
Lærebok i nahuatl. Kjelde: Basilio Briceño, flickr.com. CC BY 2.0.
Innhald
Nahuatl
Avokado, kakao og tomat kjem frå nahuatl.
Ordhistorie
Det har kome mange ord frå nahuatl inn i europeiske språk. Her er nokre døme:
norsk |
nahuatl |
|
avokado |
āhuacatl |
'avokado', ' testikkel' |
chili |
chīlli |
'chilipepar', 'spansk pepar' |
coyote |
coyōtl |
'coyote', 'prærieulv' |
guacamole |
āhuacamōlli |
'guacamole', 'kald saus laga av avokado' |
kakao |
cacahuatl |
'kakao' |
kopal |
copalli |
'harpiks' |
ozelot |
ocēlōtl |
'ozelot', 'kattedyr i Mellom- og Sør-Amerika' |
tomat |
tomatl |
'tomat' |
Nahuatl āhuacatl tyder det same som gresk órkhis ὄρχις 'testikkel', ordet som orkidé er avleitt av.
Språkfamilie
Nahuatl høyrer til den aztekiske greina av den uto-aztekiske språkfamilien. Det er stor dialektvariasjon innanfor nahuatl, og det er ikkje allmenn semje om ein bør rekne med eitt eller fleire nahuatl-språk.
Språkhistorie
Nahuatl er språket til aztekarane, som dominerte store delar av Meso-Amerika frå 1300- til 1500-talet. Meso-Amerika er eit kulturelt definert område som omfattar Guatemala, El Salvador, Belize, den sørlege halvparten av Mexico og dei vestlege delane av Honduras, Nicaragua og Costa Rica. Aztekarane har budd i området sidan 600-talet eller tidlegare. Dei førkolumbianske aztekarane hadde ikkje ei fullt utvikla skrift, i motsetning til mayaene, og nahuatl blei skriftspråk då kristne misjonærar innførte det latinske alfabetet på 1500-talet. Rettskrivinga følgde ortografiske konvensjonar frå 1500-tals kastiljansk. Skriftspråket, klassisk nahuatl, som bygde på dialekten i byen Tenōchtitlan, blei eit litteraturspråk som er betre utforska og dokumentert enn dei fleste andre amerikanske språk. På 1500- og 1600-talet blei det skrive krønikebøker, grammatikkar, poesi, administrative dokument og lovsamlingar.
Språksystem
Når eit nahuatl-substantiv ikkje har possessiv- eller fleirtalssuffiks, må det ha eit absolutivsuffiks. Ved nokre ord er absolutivsuffikset -in, som i michin 'fisk', men dei fleste har eit suffiks med variantane -tl, -li eller -tli: tepētl 'ås', 'fjell', calli 'hus', cihtli 'bestemor'. Varianten -tl står etter vokal (tepē-tl), -li etter l (cal-li) og -tli etter annan konsonant (cih-tli). Har substantivet eit anna affiks, er ikkje absolutivsuffikset med:
absolutiv |
fleirtal |
med possessivprefiks | |||
mich-in |
'fisk' |
michim-eh |
'fiskar' |
no-mich |
'fisken min' |
nān-tli |
'mor' |
nān-tin |
'mødrer' |
mo-nān |
'mor di' |
Verbet i nahuatl kan ha prefiks for både subjekt, indirekte og direkte objekt:
Tinēchimmaca 'du gir dei til meg'
(ti-nēch-im-maca 'du-meg-dei-gir')
Uttale
Nahuatl har fire korte og fire lange vokalar. Symbola for dei korte vokalane har same verdien som i IPA. Dei lange er merkte med makron ( ¯ ):
i |
|
|
|
ī |
|
|
e |
|
o |
|
ē |
|
ō |
|
a |
|
|
|
ā |
|
Språket har femten konsonantar – her attgitt i vanleg ortografisk form og i IPA-transkripsjon.
p [p] |
t [t] |
tl [tɬ] |
tz [ts] |
ch [tʃ] |
c/qu [k] |
cu/uc [kʷ] |
h [ʔ] |
z/c [s] |
x [ʃ] |
||||||
m [m] |
n [n] |
||||||
l [l] |
y [j] |
hu/uh [w] |
[s] blir skriven z framfor a, ā, o, ō og c framfor i, ī, e, ē.
[k] blir skriven c framfor a, ā, o, ō og qu framfor i, ī, e, ē.
[kʷ] blir skriven cu framfor vokal og uc framfor konsonant og i slutten av ord.
[w] blir skriven hu framfor vokal og uh (eller u) framfor konsonant og i slutten av ord.
Trykket ligg på den nest siste stavinga i ordet: chīmalli [tʃiːˈmalli] 'skjold', nochīmal [noˈtʃiːmal] 'skjoldet mitt'. Det finst eitt unntak, nemleg maskulin vokativ, ein vokativ føretrekt av menn: cihuātlé [siwaːˈtɬe] 'du kvinne!', maskulin vokativ av cihuātl [ˈsiwaːtɬ] 'kvinne'.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006
Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 20.01.2020
Sist oppdatert: 20.01.2020