Samiske språk
Det engelske ordet morse ‘kvalross’ er av samisk opphav.
Ordhistorie
På engelsk finst det to ord for ‘kvalross’ – morse og walrus. Det første er av samisk opphav. Vi veit ikkje kva for eit samisk språk det er lånt frå, men på nordsamisk heiter det morša. Ordet er òg lånt inn i russisk, som morž морж, og i finsk, som morsu.
Tundra er det samiske ordet som er blitt mest internasjonalt. Det er lånt frå kildinsamisk og inn i russisk og har derifrå spreidd seg til mange språk over heile verda. Sjå meir i artikkelen om kildinsamisk.
Språkfamilie
Dei samiske språka høyrer til den uralske språkfamilien, som har desse hovudgreinene:

Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i grupper på denne måten:
Vestsamisk
• Sørsamisk i vid tyding: sørsamisk (i trong tyding), umesamisk
• Sentralsamisk: pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk
Austsamisk
• Kolasamisk: akkalasamisk, kildinsamisk, tersamisk
I 2003 døydde den siste personen som snakka akkalasamisk flytande.
Alle samiske språk som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, dansk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege. Dei som snakkar nordsamisk, forstår lulesamisk, men ikkje sørsamisk. Når ein skal avgjere kor mange språk det samiske dialektkontinuumet utgjer, tek ein mellom anna omsyn til kor mange standardiserte skriftspråk som finst. Alle dei samiske språka i tabellen ovanfor, bortsett frå umesamisk, pitesamisk og tersamisk, har standardiserte skriftspråk. I tillegg tek ein omsyn til medvitet mellom talarane om at særskilde variantar utgjer eit språk, og dette heng saman med historie, geografi, adminstrative grenser, handelsvegar og flyttevegar. Umesamisk, pitesamisk og tersamisk hadde truleg hatt standardiserte skriftspråk dersom det hadde funnest fleire talarar. Det er ikkje uvanleg å sjå dei samiske språka omtalte som «dialektar», men dette ordet, dialekt, bør brukast om variantar innanfor dei samiske språka – til dømes ulike nordsamiske dialektar i Finnmark, Troms, Nord-Finland og Nord-Sverige.
Språkhistorie
Den finske språkforskaren Mikko Korhonen (1990) deler samisk i desse språkhistoriske periodane:
• Ur-finsk-samisk 1500–1000 f.Kr.
• Ursamisk 1000 f.Kr.–500 e.Kr.
• Gamalsamisk 500 e.Kr.–1619
• Nysamisk 1619–
Dei første bøkene på samisk kom ut i 1619, og dette definerer byrjinga på den nysamiske perioden, som går fram til vår tid. Det var den svenske presten Nils Andersson – også kjend under det latiniserte namnet Nicolaus Andreæ – som i 1619 gav ut En lijten Sångebook, huruledes Messan skal hållas, läsas eller siungas på lappesko og ABC Book på Lappesko Tungomål – begge trykte i Stockholm. Bøkene er skrivne på ei blanding av sørsamisk og pitesamisk, med påverknad frå svensk og finsk.
Det eldste skrivne materialet på samisk er likevel ei liste på 95 ord og uttrykk nedteikna i 1557 av den engelske sjøkapteinen Stephen Borroughs. Han forliste ved kysten av Kolahalvøya og måtte bu eit par måneder blant samane der.
Som nemnt i avsnittet «Språkfamilie», finst det standardisert rettskriving (ortografi) for sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk og kildinsamisk. Rettskrivingane byggjer på varierande prinsipp, og dette er òg ein del av grunnlaget for at fleire av språka har gjennomgått ganske radikale rettskrivingsendringar. Rettskrivingane varierer med omsyn til kor stor grad dei byggjer på rettskrivinga i majoritetsspråka norsk, svensk, finsk og russisk. Alle språka blir skrivne med same alfabetet som majoritetsspråket, det vil seie det kyrilliske alfabetet i Russland og det latinske alfabetet i Finland, Sverige og Noreg. I sørsamisk og lulesamisk blir lydane [ʃ] og [ts] skrivne høvesvis sj og ts, som i norsk og svensk, medan dei same lydane blir skrivne høvesvis š og c i nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk, som i fleire aust- og mellomeuropeiske språk. Sørsamisk hadde frå 1957 ei rettskriving som bygde på dei same prinsippa som den nordsamiske rettskrivinga som var i bruk frå 1948 til 1979, men fekk i 1968 ei rettskriving der norske og svenske rettskrivingsprinsipp spelar ei stor rolle. Til dømes endra ordet for ‘tenestejente’ – med uttalen [ʃuwnǝ] – skrivemåte frå šuvne til sjovne, der sj og o blir uttalte som i mange variantar av norsk og svensk uttale av sju og bok. Også lulesamisk fekk ei rettskriving rett etter den andre verdskrigen som følgde nordsamiske prinsipp, men Lulesamisk språknemnd vedtok i 1983 ei rettskriving som er meir påverka av norsk og svensk rettskriving.
Språksystem
Tabellen nedanfor er ein illustrasjon på korleis dei samiske språka ser ut, og korleis dei skil seg frå kvarandre. Det står ‘éin fisk’ på rekonstruert ursamisk og på ni moderne samiske språk. Legg merke til at kildinsamisk og tersamisk blir skrivne med det kyrilliske alfabetet.
Ursamisk |
*ǝktǝ kuolē |
Nordsamisk |
okta guolli |
Sørsamisk |
akte guelie |
Skoltesamisk |
õhtt kue´ll |
Umesamisk |
aktte guellie |
Enaresamisk |
ohta kyeli |
Pitesamisk |
akkta guolle |
Kildinsamisk |
eexxt kuullj э̄ххт кӯлль |
Lulesamisk |
akta guolle |
Tersamisk |
akt kɨlle акт кыллe |
Uttale
I artiklane om kvar av dei samiske språka finst det avsnitt om uttale.
Litteratur om samiske språk
Peter Hajdu: Finno-Ugrian Languages and Peoples. Andre Deutsch, London 1971
Informasjon om samernas hembygdsområde i Finland: http://www.samediggi.fi/index.php?option=com_content&task=blogcategory&id=105&Itemid=104&lang=english
Informasjon om förvaltningsområdet för samiska språket i Sverige: http://www.samer.se/1187
Informasjon om forvaltingsområdet for samisk språk i Noreg: http://www.sametinget.no/Spraak/Forvaltningsomraade
Mikko Korhonen: «The history of the Lapp languages», Denis Sinor (red.): The Uralic Languages. Brill, Leiden 1990 (sidene 264–287)
Juhani Lehtiranta: Yhteissaamelainen sanasto. Suomalais-ugrilainen seura, Helsinki 1989
Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998
Rolf Theil: «Den samiske språkfamilien», i Johannes Nymark og Rolf Theil: Dei ukuelege språka. Språkpolitikk og språksituasjonar. Fagbokforlaget, Bergen 2011 (sidene 32–66)
Tilrådd litteratur om språk i verda
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006
Sist oppdatert: 29.01.2018