Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk romani

Ordet kei/kjei 'jente' er lånt frå romani.

Ordhistorie
Kei (også stava kjei) 'jente' kjem av norsk romani čej (også stava kjei eller tjei) 'jente'. Čej har tidlegare tydd 'dotter', og kan samanliknast med romani čavo (også stava kjavo eller tjavo) 'barn', 'unge', som tidlegare har tydd 'son' – jamfør romanes (valakisk romani) šej 'dotter', 'sigøynarjente' og šav 'son', 'sigøynargut', av protoromani čhaj 'dotter' og čhavo 'son'.
 
Engelsk har lånt ordet pal 'kamerat' frå angloromani pal 'bror', 'kamerat', som er i slekt med norsk romani pral 'bror', av protoromani phral 'bror'.
 
Språkfamilie
Norsk romani høyrer til språkgruppa romani, som har fire hovudgreiner: balkan-romani, valakisk (vlax) romani, sentral-romani og nordleg romani. Norsk romani høyrer til greina nordleg romani. Romani er igjen ei grein av dei indoariske språka, det vil seie den indiske undergruppa av den indoeuropeiske språkfamilien. Romani er med andre ord ein nær slektning av språk som hindi, urdu og bengali.
 
Språkhistorie
Språka i dei fire greinene av språkgruppa romani stammar alle frå protoromani. Rroma, dei som talte dette språket, kom til Søraust-Europa frå Vesleasia mellom år 1000 og år 1300. Rroma var omreisande folk som opphavleg hadde utvandra frå India, men vi veit ikkje kva tid. Ved å granske ordtilfanget i romani kan vi finne ut mykje om vandringane til rroma. Romani er som ein blomsterbukett: Inst finn vi dei indoariske orda. Utanpå dei indoariske orda finst det fleire lag med ord som folket har plukka med seg langs vegane dei har vandra. På vegen til Søraust-Europa har dei fått med seg iranske (persiske, osetiske og kurdiske) og greske lånord. Mellom 1300 og 1500 spreidde rroma seg over heile Europa, og dei kom til Norden tidleg på 1500-talet. På vegen frå Søraust-Europa til Norden fekk dei med seg både slaviske og tyske lånord.
 
Språksystem
Norsk romani høyrer til ein eigen type av nordleg romani som vi kallar para-romani. Para-romani-språka skil seg frå andre romani-språk ved at dei har lånt mesteparten av det grammatiske systemet sitt (ordbøying og setningsstruktur) frå majoritetsspråket – i dette tilfellet norsk og svensk. Substantivet raklo 'gut' bøyer ein slik: ubunden form eintal raklo, bunden form eintal raklon, ubunden form fleirtal bakroar, bunden form fleirtal rakloane. Verbet rota 'snakke romani' har denne bøyinga: infinitiv rota, presens rotar, preteritum rota, perfektum partisipp rota.
 
Norsk romani har alltid hatt ein viktig funksjon som løyndespråk eller hemmeleg språk, som romanifolket/taterane har nytta når dei ikkje ville at utanforståande (buroane) skulle forstå kva dei sa.
 
Uttale
Lydsystemet i norsk romani er sterkt påverka av norsk/svensk, og har ingen lydar som ikkje er vanlege i norsk/svensk. Vokalane er:
 
 
 
 
i
y
u
o
 
 
 
 
 
e
ø
 
å
 
 
 
 
 
æ
 
 
a
 
 
 
Alle vokalane blir uttalte som i norske dialektar på Austlandet og i Trøndelag. Dei trykksterke vokalane kan vere korte eller lange, og det er vanleg å markere at ein vokal er kort ved å dobbelskrive konsonanten etter, slik at rota [ˈˈruːta] 'snakke romani' har lang vokal i første stavinga medan ratta [ˈˈrata] 'blø' har kort. Framfor to ulike konsonantar er oftast vokalen kort, som i vådro [ˈvodru] 'seng'.
 
Her er konsonantane i norsk romani:
 
 
 
p
t
rt
k
 
 
 
 
 
b
d
rd
g
 
 
 
 
 
f
s
š/rs
č
h
 
 
 
 
m
n
rn
ng
 
 
 
 
 
 
r
 
 
 
 
 
 
 
v
l
 
j
 
 
 
 
Š blir uttalt som [ʃ], det vil seie som austlandsk og trøndsk uttale av sj/skj. Č blir uttalt som [ç] eller [tʃ], og ng blir uttalt som [ŋ]. På Austlandet og i Trøndelag blir rt, rd, rn, rs uttalte [ʈ, ɖ, ɳ, ʃ], det vil seie som rt, rd, rn, rs i austlandsk og trøndsk uttale av ert, gardin, gjerne, vers. Norsk romani har inga offisiell rettskriving, og skrivemåten av orda varierer sterkt. Sj og kj/tj blir som regel brukte i staden for høvesvis š og č. Romani har same tonesystemet som vi finn i dei fleste norske dialektar, til dømes har balo [ˈbaːlu] 'gris' tonem 1 og gulo [ˈˈgʉːlu] 'søt' tonem 2.


Sist oppdatert: 06.02.2013