Hopp til innhold
X
Innhald

Nordsamisk

På nordsamisk er ordet som tyder ‘ikkje’ eit verb.

Ordhistorie
Medan nordsamisk har lånt store mengder ord frå nordisk gjennom eit par tusen år, har norsk (og svensk) lånt få ord frå nordsamisk, og berre ord som er knytte til samisk kultur. Her er nokre døme:
 
pesk 'kufte av reinskinn' frå nordamisk beaska
pulk 'båtforma slede til køyrerein' frå nordsamisk bulki
lavvo/lavvu 'tradisjonelt samisk telt' frå nordsamisk lávvu
kåte 'gamme (mindre hustype med vegger av jord el. torv, særleg brukt av samar)' frå nordsamisk goahti
vappus 'kjentmann', 'los' frå nordsamisk oahpis
 
Sjå video frå NRK Skole: Samisk skriftspråk
 
 
 
Språkfamilie
Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk. Nordsamisk er eitt av ti levande samiske språk. Dei andre er sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk.
 
Språkhistorie
Dei moderne samisk språka stammar alle frå eit einskilt ursamisk språk, som blei talt fram til 800 e.Kr. Ein reknar med at ursamisk skilde lag frå ur-finsk-samisk om lag 1000 år f.Kr.
 
Den norske presten og språkforskaren Knud Leem (1696–1775) var den første som skildra nordsamisk, med ein grammatikk i 1748 og ordbøker i 1752 og 1768. Fram til Ivar Aasen var nordsamisk i hundre år betre kartlagt enn norsk. Lenge hadde nordsamisk ulik rettskriving i Noreg, Sverige og Finland, men i 1948 fekk Noreg og Sverige sams rettskriving, og i 1979 alle tre landa.
 
Den norske regjeringa vedtok i 1879 at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog», men dette galdt ikkje for samiske og kvenske born. I 1898 blei det presisert at læraren skulle undervise på norsk. Samisk og kvensk skulle berre nyttast «som Hjælpemiddel til at forklare, hvad der er uforstaaeligt for Børnene» – også når fleirtalet av elevane ikkje forstod norsk. Både før og etter denne tida har skulen vore brukt som ein reiskap i ein offisielle politikk der målet var fornorsking av samane og kvenene. Her må vi òg nemne skuleinternata, der andre språk enn norsk var forbodne. Frå 1900 til 1940 blei det bygd 50 internat i Finnmark. Etter andre verdskrigen tok norsk språkpolitikk andsynes samane til å endre seg. I 1959 blei det tillate å bruke samisk som undervisningsspråk. Frå 1969 kunne samisktalande foreldre krevje samiskundervisning. I 1985 blei det vedteke at born i samiske distrikt skulle få undervisning i eller på samisk.
 
Språksystem
Nordsamisk grammatikk, som grammatikken i andre samiske språk, er prega av eit omfattande bøyingssystem. Substantiva blir bøygde i seks kasus (nominativ, akkusativ/genitiv, illativ, lokativ, komitativ og essiv) og to tal (eintal og fleirtal). Pronomena blir bøygde i seks kasus og tre tal (eintal, total og tretal). Verba blir bøygde i tempus, modus, person og tal. Eit særdrag ved samiske og fleire andre finsk-ugriske språk er at ordet som tyder 'ikkje' er eit verb, som blir bøygd i person og tal. 'Eg veit ikkje' heiter in dieđe, der in tyder 'eg ikkje' og dieðe tyder 'veit' og 'du veit ikkje' heiter it dieđe. Nordsamisk har berre eitt pronomen i 3. person eintal, nemleg son, som tyder både 'ho', 'han' og 'det'. Eit typisk drag ved nordsamisk – og andre samiske språk bortsett frå sørsamisk – er stadievekslinga, ei konsonantveksling mellom første og andre staving ved bøying og avleiing, jamfør nominativ eintal guolli 'fisk' og giehta 'hand' med akkusativ/genitiv eintal guoli 'fisk' og gieða 'hand' eller verbformene boaðán 'eg kjem' og boahtá 'ho/han/det kjem'.
 
Uttale
Trykket ligg så å seie alltid på den første stavinga i ordet, som i sápmelaš [ˈsaːpmelaʃ] 'same'. Vokalsystemet er ulikt i (i) trykksterk første staving, (ii) trykklett andrestaving og (iii) trykklett tredjestaving. Trykksterk førstestaving har desse monoftongane og diftongane, i Guovdageaidnu-uttale:

i [i] 
 
u [u]
i [] 
 
u [uː]
ie [ie]
 
uo [uo]
e [e]
 
o [o]
e [eː]
 
o [oː]
ea [eɛ]
 
oa [oa]
 
a [a]
 
 
á [aː]
 
 
 
 

I trykklett andrestaving og trykklett tredjestaving finn vi desse to systema:

 
 
 
i [] 
 
u [uː]
i [i]
 
u [u]
e [e]
 
o [o]
 
 
 
e [e]
 
 
 
a [a]
 
 
á [aː]
 
 
a [a]
 

I ord med fire eller fleire stavingar har den tredje stavinga sekundærtrykk og eit vokalsystem som liknar det i førstestavinga. Når det gjeld konsonantane, må vi mellom anna skilje mellom systema (i) fremst i ordet, (ii) mellom første og andre staving, (iii) mellom andre og tredje staving og (iv) sist i ordet. Tradisjonelt har nordsamisk – og alle samiske språk – berre hatt éin konsonant fremst i ordet, men dette er blitt endra gjennom lånord. Sist i ordet kan det ikkje stå meir enn éin konsonant, med nokre svært få unntak. Fremst i ord finn vi desse einskildkonsonantane:

 
b [p]
d [t]
c [ts]
č [tʃ]
g [k]
 
 
 
 
p [pʰ]
t [tʰ]
 
 
k [kʰ]
 
 
 
 
f [f]
 
s [s]
š [ʃ]
 
h [h]
 
 
 
m [m]
n [n]
 
nj [ɲ]
 
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
 
v [ʋ]
l [l]
 
j [j]
 
 
 
 

Mellom første og andre staving kan desse einskildkonsonantane stå åleine:

 
b [p]
 
 
z [ts]
ž [tʃ]
g [k]
 
 
 
 
 
 
s [s]
š [ʃ]
 
 
 
 
m [m]
 
n [n]
 
nj [ɲ]
ŋ [ŋ]
 
 
 
hm [m]
 
hn [n]
 
 
 
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
 
 
hn [ɾ̥]
 
 
 
 
 
 
v [ʋ]
ð [ð]
l [l]
 
j [j]
 
 
 
 
f [f] 
ŧ [θ] 
hl [l]
 
hj [ç]
 
h [h] 
 

Sist i ord finn vi berre desse einskildkonsonantane: t [ht~h], n [n], r [ɾ], l [l], i [j].


Sist oppdatert: 06.05.2016