Faktaboks

skoltesamisk

østsamisk

Språkkodar
sms (SMS)
ISO-639:3
sms
Samiske språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Skoltesamisk er eit alvorleg trua samisk språk som høyrer til den austsamiske språkkgruppa. I Finland er det rundt 300 som bruker språket i dag, i Russland er skoltesamisk nær ved å forsvinne, og i Noreg er det forsvunne. UNESCO klassifiserer skoltesamisk som eit alvorleg truga språk fordi dei yngste talarane er middelaldrande.

Skoltesamane er ei etnisk gruppe på om lag 700 menneske i Finland, Russland og Noreg: Dei fleste bur i Enare kommune (Sevettijärvi og Nellim) i Finland, i Russland bur dei på om lag 20 ulike stader i Murmansk fylke, og i Noreg bur dei fleste i Neiden, men også nokre i Kirkenes og Pasvikdalen.

Det finst kring 300 aktive språkbrukarar, alle i Finland, men om lag halvparten av skoltesamane i Russland har ein viss kjennskap til språket. Den norske gruppa med skoltesamar er liten og representerer den einaste beraren av austsamisk kultur i Noreg.

Skoltesamisk har status som offisielt språk i Enare kommune, som er ein del av samernas hembygdsområde / saamelaisten kotiseutualue i Finland. Dei underviser i skoltesamisk i grunnskulen i Enare, for både skoltesamar og andre.

Ein skoltesame kallar seg sää´mm eller sä´mmlaž, det vil seie ‘same’. Til dels blir òg nemninga nuõrttsää´maustsame’ nytta. Språket heiter sää´mǩiõll ‘samisk’, ‘samespråket’ – eller nuõrttsää´mǩiõll ‘austsamespråket’. Dei fleste skoltesamane budde opphavleg i PeäccamPetsamo’. Če´vetjäu´rr ‘Sevettijärvi’ og Njeä´llem ‘Nellim’ er skoltesamebygder i kommunen Aanar ‘Enare’. Bygda NjauddâmNeiden’ ligg i Sør-Varanger. Sametinget heiter Sää´mte´ǧǧ.

På norsk snakkar vi tradisjonelt om skoltesamisk og skolt eller skoltesame, men medlemene av gruppa kallar seg berre samar, og språket sitt kallar dei samisk. Skoltar eller skoltesamar (finsk koltat eller kolttasaamelaiset, russisk skol'ty скольты eller skol'to-saamy скольто-саамы) er namn andre har sett på dei. På nordsamisk kallar dei skoltesamane nuortasápmelaččataustsamar’ eller nuortalaččat ‘austmenn’, ‘austfolk’ og språket deira nuortalašgiella ‘austmannspråk’. Ein ser òg nemningane austsame og austsamisk på norsk.

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner: finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner: finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Skoltesamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: vestsamisk og austsamisk. Skoltesamisk er eit austsamisk språk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Dialektar

Skoltesamisk blir delt inn i to hovuddialektar:

  • nordleg skoltesamisk (Muotka, Paatsjoki, Petsamonkylä)
  • sørleg skoltesamisk (Suonikylä, Notozero-Girvasozero)

Språkhistorie

Skoltesamane budde opphavleg i Petsamo og tilgrensande område i Sør-Varanger i vest og på Kolahalvøya i aust.

I 1532, etter å ha vore kring ti år i området, grunnla den russiske munken og misjonæren Trifon den heilage av Petsamo (1495–1583, Pââ'ss Treeffan på skoltesamisk) eit kloster ved Petsamoelva, og misjonsverksemda hans førte til at skoltesamane tok ved den ortodokse kristendomen, som framleis er eit av særkjenna deira. Trifon bygde fleire kyrkjer i det skoltesamiske området, men den einaste som står att, er Sankt Georgkapellet i Neiden i Sør-Varanger, som han bygde i 1565.

Den russiske ortodokse presten Konstantin Prokop'evič Ščekoldin (1867–1916), som heldt til i Boris Gleb (Skoltefossen), stod bak den første freistnaden på å skrive skoltesamisk. I 1884 gav han ut Matteusevangeliet på skoltesamisk i kyrillisk skrift, Gospoda mìj Ìisusa Xrista Pas' Evangelìe Matveest Same Kille Господа мій Іисуса Христа Пась Евангеліе Матвеест Саме килле, og i 1895 gav han ut ei skoltesamisk ABC-bok, Azbuka dlja loparej, živuščixě v" Kol'skomě uězdě Arxangel'skoj gubernìj Азбука для лопарей, живущихҍ въ Кольскомҍ уҍздҍ Архангельской губерній.

I 1826 blei Sverige-Noreg og Russland (som då også omfatta Finland) samde om ei grense mellom dei to landa. Denne grensa delte det skoltesamiske området i to, med nokre delar i Sør-Varanger (Neiden og Pasvik) og resten i Finland/Russland. Då Finland lausreiv seg frå Russland/Sovjetunionen i 1917, blei den delen av det skoltesamiske området som låg i Finland/Sovjetunionen, delt i to ved traktaten i Tartu i 1920, ved at det meste av Petsamo gjekk til Finland. Som eit resultat av den andre verdskrigen blei Petsamo sovjetisk, og dei fleste skoltesamane som budde der, flykta til Finland, der dei i 1945 slo seg ned i tre område kring Enaresjøen: Sevettijärvi, Nellim og Keväjärvi.

Tidleg i 1970-åra byrja skoltesamane å utvikle sitt eige skriftspråk, med latinske bokstavar. Arbeidet støytte på vanskar fordi skoltesamane i Finland snakka tre ulike dialektar. Men i 1973 blei det gitt ut eit framlegg til rettskriving, laga av skoltesamen Jouni Mosnikoff og dei to finske samiskekspertane Mikko Korhonen og Pekka Sammallahti. I 1975 gav Sammallahti ut ei ABC-bok. Seinare har det kome ut mykje litteratur: skulebøker, ordbøker, poesi og religiøs litteratur.

Tiina Juulia Sanila-Aikio (fødd 1983) frå Sevettijärvi var i 2005 den første musikaren som gav ut eit rockealbum der alle tekstane er på skoltesamisk: Sää´mjânnam rocks! ‘Sameland rockar!’. Eit nytt album kom ut i 2007, Kå´llkue´ll še måttmešt tålkk.

Språksystem

Dei skoltesamiske substantiva blir bøygde i to tal (eintal og fleirtal) og i ni kasus (nominativ, akkusativ, genitiv, lokativ, illativ, komitativ, abessiv, essiv og partitiv).

Nokre av kasusa er illustrerte i desse setningane, der paa´rnivui´m ‘med ungane’ er komitativ fleirtal, ceerkvest ‘frå kyrkja’ er lokativ eintal, niõđtää ‘utan jenta’ er abessiv eintal og põˊrtte ‘inn i huset’ er illativ eintal:

  • Vuõ´lǧǧem paa´rnivui´m ceerkvest. ‘Eg drog med ungane frå kyrkja.’
  • Sij mõˊnne niõđtää põˊrtte. ‘Dei gjekk inn i huset utan jenta.’

Alfabet

Det skoltesamiske alfabetet har 35 bokstavar, pluss 4 (her sette i klammer) som berre blir nytta i lånord: Aa, Ââ, Bb, Cc, Čč, Ʒʒ, Ǯǯ, Dd, Đđ, Ee, Ff, Gg, Ǧǧ, Hh, Ii, Jj, Kk, Ǩǩ, Ll, Mm, Nn, Ŋŋ, Oo, Õõ, Pp, [Qq], Rr, Ss, Šš, Tt, Uu, Vv, [Ww], [Xx], [Yy], Zz, Žž, Åå, Ää, [Öö].

Lånord

Det skoltesamiske ordet ceerkav tyder ‘kyrkje’, og det er lånt frå russisk, der det heiter cerkov' церковь. Dette har bakgrunn i at skoltesamane gjennom nærmare 500 år har vore knytte til den russiske ortodokse kyrkjaRusskaja Pravoslavnaja Cerkov' Русская Православная Церковь. Men det russiske ordet cerkov' церковь har same opphav som norsk kyrkje, engelsk church, nordsamisk girku, lulesamisk girkko og sørsamisk gærhkoe, nemleg det greske ordet kyriakón ‘det [huset] som høyrer til Herren’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Mikko Korhonen, Jouni Mosnikoff & Pekka Sammallahti: Koltansaamen opas. Castreanumin toimitteita, Helsinki 1973
  • Jouni Mosnikoff & Pekka Sammallahti: U´cc sääm-lääˊdd sää´nnǩeârjaž = Pieni koltansaame-suomi sanakirja. Jorgaleaddji 1988
  • Jouni Mosnikoff & Pekka Sammallahti: Suomi-koltansaame sanakirja = Lää´dd-sää´m sää´nnǩe´rjj. Girjegiisá, Ohcejohka 1991
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 142–145 handlar om skoltesamisk)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg