Hopp til innhold
X
Innhald

Saterfrisisk

Saterfrisisk er den einaste overlevande varianten av austfrisisk.
Ordhistorie
I Tyskland finst det Ostfriesenwitze 'austfrisarvitsar', der austfrisarane blir framstilte som dummare eller lurare enn andre. Austfrisarane set visstnok pris på den positive effekten vitsane har for å gjere dei kjende over heile Tyskland, og somme trur at dei har funne på desse vitsane sjølve. Eit par døme på mønsteret til desse vitsane:
 
–    Kvifor har austfrisarane gjerde rundt badekaret?
       For at dei ikkje skal symje for langt.
–    Kva gjer austfrisarane når det er fjøre?
       Dei sel store mengder land til austerrikarane.
 
Språkfamilie
Saterfrisisk er den einaste overlevande dialekten av austfrisisk. Austfrisisk, nordfrisisk og vestfrisisk utgjer ei frisisk undergruppe av vestgermansk, som saman med nordgermansk (nordisk) og austgermansk (utdøydd) utgjer den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.
 
Språkhistorie
Året 1550 blir tradisjonelt sett opp som det språkhistoriske skiljet mellom gamalfrisisk og nyfrisisk. Nyfrisisk er delt i tre innbyrdes uforståelege språk (vestfrisisk, austfrisisk og nordfrisisk), som blir talte over eit mykje mindre område: Fryslân i Nederland, Saterland og Nord-Friesland i Tyskland.
 
Gamalaustfrisisk blei talt i Ostfriesland, mellom elva Weser og grensa mot Nederland i Niedersachsen, men nedertysk fortrengde frisisk i denne regionen kring år 1500. Austfrisisk har berre overlevd litt sør for Ostfriesland, i Saterland, der austfrisarar truleg busette seg på 1000-talet. Saterland ligg midt i eit stort myrområde, og staden var lenge relativt isolert frå omverda. Fram til 1800-talet kunne ein berre nå Saterland med båt over elva Sagter Ems (Seelter Äi). I dag går det både vegar og jernbane dit, og språket er mykje meir utsett for påverknad enn før. Etter at Tyskland ratifiserte Den europeiske språkpakta for regionale språk og minoritetsspråk 16. september 1998, har saterfrisisk fått eit betre vern.

Kart som syner kor Saterland ligg i Tyskland. Saterfrisisk er førstespråket til mellom 1000 og 2500 menneske i kommunen Saterland i fylket Cloppenburg i den tyske deltstaten Niedersachsen.

 
Språksystem
Saterfrisisk har tre grammatiske kjønn, som mellom anna kjem fram gjennom dei ubundne og bundne artiklane – die (hankjønn), ju (hokjønn) og dät (inkjekjønn). Substantiva har ikkje kasusbøying, bortsett frå at det finst ein genitiv på ‑s, ved sida ein «garpegenitiv», som begge berre kan nyttast når eigaren er ein person. Når «eigaren» er ein ting, må ein uttrykkje seg annleis:
 
mien Susters Huus                 'mi systers hus'
min Bruurs Bukse                   'min brors bukse'
dän Mon sin Huund               'mannen sin hund'
do Finstere fon dät Huus     'vindauget til huset'
 
Uttale
Saterfrisisk har ti korte og ti lange monoftongar (pluss e [ə] i trykklaus staving):
 
 
ie [i]
üü [y]
uu [u]
 
íe [iː]
ü'ü [yː]
úu [uː]
 
 
i [ɪ]
ü [ʏ]
u [ʊ]
 
ee [eː]
öö [øː]
oo [oː]
 
 
ä [ɛ]
ö [œ]
o [ɔ]
 
ää [ɛː]
öä [œː]
oa [ɔː]
 
 
 
a [a]
 
 
 
aa [aː]
 
 
 
Det finst 16 diftongar.
 
Konsonantsystemet ser slik ut:
 
 
 
p [p]
t [t]
k [k]
 
 
 
 
 
 
b [b]
d [d]
 
 
 
 
 
 
 
f [f]
s [s]
ch [x]
h [h]
 
 
 
 
 
w, v [v]
 
g [ɣ]
 
 
 
 
 
 
m [m]
n [n]
ng [ŋ]
 
 
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
 
 
l [l]
j [j]
 
 
 
 
 
Konsonantane blir stort sett skrivne og uttalte som på (standard)tysk, med nokre unntak. Medan tysk sch står for [ʃ], står saterfrisisk sch for [sx] – det vil seie [s] pluss [x] – som i Schip [sxɪp] 'skip'. J blir uttalt klart og tydeleg også etter ein annan konsonant, som i sjoo [sjoː] 'sjå', tjuk [tjʊk] 'tjukk', djoop [djoːp] 'djup', Kjuus [kjuːs] 'kross' og gjucht [ɡjʊxt] 'rett'.


Sist oppdatert: 21.09.2018