Hopp til innhold
X
Innhald

Swahili

Ordet safari kjem frå swahili
Ordhistorie
På norsk og andre europeiske språk tyder safari 'ekspedisjon i Afrika for å sjå på eller drive jakt på ville dyr'. Ordet er lånt frå swahili, der det tyder 'reise', 'ekspedisjon'. Swahili har lånt ordet frå arabisk safar ﺴﻔﺮ 'avreise', 'reise, tur'.
 
Uttrykket hakuna matata, som mellom anna er kjent frå Disney-filmen Lion King 'Løvekongen' (1994), kjem frå swahili. Verbforma hakuna tyder 'finst ikkje', og matata er fleirtal av tata 'vanske', 'uro' – så heile uttrykket tyder 'det finst ikkje vanskar'.
 
Skuleborn i Tanzania. Foto: Maggie Munoff, CC BY 2.0
Skuleborn i Tanzania. Foto: Maggie Munoff, CC BY 2.0
 
 
Språkfamilie
Swahili er eit bantuspråk. Bantuspråka, som blir talte i det meste av Afrika sør for ei linje frå Sør-Kamerun til Nord-Kenya, er ei undergruppe av dei bantoide språka, som er ei grein av benue-kongo-språk. Benue-kongo-språk er igjen ei grein av niger-kongo-familien.
 
Språkhistorie
Rundt 500 e.Kr. hadde det utvikla seg eit swahili-språkleg samfunn ved den nordlege kysten av Kenya, kring munningen til Tana-elva. På 800-talet byrja swahili-folket å spreie seg langs kysten av Aust-Afrika, som sjøfarande handelsfolk. På 1100-talet hadde det vakse fram mange swahili-talande bysamfunn, som kring 1500 hadde utvikla seg til bystatar. På denne tida auka den arabiske og muslimske påverknaden. Det arabiske alfabetet blei teke i bruk for å skrive swahili, og mengda med arabiske lånord auka.
 
Kring år 1800 byrja dei swahilispråklege herskarane å sende handelskaravanar til det indre av Aust-Afrika. Då Tyskland hærtok Tanganyika i 1886, gjorde dei swahili til offisielt administrasjonsspråk i kolonien. På denne tida byrja ein å skrive swahili med det latinske alfabetet. Etter første verdskrigen fekk Storbritannia kontrollen over heile Aust-Afrika og innførte swahili i grunnskular og lågare administrasjon over heile området. I 1928 blei det vedteke på ein konferanse i Mombasa at dialekten på Zanzibar (swahili Unguja) skulle leggjast til grunn for eit swahili standardspråk.
 
Språksystem
Substantiva i swahili høyrer til «klassar» som kan jamførast med våre genus (grammatiske kjønn). Norsk har tre genus (hankjønn, hokjønn og inkjekjønn), swahili har i hovudsaks seks:
 
1        Person-genus: mtoto 'barn', fleirtal watoto
2        Tre-genus: mti 'tre', fleirtal miti
3        Frukt-genus: chungwa 'appelsin', fleirtal machungwa
4        Ting-genus: kisu 'kniv', fleirtal visu
5        Dyre-genus: simba 'løve', fleirtal simba
6        Abstrakt-genus: urafiki 'venskap'
 
Døma ovanfor viser eit karakteristisk drag ved bantuspråk: Ordbøyinga skjer mest med prefiks – ikkje med suffiks, som i dei fleste språka i Europa.
 
Uttale
Swahili har fem vokalar:
 
 
 
 
i
 
u
 
 
 
 
 
 
e
 
o
 
 
 
 
 
 
 
a
 
 
 
 
 
Språket har desse 36 konsonantane:
 
p [p]
 
t [t]
 
ch [tʃ]
k [k]
 
p [pʰ]
 
t [tʰ]
 
ch [tʃʰ]
k [kʰ]
 
b [ɓ]
 
d [ɗ]
 
j [ʄ]
g [ɠ]
 
mb [mb]
mv [mv]
nd [nd]
nz [nz]
nj [ndʒ]
ng [ŋɡ]
 
 
f [f]
th [θ]
s [s]
sh [ʃ]
kh [x]
h [h]
 
v [v]
dh [ð]
z [z]
 
gh [ɣ]
 
m [m]
 
n [n]
 
ny [ɲ]
ng' [ŋ]
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
w [w]
 
l [l]
 
y [j]
 
 
 
Ortografisk blir både dei uaspirerte lydane [p, t, tʃ, k] og dei aspirerte [pʰ, tʰ, tʃʰ, kʰ] skrivne p, t, ch, k, men dei er eigne fonem, og dei kjem av ulike lydar i urbantu. Jamfør ordpar som paa [ˈpa.a] 'tak' mot paa [ˈpʰa.a] 'gaselle' og kaa [ˈka.a] 'kol' mot kaa [ˈkʰa.a] 'krabbe'. Trykket ligg alltid på den neste siste stavinga: hakuna matata [haˈkuna maˈtata] 'det finst ikkje vanskar'.


Sist oppdatert: 09.01.2014