar:

 
 
 
i [i]
 
u [u]
 
 
 
 
 
 
e [e]
e [ǝ]
o [o]
 
 
 
 
 
 
 
a [a]
 
 
 
 

Her er konsonantane, dei i parentes finst berre i lånord:

 
 
p [p]
t [t]
c [tʃ]
k [k]
 
 
 
 
 
b [b]
d [d]
j [dʒ]
g [ɡ]
 
 
 
 
 
(f[f])
s [s]
(sy [ʃ])  
(kh[x]) 
h [h]
 
 
 
 
 
(z[z])
 
 
 
 
 
 
 
m [m]
n [n]
ny [ɲ]
ng [ŋ]
 
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
 
w [w]
l [l]
y [j]
 
 
 
 

Tidlegare blei malayisk skrive med det arabiske alfabetet.
 
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006


Sist oppdatert: 14.12.2017