Faktaboks

pitesamisk
Språkkodar
sje (SJE)
ISO-639:3
sje
Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Pitesamisk er eit sterkt trua eller nesten forsvunne samisk språk. I Sverige er det om lag 30 personar som snakkar språket i dag. På norsk side pågår arbeid for å revitalisere språket, i dag er det berre ein knapp handfull morsmålstalarar. UNESCO klassifiserer språket som kritisk trua.

Sábme og sámegiella er dei pitesamiske orda for ‘same’ og ‘samisk språk’. Det pitesamiske språket kallar dei bidumsámegiella. Bidumiedno er namnet på Piteälven, medan byen Piteå heiter Bidum og kommunen Arjeplog heiter Árjepluovve (av nokre Árjapluovve). Sverige og Noreg heiter høvesvis Sverrji og Vuodna – det siste tyder også ‘fjord’. Pitesamisk blir til dels også kalla arjeplogsamisk.

Utbreiing

Det tradisjonelle pitesamiske språkområdet omfatta kommunane Beiarn, Saltdal, Gildeskål, Meløy og Rødøy og delar av Bodø og Fauske i Noreg og dei nordlege delane av kommunane Arvidsjaur og Arjeplog – langs og sørom Piteälven – i Sverige. I dag blir pitesamisk snakka av om lag 30 menneske, hovudsakleg i Sverige, av ei etnisk gruppe på kring 2000. Tidleg på 1900-talet var det ein del som snakka pitesamisk i Noreg; dei flest som snakkar språket i dag er enten samisktalande tilflyttarar frå Arjeplog-traktene, òg eit fåtalig talarar som har tileigna seg språket i vaksen alder.

Det pitesamiske språkområdet i Sverige ligg i det svenske förvaltningsområdet för samiska språket, der samisk er offisielt minoritetsspråk, og pitesamisk har den offisielle statusen som følgjer med dette. I Noreg har kommunane Bodø og Saltdal søkt om å bli innlemma i Forvaltningsområdet for samisk språk.

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner: finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner: finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Pitesamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: vestsamisk og austsamisk. Pitesamisk er eit vestsamisk språk og høyrer til undergruppa sentralsamiske språk saman med lulesamisk og nordsamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Dialekter

Pitesamisk har tre hovuddialekter: nordleg (Luokta-Mavas, Ståkke), sentralt (Semisjaur-Njarg) og sørleg pitesamisk (Svaipa). Dialektskiljelinene har tradisjonelt fortsett inn i Noreg.

Språkhistorie

Den eldste teksten på eit språk som kan kallast pitesamisk, er katekisma Olai Swebelii A. Ups. Förklaring öfwer Lutheri Lilla Catechismum, steld genom spörsmåhl och swar. Then lappska ungdomen til tienst och befordran i christendomens kunskap frå 1738, omsett og utgitt av sokneprest Pehr Fjellström.

Den som først skildra det pitesamiske språket, var den ungarske språkforskaren Ignác Halász (1855–1901), som i 1880- og 1890-åra reiste til Noreg og Sverige for å granske samiske språk. Hovudverket hans er seksbandsverket Svéd-lapp nyelv (1885–1896) ‘Svensk-samisk språk’. Pitesamisk er skildra i band 5.

Nokre viktige sider ved pitesamisk grammatikk er framstilte i Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen ‘Samisk verbavleiing framstilt på grunnlag av pitesamisk’ (1943), doktoravhandlinga til den samiske språkforskaren Israel Ruong (1903–1986), som var professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Ruong var fødd i Arjeplog og hadde pitesamisk som førstespråk.

I dag er pitesamisk språk i ein revitaliseringsprosess. Mellom anna er det utvikla ei pitesamisk nettordbok og ei grammatikkbok. I 2014 vart eit treårig dokumentasjonsprosjekt om pitesamiske stadnamn i Noreg avslutta.

I 2018 gav Samisk parlamentarisk råd (SPR) oppdraget til det fellsnordiske fag- og resurssenteret for samiske språk, Sámi Giellagáldu, å setje i gang arbeidet med normering av pitesamisk skriftspråk. I 2019 fekk pitesamisk eit normert skriftspråk. Seremonien fann stad i Árjepluovve/Arjeplog 20. august.

Språksystem

Eit karakteristisk drag ved pitesamisk og dei samiske språka lenger sør (umesamisk og sørsamisk), er dei omfattande vokalvekslingane som orda går igjennom når dei blir bøygde.

Både vokalane og konsonantane endrar seg mykje når eit pitesamisk ord blir bøygt. Ordet for ‘skinn’, ‘hud (på dyr)’ heiter duällje i nominativ eintal. I akkusativ eintal heiter det duoljev og i akkusativ fleirtal duljijt. Dersom vi skulle ønskje å seie ‘til skinnet’, måtte vi nytte illativ eintal – dualljáj. Det er berre konsonanten fremst i ordet som held seg uendra gjennom alle formene duällje, duoljev, duljijt, dualljáj. Dei tilsvarande formene på nordsamisk er duollji, duolji, duljiid og duolljái.

Eit anna døme er verbforma billin ‘dei var redde for’, ei bøyingsform av eit verb som i infinitiv heiter ballat ‘vere redd for’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sammallahti, Pekka (1998). «The Saami Languages». An Introduction. Karasjok: Davvi Girji OS.
  • Morén-Duolljá, Bruce (2010). Bårjås 2010. «De samiske språkene: vakre, unike og uerstattelige», Drag: Báhko forlag.
  • Scheller, Elisabeth (2010). Samernas språksituation i Ryssland. Multiethnica november 2010 (32), Uppsala universitet.
  • Nickel, Klaus Peter & Pekka Sammallahti (2011)."Nordsamisk grammatikk". Karasjok: Davvi Girji OS.
  • J. Wilbur, 2014. A grammar of Pite Saami. Studies in Diversity Linguistics 5. Berlin: Language Science Press.
  • Eliel Lagercrantz: Synopsis des Lappischen. (Oslo Etnografiske Museums skrifter bind 2, hefte 4). Oslo 1941 (sidene 311–318 handlar om pitesamisk, under tittelen «12. Gebirgsdialekt in Arjeplog»)
  • Riitta-Liisa Valijärvi & Joshua Wilbur: «The past, present and future of the Pite Saami language. Sociological factors and revitalization efforts», Nordic Journal of Linguistics, vol. 34, nr. 03 (sidene 295–329)
  • Utne, Olve (2021): «Just Knud Qvigstads pitesamiske ordliste», Språk i arkivet : historier om hvordan språk reflekterer samfunnet. (Notabene – Nasjonalbibliotekets skriftserie 2021 (16)) (sidene 178-204)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg