Faktaboks

romanes
Eige namn
romani shib
Norsk namn
romanes
Engelsk namn
Vlach Romani
Etymologi

eit adverb danna av adjektivet romano 'det som har med rom å gjere'

Uttale
romanˈes
Språkfamilie

språket høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien

Språkkodar
rom (ROM)
ISO-639:3
rom
«The Orange of Love» and Other Stories
Det viktigaste verket for norsk romanes er boka «The Orange of Love» and Other Stories. The Rom-Gypsy Language in Norway, som Lars Gjerde gav ut i 1994 i samarbeid med Knut Kristiansen.
«The Orange of Love» and Other Stories
Lisens: CC BY SA 3.0

Romanes er i Norden namn på valakisk romani, språket som blir snakka av folkegruppa rom (sigøynarar), til skilnad frå norsk og svensk romani, som er språket til romanifolket (dei reisande, taterane). Dette sistnemnde språket blir til vanleg berre kalla romani i Noreg og Sverige.

Romanes blir truleg talt av i underkant av 5000 menneske i Noreg, men av nærmare 1,5 millionar menneske i heile verda. Flest er det i Bosnia og Hercegovina (400 000) og Romania (over 240 000), men språket blir talt over store delar av Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika.

I 1998 fekk romanés status som minoritetsspråk i Noreg, ved sida av kvensk og romani, som ei følgje av at Noreg i 1993 ratifiserte Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Romane/sigøynarane har status som nasjonal minoritet.

Ordet romanes er eit adverb med tydinga 'på rom-vis', og namnet som talarane sjølve brukar på språket sitt, er romani shib 'romsk språk'. Ein person som høyrer til romane, heiter rom (fleirtal roma) i hankjønn og romni (fleirtal romnja) i hokjønn. Gazho (fleirtal gazhe) er ordet for ein ikkje-rom.

Språkfamilie

Romanes høyrer til romani-språka, ei gruppe innanfor den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og er i slekt med hindi og panjabi.

Det er vanleg å dele romani-språka inn i fire hovudgrupper: valakisk (vlax), balkansk, sentral og nordleg romani.

Språkhistorie

Romanes – det vil seie valakisk romani – er den varianten av romanispråka som utvikla seg i Valakia i Romania etter at urromani (proto-romani) spreidde seg utover Europa frå Balkan på 1300-talet.

Språka i dei fire greinene av språkgruppa romani stammar frå protoromani. Rroma, dei som talte dette språket, kom til Søraust-Europa frå Vesleasia mellom år 1000 og år 1300. Rroma var omreisande folk som opphavleg hadde utvandra frå India, men vi veit ikkje kva tid.

Ved å granske ordtilfanget i romani kan vi finne ut mykje om vandringane til rroma. Utanpå dei indoariske orda finst det fleire lag med ord som folket har plukka med seg langs vegane dei har vandra. På vegen til Søraust-Europa har dei fått med seg iranske (persiske, osetiske og kurdiske) og greske lånord.

Mellom 1300 og 1500 spreidde rroma seg over heile Europa. Mange blei verande i Søraust-Europa, mellom anna dei som snakkar valakisk romani, som spreidde seg utover Europa i ei ny bølgje i 1860-åra.

Fleirtalet av romane i Valakia levde som slavar fram til 1860. Då slaveriet tok slutt, reiste mange romar til andre delar av Europa, også Noreg. Difor har vi sidan 1860-talet hatt to romanivariantar i Noreg – norsk romani og valakisk romani. Dei som snakkar desse to språka, legg merke til likskapen mellom dei to språka, men skilnadene er samtidig så store – ikkje minst i grammatikk og uttale – at dei må ty til norsk for å føre ein meiningsfull samtale.

Skriftspråket

ABC Romani shib
ABC Romani shib (Oslo 2022) er ei ABC-bok på norsk romanés. Dette er den første boka som har all tekst på norsk romanés.
ABC Romani shib
Lisens: CC BY SA 3.0

Romanes er lite i bruk som skriftspråk, bortsett frå at talarane brukar språket i mellom anna tekstmeldingar på mobiltelefon, men utan ein einsarta eller standardisert ortografi. Språkforskarar har utvikla ei konsekvent rettskriving som blir nytta i grammatikkar, ordbøker og tekstsamlingar. Det viktigaste verket for norsk romanés er boka «The Orange of Love» and Other Stories. The Rom-Gypsy Language in Norway, som Lars Gjerde gav ut i 1994 i samarbeid med Knut Kristiansen.

I 2022 kom det ut ei ABC-bok på norsk romanes, ABC Romani shib, skriven av Rolf Theil, i nært samarbeid med det romske kultur- og ressurssenteret Romano kher (ein del av det fleirkulturelle arbeidet til Kirkens bymisjon) og med støtte frå Språkrådet og Kulturrådet. Her er det brukt ei litt anna rettskriving enn i «The Orange of Love» and Other Stories. Mellom anna har ABC-boka innført skrivemåtane ch, sh, zh, dzh i staden for č, š, ž, dj for konsonantane /ʧ ʃ ʒ ʤ/. Boka er mellom anna meint som eit bidrag til å gje språket ei fast rettskriving.

Språksystem

Romanes har eit grammatisk system med klare indoariske røter, og substantivet raklo 'gut (som ikkje er sigøynar)' har desse seks formene:

Eintal Fleirtal
nominativ raklo rakle
akkusativ rakles raklen
vokativ rakléja raklále

Til akkusativ-formene kan ein leggje eit ekstra element, som i rakleske 'for guten', raklenca 'med gutane'.

Verba har desse presensformene:

Romanés Norsk
me dikhav 'eg ser'
tu dikhes 'du ser'
vov/voj dikhel 'han/ho ser'
ame dikhas 'vi ser'
tume dikhen 'de ser'
von dikhen 'dei ser'

Preteritumsformene har endinga -as lagd til presensformene, det vil seie me dikhavas 'eg såg', tu dikhesas 'du såg' og så vidare.

Uttale

Romanes har eit lydsystem med klare indoariske drag, men vi ser òg ein sterk påverknad frå språka på Balkan.

Skiljet mellom dei uaspirerte p, t, k og dei aspirerte ph, th, kh finst ikkje i andre europeiske språk enn i romani. Dette er eit drag ved lydsystemet som romani har teke med seg frå India. Trykket ligg oftast på siste staving i ord som fanst i språket då talarane kom til Europa, mens det varierer sterkt i seinare lånord.

Lånord

Norsk har ingen lån frå romanes bortsett frå romanes (språket) og rom 'rom', 'sigøynar', fleirtal romar, av romanes rom, fleirtal roma.

Tradisjonelt har vi kalla romane for sigøynarar, av tysk Zigeuner. Tysk kan ha lånt Zigeuner frå ungarsk cigány, men vi veit ikkje sikkert kvar ordet opphavleg kjem frå. Det blir oftast knytt til det bysantinsk-greske atsingános 'rom', 'sigøynar'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg