Faktaboks

maya

yukateko, yukateko maya.

Eige namn
màaya t’àan
Norsk namn
yucatekisk maya
Engelsk namn
Yucatec Maya
Uttale
mˈaja
ISO-639:3
yua

Maya er eit urfolkspråk som blir brukt på Yucatán-halvøya i Mexico. Det høyrer til mayaspråka og er førstespråket til om lag 800 000 menneske på Yucatán-halvøya i Mexico, pluss nokre tusen i Belize og Guatemala.

Nemninga maya blir også brukt om folk som snakkar dette språket, eller som blir rekna for å vere «innfødd» yukatekar. Ofte brukar ein andre etniske nemningar lokalt.

I 2003 fekk maya og 61 andre urfolkspråk i Mexico status som nasjonalspråk, og staten forplikta seg til å støtte utviklinga av desse språka. Nokre skular har innført ei tospråkleg interkulturell opplæring (Educación Intercultural Bilingüe), med opplæring i spansk og maya. Nokre radiostasjonar sender program på maya.

På maya heiter språket maaya t'aan 'mayaspråket'. Folk som høyrer til mayafolket, kallar ein wi'it' eller maaya wíinik 'maya-menneske'. Mexikoo [meʃikoː] og Uuyut'aan tyder 'Mexico' og 'Yucatán'.

Språkfamilie

Maya høyrer til ein språkfamilie med same namn. Opphavleg var maya (maaya t’aan) berre namnet på det språket me her skriv om, men sidan maya også blei teke i bruk som namnet på heile språkfamilien, har det blitt vanleg å kalle dette språket for yucatekisk maya, det vil seie ‘maya på Yucatán’, for å sleppe misforståingar.

Språkfamilien maya har to hovudgreiner: huastekisk og yucatekisk-kjerne-maya. Yucatekisk-kjerne-maya har greinene yucatekisk og kjerne-maya. Kjerne-maya deler me vidare i cholsk-tzeltalsk, q’anjob’alsk-chujsk og k’iche’isk-mamisk.

Det einaste maya-språket som har fleire talarar enn yucatekisk maya, er k’iche’ (quiché), som blir snakka av 1,9 millionar menneske i Guatemala.

Språkhistorie

Alle maya-språk stammar frå proto-maya, som truleg blei tala i Cuchumatanes-fjella i Guatemala for om lag 4000 år sidan. For 3000 år sidan byrja yukatekisk maya å skilje seg ut som eit eige språk. Dei fyrste representantane for den klassiske maya-kulturen (250–900 evt.) snakka cholsk-tzeltalske språk, men etter kvart kom òg yucatekisk maya med. Dette viser maya-hieroglyfane, skrifta som blei nytta i den klassiske maya-kulturen.

Seinare kom mayaene under påverknad frå aztekarane, som dominerte Mesoamerika frå 1300-talet til 1500-talet. Maya har mange lånord frå nahuatl, språket til aztekarane. Spanjolane hærtok Mesoamerika på 1500-talet og øydela mykje av den innfødde sivilisasjonen. Nokre mayaer byrja å skrive språket sitt med det latinske alfabetet og produserte mellom anna Chilam Balam-bøkene frå 1700- og 1800-talet, med gamle religiøse og historiske tekstar.

Språksystem

I norske setningar er det vanleg at subjektet kjem føre verbet og objektet etter, slik at me seier Jon åt den tortillaen. På maya kjem verbet fyrst, deretter objektet og til slutt subjektet, som i Tu hantah le waaho’ Hwaan ‘Juan åt den tortillaen’, der tu hantah tyder ‘åt’, le waaho’ tyder ‘den tortillaen’ og Hwaan er namnet Juan.

Verbsystemet er komplisert. Verbforma tu hantah tyder ikkje berre ‘åt’. Ho uttrykkjer at det er ei avslutta handling, at subjektet er i 3. person eintal, og at verbet har eit objekt.

Uttale

Det er mange måtar å skrive maya på, og maaya t’aan ‘maya-språket’ kan òg stavast mayă than. Me har nytta ei rettskriving som blei utvikla på slutten av 1980-talet av Academia de las Lenguas Mayas de Guatemala ‘Akademiet for maya-språk i Guatemala’, som blei skipa i 1984.

Maya har fem korte vokalar, i e a o u [i e a o u] og fem lange, ii ee aa oo uu [iː eː aː oː uː] – og desse konsonantane: p t tz ch k – p’ t’ tz’ ch’ k’ – b – s x h – m n – l – w y. Tz ch x står for [ts tʃ ʃ] og at konsonantar med apostrof (’) er ejektive.

Maya er eit tonespråk og skil mellom høg og låg tone, men tonane er normalt ikkje noterte i rettskrivinga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg