Hopp til innhold
X
Innhald

Mandarin

Dei største ordbøkene har over 40 000 kinesiske teikn, men under 10 000 er i vanleg bruk. Ein må kjenne om lag 3000 teikn for å lese ei kinesisk avis.

Ordhistorie
Kaolin 'porselensleire' er lånt frå mandarin, og kjem av Gāolǐng 高 岭 'høgåsen', ein ås i byen Jǐngdézhèn 景德镇 i provinsen Jiāngxī 江西. Den kvite kaolinen har vore nytta for å lage porselen sidan 200 e.Kr.
 
Andre lånord frå sinittisk (mandarin og andre kinesiske språk, sjå avsnittet «Språkfamilie» nedanfor) har kome via japansk og engelsk, som rickshaw 'tohjuls vogn dregen av ein person', av japansk jinrikisha 人力車, der både jin 人 'menneske', riki 力 'kraft' og sha 車 'vogn', 'køyretøy' er lånte frå kinesisk, jamfør mandarin rénlìchē 人力車 'rickshaw'.
 
Foto: Kvitlauk, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Kvitlauk, flickr.com CC BY 2.0
 
 
Språkfamilie
Mandarin høyrer til den sinotibetanske språkfamilien, som har to hovudgreiner, sinittisk og tibetoburmansk. Til den sinittiske greina høyrer mandarin og ni andre språk: 吴 (medrekna shanghainesisk), yuè 粤 (kantonesisk), mǐn 闽 (medrekna taiwanesisk), xiāng 湘 (hunanesisk), kèjiā 客家 (hakka), gàn 赣 (jiangxinesisk), jìn 晋, huī 徽 og píng 平话.
 
Språkhistorie
Gamalkinesisk blei talt frå Shāng-dynastiet (1600–1046 f.Kr.) til Hàn-dynastiet (206 f.Kr.–220 e.Kr.), mellomkinesisk frå Suí-dynastiet til Sòng-dynastiet (960–1279 e.Kr.) og moderne kinesisk etter den tida. Dei klassiske verka i kinesisk litteratur, til dømes Analekta (Lún Yǔ 論語) av filosofen Konfutse (Kǒng Fūzǐ 孔夫子, 551–479 f.Kr.), blei skrivne i den gamalkinesiske perioden, og klassisk kinesisk, som bygde på gamalkinesisk, var det dominerande skriftspråket i Kina i 2000 år, til først på 1900-talet. Sidan slutten av 1920-talet har standardmandarin, som byggjer på talemålet i Beijing, teke over som det viktigaste skriftspråket i Kina.
 
Språksystem
På mandarin blir ikkje orda bøygde, og grammatiske tilhøve blir uttrykte ved ved hjelp av ordstilling og grammatiske småord. Substantivet 马 kan omsetjast med hest, hesten, hestar og hestane, etter samanhengen det står i. Pronomenet 我 kan omsetjast med både eg, meg og min/mi/mitt/mine.
 
Mandarin blir skrive med kinesiske teikn. Dei største ordbøkene har over 40 000 teikn, men under 10 000 er i vanleg bruk. Ein må kjenne 3000 teikn for å kunne lese ei avis. Teikna finst i to utgåver, tradisjonelle teikn og forenkla teikn. Dei forenkla teikn blei utvikla i Folkerepublikken Kina i 1950-åra, for å gjere det lettare å lære å lese og skrive. I Hongkong, Macao og utanfor folkerepublikken er dei tradisjonelle teikna framleis i bruk. Namnet Mao Zedong blir skrive 毛澤東 med tradisjonelle teikn og 毛泽东 med forenkla teikn.
 
Lær å skrive "takk" på mandarin, sjå video (engelsk tale):
 
 
Uttale
Det er utvikla mange system for å skrive mandarin med det latinske alfabetet. Viktigast er pīnyīn 拼音, som blei utvikla i 1950-åra, og som regjeringa i Folkerepublikken Kina har brukt sidan 1979. Vi bruker pīnyīn (norsk skrivemåte: pinyin) i denne artikkelen. Mandarin har seks vokalar:
 
 
 
i [i~ɨ]
ü [y]
 
u [u]
 
 
 
 
 
 
 
e [ǝ~e]
o [o (u)]
 
 
 
 
 
 
 
a [a~ɛ]
 
 
 
 
 
I blir normalt uttalt [i], men som ein [ɨ]-liknande vokal etter z, c, s, zh, ch, sh og r. E blir normalt uttalt om lag som [ə], men som [e] før og etter y/i. A blir normalt uttalt [a], men som [ɛ] i stavinga yan og i stavingar som endar på -ian, som qián 钱 'pengar'. O blir normalt uttalt [o], men som [u] framfor ng – jamfør Zhōngguó 中国 [ʈʂūŋkwó] 'Kina'.
 
Her er konsonantane i mandarin:
 
 
b [p]
d [t]
z [ts]
zh [ʈʂ]
j [tɕ]
g [ɡ]
 
 
 
p [pʰ]
t [tʰ]
c [tsʰ]
ch [ʈʂʰ] 
q [tɕʰ]
k [kʰ]
 
 
 
f [f]
 
s [s]
sh [ʂ]
x [ɕ]
h [x]
 
 
 
m [m]
n [n]
 
 
 
ng [ŋ]
 
 
 
w [w]
l [l]
 
r [ɹ]
y [j]
 
 
 
 
Alle konsonantane, med unntak av ng, kan stå fremst i ei staving. I slutten av ei staving finn vi berre n, ng eller r.
 
På mandarin kan tonar skilje ord frå kvarandre. Tonane blir skrivne med aksentteikn på vokalane: 妈 'mor', 麻 'hamp', 马 'hest' og 骂 'skjenne'.


Sist oppdatert: 15.12.2017