Hopp til innhold
X
Innhald

Shona

Plystrelydane sv og zv finst ikkje i noko anna språk i verda enn i shona.

Ordhistorie
Shonaene er etterkomarar av dei som bygde byen som i dag står att som dei kjempestore ruinane me kallar Store Zimbabwe (Great Zimbabwe på engelsk). Dei dekkjer eit område på 7 kvadratkilometer. Dette var hovudstaden i Munhumutapa-imperiet, som eksisterte frå 1200- til 1600-talet. Den moderne staten Zimbabwe har namnet sitt etter desse vidgjetne ruinane. Portugisiske handelsfolk gjesta byen på 1500-talet og kalla han Symbaoe. Me veit ikkje sikkert kva Zimbabwe tyder, men ein har gissa at det tyder ‘stort steinhus’ – jamfør shona zimba ‘stort hus’ og bwe ‘kampestein’.
 
Språkfamilie
Shona er eit bantuspråk. Bantuspråka, som blir tala i det meste av Afrika sønnafor ei linje frå Sør-Kamerun til Nord-Kenya, er ei undergruppe av dei bantoide språka, som igjen er ei grein av benue-kongo-språk. Benue-kongo-språk er igjen ei grein av niger-kongo-familien.
 
Språkhistorie
Det har budd folk som tala bantuspråk i det området som svarar til den moderne staten Zimbabwe sidan kring år 300 e. Kr., men dei blei ikkje skrivne før kristne misjonærar kom til området sist på 1800-talet. Desse misjonærane møtte ei rekkje nærskylde og innbyrdes forståelege bantuspråk – korekore, zezuru, manyika, ndau og karanga – og tidleg på 1900-talet fanst det omsetjingar av Det nye testamentet til alle desse språka. Den sørafrikanske lingvisten Clement Martyn Doke (1893–1980) granska av desse språka og laga eit sams skriftspråk – shona – for dei i 1932, etter meir eller mindre dei same prinsippa som Ivar Aasen nytta då han skapte landsmålet/nynorsken. Rettskrivinga blei revidert i 1955 og 1967.
 
Språksystem
Shona har eit rikt bøyings- og ordlagingssystem. Kuchera mvura tyder ‘ause vatn’ (kuchera ‘ause’ og mvura ‘vatn’). Infinitiv har prefikset ku- og suffikset -a. Byter me ut ku- med ndicha-, får me ndichachera mvura ‘eg skal ause vatn’ (ndi- ‘eg’ og -cha- ‘framtid’). Tichachera mvura tyder ‘me skal ause vatn’.
 
Om me no legg til -es- føre endinga -a i kuchera, får me kucheresa ‘få til å ause vatn’. Så kan me leggje til -mu- rett etter ku-, og få kumucheresa ‘få han/henne til å ause’. Då kan me seie ndichamucheresa mvura ‘eg skal få han/henne til å ause vatn’. 
 
Uttale
Shona-rettskrivinga er historisk, ved at ho ikkje gjev att moderne uttale, men ein rekonstruert tidlegare uttale av språket, før skilnadene mellom dei moderne dialektane oppstod. Landsnamnet Zimbabwe blir ikkje uttala med nokon w [w] nest sist i ordet. I staden høyrer ein uttalemåtar som [zimbabge] og [zimbabɣe]. Izwi ‘ord’ blir uttala [izɡʷi] eller [izɣʷi].
 
Eit særdrag ved shona er konsonantane som blir skrivne sv og zv, som i svosve ‘maur’ og zvimwe ‘kanskje’. Dei blir uttala som ein ustemd (sv) og ein stemd (zv) plystrelyd med tungespissen opp mot gommen i overmunnen. Slike lydar er ikkje kjende frå nokon andre språk i verda.
 
Shona-rettskrivinga er historisk, ved at ho ikkje gjev att moderne uttale, men ein rekonstruert tidlegare uttale av språket, før skilnadene mellom dei moderne dialektane oppstod. Når y og w følgjer ein annan konsonant, varierer dei sterkt i uttale mellom dialektane, men desse uttalemåtane er vanlege: ty [tʃk], dy [d̤ʒ̤ɡ̤], pw [px], bw [b̤ɣ̤], mbw [m̤b̤ɣ̤], mw [mŋ], sw [sxʷ], zw [z̤ɣ̤ʷ], nw [nŋʷ], kw [kʷ], gw̤ʷ], ngw̤ɡ̤ʷ], hw [ɦ̤ʷ]. Døme: chityaro ‘sâl’ [tʃìtʃkàɾò]; Zimbabwe [z̤ìm̤b̤áb̤ɣ̤è]; izwi ‘ord’ [ìz̤ɣ̤ʷí].
Shona er eit tonespråk som skil mellom ein høg og ein låg tone, som ikkje er gjeve att i ortografien, men som vi har notert med høvesvis [´] og [`] over vokalane i den fonetiske transkripsjonen. 
 
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006


Sist oppdatert: 21.11.2017