Innhald
Skotsk
Eit av dei best kjende lånorda våre frå skotsk er glamour!
Ordhistorie
Fleire skotske ord har kome inn i norsk – via engelsk. Mest kjent er glamour. Skotsk glamour [ˈɡlamər] tyder 'magi', 'trolldom'. Ordet kjem via anglonormannisk gramarie 'grammatikk' frå latin grammatica, igjen av gresk grammatikḗ γραμματική. Den norske uttalen [ɡlaˈmuːr] er ei misforståing – ein trur det er fransk, og lèt det rime med amour 'kjærleik'.
Språkfamilie
Skotsk, engelsk og frisisk utgjer den anglo-frisiske undergruppa av vestgermansk, ei av tre hovudgreiner i germansk – ei grein av indoeuropeisk.
Språkhistorie
Angelsaksarar som slo seg ned i Skottland på 600-talet, kalla språket sitt Englisc 'engelsk', seinare Inglis. Soga til Inglis som skriftspråk byrja i 1376, med nasjonaleposet Brus av John Barbour. Namnet Inglis blei gradvis bytt ut med Scottis 'skotsk', tidlegare nytta om skotsk-gælisk.
Det skotske skriftmålet blei sterkt påverka av engelsk. Høgare lag byrja på 1500-talet å snakke eit skotsk-engelsk blandingsmål, og etter reformasjonen i 1560 tok engelsk skriftmål heilt over. Med den engelsk-skotske unionen i 1603 stogga nesten prentinga av bøker på skotsk, bortsett frå poesi. På 1700-talet hadde skotsk poesi ein renessanse, med diktarar som Allan Ramsay, Robert Fergusson og Robert Burns, forfattaren av «Auld Lange Syne».
Skotsk er ikkje skulespråk, og det er lite nytta i media. Det skotske parlamentet har nokre nettsider på skotsk, men ikkje meir enn på arabisk, bengali osv. Hovudspråka er engelsk og skotsk-gælisk.
Mange skottar snakkar i dag eit språk som det er vanleg å kalle skotsk, men som er standard engelsk med skotsk uttale – Scottish Standard English 'skotsk standard-engelsk' – i motsetnad til den eigentlege skotsken, ofte kalla Braid Scots [ˈbred ˈskots] 'brei skotsk'.
Språksystem
Skotsk grammatikk skil seg på fleire punkt frå engelsk. Til dømes nyttar ein bunden artikkel i tilfelle der engelsk ikkje har det, til dømes framfor vekedagane, the Wadensday [ðə ˈwa(d)nzde] 'onsdag(en)', og i ein del andre uttrykk, awa ti the kirk [əˈwɑː tɪ ðə ˈkɪrk] (engelsk off to church) 'av stad til kyrkja'.
På skotsk har modale hjelpeverb infinitiv. På engelsk seier ein ikkje «to could» 'å kunne', men på skotsk er det greitt:
A uised tae coud dae it, but no nou. [ə ˈjøːzd tɪ kud ˈdøː ət, bət ˈnoː ˈnuː]
'Eg brukte å kunne gjere det, men ikkje no.'
(Engelsk: I used to be able to do it, but not now.)
Uttale
Skotsk har ingen einskapleg ortografi. Alle skriv sin eigen dialekt. Ordet som tyder 'hovud', blir uttalt [ˈhid] og [ˈhed] og stava heid, hade, heed eller head. Ordet som tyder 'høg', blir uttalt [ˈhiç] og [ˈhɛç] og stava heich, heech eller heigh. Skotsk har tretten monoftongar og fem diftongar – her attgitt fonetisk:
|
i |
y |
|
u |
|
|
ju |
|
|
ɪ |
|
|
|
|
|
|
|
|
e |
ø |
ə |
o |
əi |
oi |
əu |
|
|
ɛ |
|
|
ɔ |
|
|
|
|
|
æ |
|
|
|
|
|
|
|
|
a |
|
ɑ |
|
aɪ |
|
|
|
Her er konsonantane:
|
p |
|
t |
tʃ |
k |
(ʔ) |
|
|
|
b |
|
d |
dʒ |
ɡ |
|
|
|
|
f |
θ |
s |
ʃ |
x~ç |
h |
|
|
|
v |
ð |
z |
ʒ |
|
|
|
|
|
m |
|
n |
|
ŋ |
|
|
|
|
|
|
r |
|
|
|
|
|
|
w ʍ |
|
l |
|
j |
|
|
|
Skotsk har [x~ç], som ikkje finst i engelsk – jamfør skotsk dochter [ˈdoxtər] 'dotter' og nicht [nɪçt] 'natt'. Vidare har skotsk ein rulle-r [r] som aldri fell bort: dochter [ˈdoxtər] 'dotter', brither [ˈbrɪðər] 'bror' og hert [ˈhɛrt] 'hjarte'.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006
Først publisert: 05.01.2012
Sist oppdatert: 14.12.2017
Sist oppdatert: 14.12.2017