Faktaboks

portugisisk
Uttale
portugˈisisk
Språkkodar
pt, por (PT, POR)
ISO-639:3
por

Portugisisk er eit språk som høyrer til dei romanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med spansk, katalansk og galicisk høyrer portugisisk til den ibero-romanske språkgruppa. Portugisisk er førstespråket til over 178 millionar menneske og er det sjette største språket i verda. Over 163 millionar av dei som snakkar portugisisk, bur i Brasil, medan over 10 millionar bur i Portugal.

Portugisisk er offisielt språk i Angola, Aust-Timor (i tillegg til tetum), Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macau (ein del av Kina), Mosambik, Portugal og São Tomé og Príncipe.

Språket heiter português [poxtuˈɡeʃ] på portugisisk. Landa og områda der portugisisk er offisielt språk, heiter på portugisisk Angola [ãˈɡɔla], Timor-Leste [tʃimoˈlɛʃtʃi], Brasil [bɾaˈziw], Guiné-Bissau [ɡinebiˈsaw], Cabo Verde [kabuˈvexdʒi], Macau [maˈkaw] (ein del av República Popular da China), Moçambique [mosãˈbiki], Portugal [poxtuˈɡaw] og São Tomé e Príncipe [sãwtoˈme i ˈpɾĩsipi]. 'Portugisar' heiter portuguesa [poxtuˈɡeza] i hokjønn og português [poxtuˈɡeʃ] i hankjønn. 'Brasilianar' heiter brasileira [bɾaziˈlejɾa] i hokjønn og brasileiro [bɾaziˈlejɾu] i hankjønn.

Språkfamilie

Portugisisk er eit romansk språk. Dei romanske språka høyrer til den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Dei romanske språka blir delte i kontinental romansk og sardisk. Kontinental romansk har to greiner, austromansk (rumensk/moldovisk) og italo-vestromansk. Italo-vestromansk deler vi i to, italo-dalmatisk og vestromansk. Vestromansk deler vi i ibero-romansk og gallo-romansk, og portugisisk høyrer til den ibero-romanske greina.

Dialekter og uttalevariantar

I Portugal er dialektforskjellane lite markante. Ein skil mellom nord-, sentral- og sørportugisisk.

Skilnadene mellom europeisk-portugisisk og brasiliansk-portugisisk (brasileiro) er derimot relativt merkbare. Det gjeld særleg uttalevanar og pronominalsyntaks, men òg bruk av verbformer og ordtilfang.

Galicisk har utvikla seg annleis enn standard portugisisk etter den politiske åtskiljinga frå Portugal i 1139.

Språkhistorie

Frå 800-talet til 1100-talet blei det talt eit språk som ein kallar proto-portugisisk. Så følgjer gamalportugisisk (frå 1100-talet til 1500-talet) og nyportugisisk (frå 1500-talet til i dag).

I 1290 skipa kong Dinis (1261–1325) det første universitetet i Portugal og fastsette at «vulgærspråket» – og ikkje latin – skulle vere administrasjonsspråk, under namnet língua portuguesa.

I siste helvta av den gamalportugiske perioden spreidde portugisisk seg med oppdagarar, kolonisatorar, handelsfolk og misjonærar til Asia, Afrika og Amerika.

Den portugisiske staten fastsette ikkje ein standardisert offisiell ortografi før i 1911. Denne ortografien blei òg teken i bruk i andre portugisiskspråklege samfunn rundt om i verda. I 1938 fekk Brasil sin eigen ortografi, som avvik frå ortografien i Portugal på visse punkt.

Bortsett frå danninga av nasale vokalar og diftongar er vokalsystemet språkhistorisk sett konservativt. Portugisisk har bevart fleire av dei enkle aktive verbalformene frå latin enn noko anna romansk språk, enkelte med endra funksjon. I tillegg har det utvikla seg ei rekkje samansette tider og verbaluttrykk som delvis er felles med spansk. Som spansk har portugisisk to ord for 'å vere', ser og estar, frå latin 'vere' (+ 'sitje') og 'stå'. Ordtilfanget er grunnleggjande latinsk.

Språksystem

Likskapar og skilnader mellom portugisisk og nokre romanske grannespråk går fram av setninga nedanfor, som tyder 'Ho lèt alltid att vindauget før ho et middag':

  • Portugisisk: Ela fecha sempre a janela antes de jantar.
  • Kastiljansk: Ella siempre cierra la ventana antes de cenar.
  • Katalansk: Ella tanca sempre la finestra abans de sopar.
  • Fransk: Elle ferme toujours la fenêtre avant de dîner/souper.

Karakteristisk for lydsystemet er skiljet mellom lukka og open e-lyd og o-lyd og ein serie nasale vokalar i tillegg til dei orale: [ã], [ẽ], [ĩ], [õ], [ũ]. I tillegg er det fleire orale og nasale diftongar. Det finst både ustemde og stemde frikativar ([s], [z], [ʃ], [ʒ]), og eit skilje mellom «enkel» og «sterk» r-lyd (r og rr), i Portugal ofte ved at den «sterke» blir uttalt som «skarre-r».

Ortografisk markerer ein nasal vokal og diftong ved hjelp av diakritiske teikn eller ein følgjande -m- eller -n-: com 'med', sim 'ja', pão 'brød', sem 'utan'. Verbalsystemet er formrikt, og endingane i bøygde former markerer både tempus og person. Det finst òg ein personbøygd infinitiv. Substantiv har han- eller hokjøn. Fleirtal blir danna ved -s. Pronomen har enkel kasusbøying.

Lånord

Vi har lånt mange ord frå portugisisk (oftast via fransk, tysk og engelsk), mellom anna desse:

  • barokk, via fransk baroque frå portugisisk barroco
  • fetisj, via fransk fétiche frå portugisisk feitiço
  • flamingo, frå portugisisk flamingo

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg