
Svensk
Ordet kjendis er lånt frå svensk i 1968. Det blei laga i 1963, truleg av ein jemtlending.
Ordhistorie
Vi har lånt mange ord frå svensk, og her er nokre få døme:
allsong, alkis, bondeanger, buskis, deppa, djevla/jævla, doldis, dragspel, driks, elskling, finurleg, forbaska, funkis, gløgg (drikk), hallik, kinkig, kis /¹kiːs/ ('kar', 'fyr'), kjendis, knark, knøl, kul, kåk, livat, lussekatt, moped, område, pamp, pigg ('opplagd'), raggar, rallar, sabla ('forbaska'), sladd ('skrens' eller 'svart remse på film'), slant, snutt, spenstig, tabbe, tilverke og valvake
Dei tilsvarande svenske formene:
allsång, alkis, bondånger, buskis, deppad, djävla/jävla, doldis, dragspel, dricks, älskling, finurlig, förbaskad, funkis, glögg, hallick, kinkig, kis, kändis, knark, knöl, kul, kåk, livad/livat, lussekatt, moped, område, pamp, pigg, raggare, rallare, sabla, sladd, slant, snutt, spänstig, tabbe, tillverka og valvaka
At mange av desse lånorda høyrer til daglegspråket, viser den nære, kvardagslege kontakten vi har med «söta bror».
Kjendis – på svensk skrive kändis – lånte vi i 1960-åra. Ordet kom truleg til Noreg i 1968, og alt i 1969 finn vi det i avisa Dag og Tid: «Pressa dyrkar einsidig politiske fans og kjendisar.» Det er òg kjent i Danmark sidan 1969, i forma kendis. Kändis er laga ved at suffikset ‑is er lagt til känd ('kjend'). Ordet dukka opp i ein humorserie, populært kalla Skäggen, som gjekk i Sveriges Television i november og desember 1963. Det skal først ha blitt brukt av skodespelaren Yngve Gamlin (1926–1995), som var frå Jämtland.
Språkfamilie
Svensk er eit nordisk språk. Dei nordiske – eller nordgermanske – språka utgjer ei grein av den germanske språkgruppa, som igjen er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Dei nordiske språka blir tradisjonelt delte i austnordisk (dansk, bokmål og svensk) og vestnordisk (nynorsk, færøysk og islandsk), men på grunnlag av språkutviklinga etter vikingtida opererer ein ofte med ei alternativ inndeling mellom fastlandsnordisk eller skandinavisk (dansk, svensk, bokmål, nynorsk) og øynordisk (islandsk og færøysk).
Språkhistorie
Det er vanleg å dele historia til det svenske språket i fem hovudperiodar:
Gamalaustnordisk 800–1225
Fornsvensk 1225–1526
Nysvensk 1526–1900
Nosvensk 1900–
Nordisk skilde lag med annan germansk i dei første hundreåra etter Kristi fødsel, og det eldste nordiske språkstadiet – fram til 700-talet – kallar vi urnordisk.
Kring 800 delte urnordisk seg i gamalvestnordisk (norrønt) og gamalaustnordisk, men det var berre eit dialektskilje. I gamalaustnordisk, som går under namnet runesvensk (svensk: runsvenska) i Sverige og runedansk i Danmark, blei eldre brú ('bru') og sú ('su', 'purke') til bró og só. Likeins blei eldre bein ('bein'), leysa ('løyse') og auga ('auge') til bén, lǿsa og ǿga, gjennom ei monoftongering som byrja i Danmark på 900-talet og spreidde seg til Sverige på 1000-talet. På 1100-talet var monoftongeringa stort sett fullført.
Gamalaustnordisk delte seg i dansk og svensk mot slutten av 1100-talet. Det fornsvenske språkstadiet – frå 1225 til reformasjonen på 1500-talet – tek til med den eldste svenske boka skriven med latinske bokstavar, Västgötalagen, frå kring 1225.
Språkstadiet frå tidleg 1500-tal og fram til 1900 går under namnet nysvensk. Det som markerer overgangen til nysvensk, er bibelomsetjingane som kong Gustav Vasa (1496–1560) fekk gitt ut. Det nye testamentet kom i 1526 og heile Bibelen i 1541.
Språkstadiet etter 1900 kallar vi nosvensk (svensk nusvenska). I 1906 gjennomførte svenskane ei omfattande stavingsreform. Rettskrivinga før 1906 kan illustrerast med eit utdrag frå artikkelen «Rättstafning» i Nordisk familjebok – som kom ut i 1916, men med gamal rettskriving:
I engelska t. ex. är omkr. halfva ordförrådet oregelbundet stafvadt, och språket har så en massa ideogram i bokstäfver. Under sådana förhållanden duger vid läs- och skrifundervisning hvarken bokstafs- eller ljudmetoden ...
Slik blir same teksten med rettskrivinga frå 1906:
I engelska t. ex. är omkr. halva ordförrådet oregelbundet stavat, och språket har så en massa ideogram i bokstäver. Under sådana förhållanden duger vid läs- och skrivundervisning varken bokstavs- eller ljudmetoden ...
Språksystem
Dei svenske dialektane glid gradvis over i kvarandre, men av pedagogiske grunnar har det tradisjonelt vore vanleg å dele dei i seks hovudområde, som vist på dette kartet:

Dei svenske dialektane glid gradvis over i kvarandre, men av pedagogiske grunnar har det tradisjonelt vore vanleg å dele dei i seks hovudområde, som vist på dette kartet. Kartgrunnlag landegrenser: Kartverket CC BY 4.0. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel CC BY 4.0. Trykk her for å sjå kartet i større storleik eller for å laste ned.
Nedanfor er det sett opp tre språklege særtrekk som skil dei ulike dialektområda frå kvarandre, jamfør forklaringa under tabellen. Ei mørk rute tyder at området har dette særtrekket, ei kvit rute at det ikkje har det, og ei grå rute at særtrekket berre finst i delar av området.

Monoftongering. Dei gamle diftongane ei, øy og au – som i norsk eik, røyk og hauk – er blitt til e, ø og ø, som i rikssvensk ek, rök og hök.
Tjukk l. Gamal rð og l (i nokre posisjonar) er blitt til tjukk l, i ord som blå, gul og bord.
N-bortfall. På eldre nordisk enda bunden form eintal av hokjønnssubstantiv på n. Denne n-en står framleis i nokre dialektar, som i rikssvensk solen og klokkan. I andre dialektar har han falle bort og gitt til dømes sole/sola og klokka.
Situasjonen for dialektane er svært ulik i Sverige og Noreg. Sverige liknar dei fleste andre europeiske land ved at dialektane lenge hadde ein svært låg status. Det var ei utbreidd oppfatning at standardsvensk ikkje berre var ei praktisk norm, men at norma var «vakker», «danna», «fin» og «korrekt», medan dei tradisjonelle dialektane var «stygge», «udanna», «vulgære» og «feilaktige». Det store fleirtalet av svenskar snakkar i dag ei eller anna form for standardsvensk, med nokre mindre lokale særtrekk i uttalen.
Medan det norske Stortinget i 1878 vedtok at dialekten til elevane skulle leggjast til grunn for undervisninga i grunnskulen, og at læraren skulle tilpasse dialekten sin til elevane, skulle i Sverige læraren «rette» på talespråket til elevane – jamfør denne teksten frå 1932:
Särskild uppmärksamhet kräver behandlingen av störande dialektala inslag och andra egenheter i uttalet. Egendomligheter som avvika från uttalet hos de bildade på respektive orter böra redan på lågstadiet bortarbetas. (Betänkande med förslag till undervisningsplaner för rikets allmänna läroverk och de kommunala mellanskolorna. SOU 1932:31, s. 70)
I dag er haldninga til dialektar mykje meir positiv. Læreplanen seier ikkje lenger noko om korleis ein skal snakke i klasserommet, og i ein del kommunar arbeider skulen aktivt for å styrkje stillinga til dialekten og å gi elevane eit medvit om verdien som ligg i dialekten. (Sjå artikkelen til Lisa Erikson i litteraturlista.)
Video: «Nordiske språk - Svensk», video om svensk språk, laga av undervisingsressursen Nordiske språk (nordiskesprak.net).
Uttale
Tabellane nedanfor viser systema av vokal- og konsonantfonem i svenskt standarduttal – den uttalen som i boka Svenska språknämndens uttalordbok (sjå litteraturlista) definerer som «en uttalsform som kan accepteras och brukas över hela det svenska språkområdet». Lydsystemet i denne forma for svensk liknar mykje på lydsystemet i norske dialektar på den sørlege delen av Austlandet.
Den vanlegaste skrivemåten av kvart fonem er teken med i kursiv. Vokalfonema /ɛ/, /œ/, /ɛː/ og /øː/ har ein meir open uttale når dei står framfor /ʈ/, /ɖ/, /ɳ/, /ʂ/, /ɧ/, /ɭ/ eller /r/.
Vokalar

Skrivemåtane ki og gi i konsonanttabellen står for k og g følgde av ein trykksterk fremre vokal, skriven i, e, ä, y eller ö. Jamfør ord som köra /2çøːra/ ('køyre'), göra /2jøːra/ ('gjere') og skör /1ɧøːr/ ('skøyr', 'skjør'). Frikativen /ɧ/ har ein ganske varierande uttale, ofte læt han som ein velar frikativ, [x], til dels med lepperunding.
Konsonantar

Nett som dei fleste norske dialektar har svenskt standarduttal to aksentar, også kalla tonelag eller tonem. På svensk blir dei mellom anna kalla akut accent / accent 1 og grav accent / accent 2. Døme på ord med akut accent er anden /1anden/ ('anda') (bunden form eintal av and ('and')), buren /1bʉːren/ ('bura') (bunden form fleirtal av bur ('bur')) og stegen /1steːɡen/ ('stega') (bunden form fleirtal av steg ('steg')) – medan desse tre orda har grav accent: anden /2anden/ ('anden', 'ånda') (bunden eintal av ande ('ande', 'ånd')), buren /2bʉːren/ ('boren') (perfektum partisipp av bära ('bere')) og stegen /2steːɡen/ ('stigen') (bunden form eintal av stege ('stige')).
Svensk standarduttale er stadig blitt meir «bokstavtru», med mykje leseuttale, ved at til dømes mange konsonantar som hadde falle bort i tradisjonelle dialektar, har kome inn att i standarduttalen. I mange tradisjonelle svenske dialektar blir orda bordet, tiden og kastade uttalte /¹buːre/ (eller /¹buːɽe/), /¹tiːa/ og /²kasta/ – med andre ord om lag som i mange norske dialektar – medan standarduttalen er /¹buːɖet/ (eller /¹buːrdet/), /¹tiːden/ og /²kastade/. Men på andre punkt er svensk standarduttale mindre «bokstavtru» enn den tilsvarande norske, til dømes når svenskane uttaler stj som /ɧ/, som i stjärna /²ɧæːɳa/ ('stjerne'), medan det i Noreg er blitt stadig vanlegare å uttale stj som /stj/: /²stjæːɳe/ (stjerne), mot eldre /²ʂæːɳe/.
Meir informasjon
Maria Bolander: Funktionell svensk grammatik. Stockholm 2005
Lisa Eriksson: «'Man pratar inte dialekt med kungen i alla fall'. En presentation av ett antal studentuppsatser om dialekt samt en diskussion om fortsatt forskning inom området». i Lisa Eriksson & Gunvor Flodell: Mål i norr. Två artiklar om nutida dialektförhållanden i norra Sverige. Umeå 1998
Ian Hindcliff og Philip Holmes: Swedish. An Essential Grammar, 2. utg. London & New York 2008
Reinert Kvillerud: Bohuslänska. Språkprov och kommentar. Göteborg 1999
Bengt Pamp: Svenska dialekter. Stockholm 1978
Mikael Parkvall: Sveriges språk – vem talar vad och var? (RAPPLING 1 – Rapporter från Institutionen för lingvistik vid Stockholms universitet). Stockholm 2009
Claes Garlén: Svenska språknämndens uttalsordbok. Stockholm 2003
Elias Wessén: Svensk grammatik för norrmän. Oslo 1966
Elias Wessén: Svensk språkhistoria, 1–3. Bd. 1: Ljudlära och ordböjningslära. Bd. 2: Ordbildningslära. Bd. 3: Grundlinjer till en historisk syntax. Stockholm 1965
Peikarar
Olle Bergman: «Här flyr Estlands svenska». Språktidningen, februari 2013
Markella Callin: «Det stavas revolution!» Språktidningen, september 2016
Östen Dahl: «Älvdalska – eget språk eller värsting bland dialekter?» Språktidningen, december 2008
Institutet för de inhemska språken: «Svenska och svenskan i Finland»
«Lyssna på dialekter. Här kan du lyssna på smakprov från några av våra dialektinspelningar»
Oversikt over forvaltningsområde for samisk, finsk og meänkieli i Sverige, minoritet.se
SweDia 2000: «100 svenska dialekter idag!»
Tilrådd litteratur om språk i verda
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006
Sist oppdatert: 23.04.2020