Faktaboks

pasjto

pashto, afghansk

Eige namn
پښتو Pax̌tó
Engelsk namn
Pashto
Språkkodar
ps, pus (PS, PUS)
ISO-639:3
pus

Pasjto, eller afghansk, er eit språk som høyrer til den iransk greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er førstespråket til kring 20 millionar menneske i Pakistan, 8 millionar i Afghanistan, over 100 000 i Iran og nokre tusen i Tadsjikistan.

Afghanistan har to offisielle språk: dari og pasjto. Pakistan har engelsk som offisielt språk og urdu som nasjonalspråk, medan ein del andre språk har status som provinsspråk, mellom anna er pasjto provinsspråk i den nordvestlege grenseprovinsen.

Endonymet for språket er paʂto og for ein medlem av den etniske gruppa paʂtun 'pasjtun'. Pakistan og Afghanistan heiter høvesvis Pɑkistɑn og Afɣɑnistɑn. Hovudstaden i Afghanistan heiter Kɑbul.

Skrifta er den arabiske med nokre modifikasjonar.

Språkfamilie

Pasjto høyrer til den søraustlege undergruppa av dei iranske språka, som saman med indoarisk og dardisk utgjer den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Dialektane av pasjto blir delte i to hovudgrupper, ei sørvestleg gruppe med sentrum i Kandahar (Kandahɑr/Qandahɑr) i Afghanistan og ei nordaustleg med sentrum i Peshawar (Peʂawar) i Pakistan.

Språket avvik sterkt frå dei andre iranske språka og har både ein vanskeleg uttale og ein komplisert grammatikk med mange arkaiske trekk. Ordtilfanget er kraftig påverka av persisk og i litt mindre grad av dei indiske nabospråka.

Språkhistorie

Dei eldste skriftlege minnesmerka på pasjto skriv seg frå 1500-talet. 1600- og 1700-talet var ei blømingstid for pasjtolitteraturen, med diktarar som Khushhal Khan Khatak (Xuʃhɑl Xɑn Xaʈak) (1613–1689) og Rahman Baba (Rahmɑn Bɑbɑ) (1653–1711).

Språket har lånt mange ord frå arabisk og dari, særleg etter at hovudstaden i Afghanistan blei flytt frå Kandahar til Kabul i 1776. I 1936 blei pasjto nasjonalspråk i Afghanistan i tillegg til dari.

Språksystem

Dessert
.

Substantiva på pasjto har to genus, maskulinum og femininum, og fire bøyingsformer – her viste med paʂtun 'pasjtun'. Oblik eintal og nominativ fleirtal er ofte like.

Eintal Fleirtal
nominativ paʂtun paʂtɑnə
oblik paʂtɑnə paʂtɑno

Kasuset oblik blir nytta framfor postposisjon, som i setninga nedanfor, der saɺi er oblik eintal av saɺai 'mann'. Subjekt og objekt står i nominativ.

Subjekt Objekt Adverbial Verb
Plɑr maɳɑ saɺi ta war-kawi.
'far' 'eple' 'mann' 'til' 'bort-gir'

‘Faren gir eit eple til mannen.’

Verbet har eit prefiks som fortel om retninga på handlinga – rɑ- mot 1. person, dar- mot 2. person, war- mot 3. person.

Lånord

Sidan pasjto er eit iransk språk, og såleis ein fjern slektning av norsk, finst det ein del ord – mellom anna nokre slektskapsord – som liknar så mykje på dei tilsvarande persiske og norske at ein ikkje treng å vere språkforskar for å sjå likskapen.

Her er nokre slike ord på pasjto, persisk og norsk:

Pasjto Persisk Norsk
mor mɑdar mor
plɑr pedar far
wror barɑdar bror

Pasjto har etterhengde pronomen, som mellom anna kan vere possessive: mor mi tyder 'mor mi' og mor di tyder 'mor di' – men mi og di varierer ikkje etter genus, slik at 'bror min' og 'bror din' heiter wror mi og wror di.

Litteratur

Den eldste skrivne litteratur er frå 1500-talet (religiøse traktatar, lyrikk). Den klassiske diktingas gullalder fell saman med Mughal-styret i India (1600-talet). Ein bygde i hovudsak på dei tradisjonelle formene til den persiske diktinga (ghazal, qasida). Mest kjent av dei klassiske diktarane er Khushhal Khan Khattak; berømt er også Abdur Rahmans (1650–1706?) mystisk-religiøse lyrikk og Abdul Hamids (død cirka 1732) verdslege dikting.

I moderne tid har påverknaden frå indisk litteratur (framfor alt urdu-litteraturen) vore sterk. Av diktarane til 1900-talet kan nemnast Samundar Khan, som mellom anna med omsetjingane sine av Iqbals verkar har hatt mykje å seie for afghansk åndsliv. Både i Pakistan (Peshawar) og Afghanistan (Kabul) har det blitt oppretta akademi for å fremme pashto-litteraturen.

Det finst ei rik folkedikting der det særleg er grunn til å nemne tappa-versa, kjensleladde utbrot i streng metrisk form, oftast forfatta av kvinner: «Hugs, at brorlaus er eg ikkje.», «Vis meg respekt, eller bror min vil gjere det.»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg