Hopp til innhold
X
Innhald

Nedertysk (lågtysk, plattysk)

Arbeid, føle og snakke er mellom dei mange orda vi har lånt frå nedertysk.
Ordhistorie
Nedertysk var språket til dei hanseatiske kjøpmennene frå Nord-Tyskland, og norsk har fleire lånord frå nedertysk enn frå noko anna språk, iallfall om vi ser bort frå dei greske og latinske framandorda. Nokre døme er arbeid, betale, føle, nytte (verb) og snakke. Desse orda kjem av av nedertysk Arbeid, föhlen, nütten og snacken.
 
Språkfamilie
Nedertysk høyrer til dei vestgermanske språka, som er ei undergruppe av den germanske greina av indoeuropeisk.
 
Språkhistorie
Den historiske utviklinga til det nedertyske språket blir delt i tre epokar: gamalnedertysk (gamalsaksisk) 750–1150, mellomnedertysk 1150–1600 og nynedertysk etter 1600. Den første større teksten var det gamalnedertyske Heliand-eposet frå 800-talet. Særleg rike og mangfaldige er dei mellomnedertyske overleveringane frå den hanseatiske blømingstida (1250–1400). På 1500- og 1600-talet byrja høgtysk å fortrengje nedertysk som offisielt språk og litteraturspråk, sjølv om det heilt fram til våre dagar har kome ut ein del litteratur på nedertysk. Heile Bibelen kom nyleg ut på nedertysk i ny omsetjing, Dat Ole Testament 'Det gamle testamentet' i 1995 og Dat Niee Testament 'Det nye testamentet' i 2003, 500 år etter den førre omsetjinga, Lübeckerbibelen frå 1494.
 
Språksystem
Nedertysk har halde på dei gamle germanske konsonantane p, t og k, medan høgtysk har gått gjennom den høgtyske lydforskyvinga og i staden fått pf/ff/f, tz/z/ss/ß/s og ch. Til norsk laupe, plog, ete, fot svarer nedertysk lopen, Ploog, äten, Foot og høgtysk (standardtysk) laufen, Pflug, essen, Fuß.
 
Medan standard høgtysk har fire kasus – nominativ, akkusativ, dativ og genitiv – har nedertysk berre to kasus: nominativ og oblik (akkusativ/dativ). Her er nokre eintalsformer som døme:

NOMINATIV
OBLIK
TYDING
de Mann
den Mann
'mannen'
de Fro
de Fro
'kvinna'
dat Kind
dat Kind
'barnet'

 
Eigedomstilhøve blir ikkje uttrykte med genitiv, men med ein konstruksjon som mien Vadder sien Huus 'min far sitt hus'.
 
Uttale
Nedertysk har sju korte vokalar:

 
i [ɪ]
ü [ʏ]
u [ʊ]
 
 
ä/e [ɛ]
ö [œ]
o [ɔ]
 
 
 
a [a]
 
 

Oftast er det markert med dobbelskriving av den følgjande konsonanten at vokalen er kort: nütten 'nytte' i staden for nüten. Éin måte å skrive dei lange vokalane på er denne, der vi har teke med ein del dialektvariasjonar i uttalen:

 
ii [iː]
üü [yː]
uu [uː]
 
 
ee [eː~ei~æi]
öö [øː~øy]
oo [oː~ou~au]
 
 
ää [ɛː]
œ [œː]
aa/å [ɔː]
 

Dobbelskrivinga av lange vokalar er oftast ikkje gjennomført i open staving, så ein skriv Fro 'kvinne', lopen 'laupe' og äten 'ete' i staden for Froo, loopen og ääten. I tillegg er det vanleg å skrive dobbelvokal i desse tilfella:
 
ee for ää, t.d. eeten/eten 'ete' for ääten/äten
öö for œ, t.d. Köök 'kjøkken' for Kœk
oo for aa, t.d. moolen/molen 'måle' for maalen/malen/målen
 
Nedertysk har stort sett dei same konsonantane som standard høgtysk, og stort sett med same skrivemåten.


Sist oppdatert: 01.07.2009