Hopp til innhold
X
Innhald

Meänkieli

På meänkieli kallar dei ein handduk hantuuki, medan finnane seier pyyheliina.

Ordhistorie
Meänkieli har lånt mange svenske ord, som kan skape vanskar i kommunikasjonen med finsktalande. Her er nokre svenske ord i meänkieli:
Norsk
Svensk
Meänkieli
Finsk
handduk, handkle
handduk
hantuuki
pyyheliina
gaffel
gaffel
kahveli
haarukka
glas, vindauge
glas, fönster
klasi
ikkuna
bleik
blek
pleeki
kalpea
Språkfamilie
Meänkieli høyrer til austersjøfinsk, saman med mellom anna finsk, kvensk, karelsk og estisk. Austersjøfinsk og samisk utgjer ei finsk-samisk grein av finsk-volgaisk, som saman med permisk utgjer den finsk-permiske greina av finsk-ugrisk, som saman med ugrisk utgjer den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien.
Språkhistorie
Då Sverige avstod Finland til Russland i 1809, blei riksgrensa trekt langs Torneelva, og mange finskspråklege hamna på svensk side. Finsk i Finland blømde og fekk styrkt stillinga si, medan finsk i Sverige, tornedalsfinsk, fekk ei svekt stilling og låg status, andsynes både svensk og finlandsfinsk. Sist på 1800-talet blei svensk einaste skulespråk.
Stoda endra seg ikkje før i 1970-åra, då tornedalingane fekk styrkt sjølvmedvit, og språknamnet meänkieli kom i bruk. Viktig for utviklinga av eit standardisert skriftspråk var utgivinga av ordboka Meän kielen sanakirja i 1992 og grammatikken Meänkielen kramatiikki i 1996. I 1999 fekk meänkieli status som eit offisielt, svensk minoritetsspråk.
Det har kome ut romanar på meänkieli. I 1985 kom den første, ungdomsboka Lyykeri 'Luger', av Bengt Pohjanen (f. 1944). I 2002 kom Poppimysiikkiä Vittulasta, ei omsetjing av Populärmusik från Vittula (2000) av Mikael Niemi (fødd 1959 i Pajala).
Språksystem
Meänkieli er ein nordleg variant av vestfinsk, og språket har fleire drag felles med nordfinsk og kvensk. Over det meste av Finland, også i standardfinsk, har h falle bort mellom trykklause vokalar: Pajalahan > Pajalaan 'til Pajala'. H-en står i mellom anna nordfinsk, kvensk og meänkieli – jamfør meänkieli Pajalhaan/Pajahlaan.
Her er ei setning på meänkieli – pt = preteritum (fortid):
Köökissä
haisi
jo
rukkuus
ko
mie
pääsin
vintiltä
alas.
kööki-ssä
hais-i
jo
rukkuus
ko
mie
pääs-in
vinti-ltä
alas
kjøken-i
lukte-pt
alt
bøn
eg
kome-pt-eg
loft-frå
ned
'På kjøkkenet lukta det alt bønemøte då eg kom ned frå loftet.'
I kööki-ssä og vinti-ltä kjenner vi att dei svenske orda kök 'kjøkken' og vind 'loft'. Pronomenet mie 'eg' er opphavleg austfinsk, men har spreidd seg til mange dialektar, medrekna kvensk. Standardfinsk har minä. Rukkuus 'bøn' svarer til standardfinsk rukous og illustrerer ei typisk lydendring i meänkieli (og kvensk): Ein konsonant blir lang mellom ein kort og ein lang vokal: rukuus > rukkuus.
Uttale
Meänkieli har desse korte og lange vokalane:
i
y
u
ii
yy
uu
e
ö [ø]
o
ee
öö [øː]
oo
ä [æ]
 
a
ää [æː]
 
aa
Grunnsystemet av konsonantar er slik:
p
t
k
 
f
s
 
h
m
n
ng [ŋː]
 
 
r
 
 
v
l
j
 
Lange konsonantar er merkte ortografisk ved dobbeltskriving: prukrammi [ˈprukrɑmːi] 'program'. P, t, k er uaspirerte, men det finst aspirerte i svenske lånord: khapithaali 'kapital'.
Medan finsk i liten grad har konsonantgruppe fremst i ord, har meänkieli fått mange slike i kontakten med svensk: klasi 'glas', 'vindauge', kranni 'granne', fryysi 'fryseskap', kruua 'gruve'. Boka Populärmusik från Vittula av Mikael Niemi har gjort meänkieliordet knapsu 'kjerringaktig' kjent langt utanfor Tornedalen.
Kjelder
Kenneth Hyltenstam: «Begreppen språk och dialekt – om meänkielis utveckling till eget språk», i Kenneth Hyltenstam (red.): Sveriges sju inhemska språk – ett minoritetsspråksperspektiv, Studentlitteratur. Lund 1999
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 05.01.2012
Sist oppdatert: 20.12.2017