Hopp til innhold
X
Innhald

Oversorbisk

Oversorbisk skil mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka ‘hand’, ruce ‘to hender’ og ruki ‘fleire enn to hender’.
Ordhistorie
Oversorbisk har eit ordtilfang som gjer at ein lett ser likskapen med andre slaviske språk, mellom anna polsk og tsjekkisk:

OVERSORBISK
POLSK
TSJEKKISK
NORSK
Dobry dźeń!
Dzień dobry!
Dobrý den!
'God dag!'
Dobre ranje!
Dobré ráno!
'God morgon!'
Dobry wječor!
Dobry wieczór!
Dobrý večer!
'God kveld!'
Dobru nóc!
Dobranoc!
Dobrou noc!
'God natt!'

Språkfamilie
Nedersorbisk og oversorbisk utgjer ei sorbisk undergruppe av dei vestslaviske språka, som er ei undergruppe av den slaviske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.
 
Språkhistorie
Nedersorbisk og oversorbisk står nær kvarandre, men har kvart sitt skriftspråk. På 1500- og 1600-talet blei alle tekstar skrivne på lokale dialektar, men på 1700-talet var det tre standardspråk att: nedersorbisk, oversorbisk for protestantar og oversorbisk for katolikkar. Ein nådde ikkje fram til eit sams oversorbisk skriftspråk før etter andre verdskrigen.
 
Lausitz er eit sumpområde i det sørlege Brandenburg og austlege Sachsen og tilgrensande delar av Polen, der det sidan folkevandringstida på 500-talet har budd sorbarar. Området fell i to skilde delar, Oberlausitz (oversorbisk Hornja Łužica), der det oversorbiske språket blir talt, og Niederlausitz (oversorbisk Delnja Łužica), der det nedersorbiske språket blir talt. På 1600-talet var det over 300 000 menneske som hadde eit sorbisk førstespråk. Frå 1200- til 1500-talet undertrykte tyskarane dei sorbiske språka sterkt, og mange stader var det forbode å bruke sorbisk. På 1800-talet førte Preussen ein hard Eindeutschungspolitik 'fortyskingspolitikk'. I Weimar-republikken (1919–1933) fanst det ei eiga Wendenabteilung 'vender-avdeling' for undertrykkjing av sorbisk språk og kultur, som blei styrkt under Det tredje riket (1933–1945). Etter andre verdskrigen fekk sorbarane grunnlovsbaserte rettar til å bruke språket sitt, både i Aust-Tyskland og etter samanslåinga av Aust-Tyskland og Vest-Tyskland i 1990.
 
Språksystem
Nedersorbisk har sju kasus, som i desse eintalsformene av substantivet nano 'far':

nominativ
nan
instrumental
nanom
akkusativ
nana
lokativ
nanje
dativ
nanej
vokativ
nano
genitiv
nana
 
 

Dei sorbiske språka er dei einaste slaviske språka utanom slovensk som har eit levande skilje mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka 'hand', ruce 'to hender' og ruki 'fleire enn to hender'.
 
Uttale
Oversоrbisk har desse åtte vokalane – seks monoftongar og to diftongar:

 
 
 
i [i]
y [ɨ]
u [u]
 
 
 
 
 
 
ě [iɨ]
 
ó [uʊ]
 
 
 
 
 
 
e [ɛ]
 
o [ɔ]
 
 
 
 
 
 
 
a [a]
 
 
 
 

Språket har desse konsonantane:

p [p]
t [t]
c [ts]
ć [tsʲ]
č [tʃ]
k [k]
 
b [b]
d [d]
 
[dzʲ]
 
g [ɡ]
 
f [f]
 
s [s]
ś [sʲ]
š, ř [ʃ]
ch [x~ kʰ]
h [h]
 
 
z [z],
 
ž [ʒ]
 
 
m [m]
n [n]
ń [nʲ]
 
 
 
 
 
 
 
 
 
r [ʁ] ŕ [ʁʲ]
 
w, ł [w]
l [l]
 
 
j [j]
 
 

B, f, g, h, hw, ch, k, l, m, n, p, r, w er palataliserte framfor i, ě, j, til dømes njetopyr ['nʲɛtɔpɨʁ] 'flaggermus', němčina ['nʲɨmtʃina] 'tysk (språk)', nic ['nʲits] 'ikkje'. Hovudregelen er at alle ord har trykket på den første stavinga, som i dei nemnde døma. B, d, , g, z, ž er ustemde – [p, t, tʃ, k, s, ʃ] – i slutten av eit ord, som i dub [ˈdup] 'eik' og dźěd [ˈdzʲɨt] 'bestefar'.


Sist oppdatert: 01.07.2009