Faktaboks

tamasjek
Språkkodar
taq (TAQ)
ISO-639:3
taq

Tamasjek er eit språk som høyrer til den berberske (amazighiske) greina av den afroasiatiske språkfamilien. Tamasjek er førstespråket til 1,2 millionar menneske i Algerie (25 000), Burkina Faso (31 000), Libya (17 000), Mali (440 000) og Niger (720 000).

Tamasjek har status som nasjonalspråk i Mali (saman med 11 andre; fransk er offisielt språk) og Niger (saman med 5 andre; fransk og hausa er offisielle språk). I desse landa er det undervisning i tamasjek i grunnskulen, og språket blir nytta i radioprogram.

Endonymet for språket – det vil seie ordet for språket på språket sjølv – er tămašăɣt [tɑˈmɑːʃɑqː]. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, ein tuareg, heiter ămašăɣ [ɑˈmɑːʃɑɣ] (fleirtal imušaɣ [iːˈmuːʃɑːɣ]) i hankjønn og tămašăɣt (fleirtal timušaɣ [tiːˈmuːʃɑːɣ]) i hokjønn. Den viktige tuaregbyen Timbuktu heiter Tinbuktu.

Språkfamilie

Tamasjek høyrer til den berberske (amazighiske) greina av den afroasiatiske språkfamilien.

Berbersk blir delt i nordberbersk (nordamazighisk), tamasjek, austberbersk (austamazighisk), zenaga og det utdøydde guanche (Kanariøyane).

Språkhistorie

Tamasjek blir delt i tre hovuddialektar, etter uttalen av språknamnet. Språket heiter tămašăɣt i Mali (bortsett frå i Menaka), tămažăɣt i Niger og Menaka (Mali) og tămahăɣt i Hoggar-fjella (Algerie). Men tămažăɣt kan delast i to klart skilde dialektar, den i Menaka og Nordvest-Niger og den i Aïr-fjella i Niger.

Tuaregane har sitt eige alfabet, tifinagh, tamasjek tifinɑɣ. Det har røter i gamalnumidisk skrift, som truleg blei laga i det 6. hundreåret før vår tidsrekning etter mønster av punisk, den fønikiske skrifta som blei nytta i Kartago frå det 9. til det 1. hundreåret før år 0. Berre konsonantane blir skrivne.

Språksystem

Tamasjek er eit VSO-språk – setninga har strukturen verb + subjekt + objekt (Ǝ er stor ǝ, substantiv har ikkje ubunden og bunden form):

  • Ǝnhɑ̆yăn meddɑ̆n elu ‘Mennene såg elefanten.’
  • ‘såg’ ‘menn’ ‘elefant’

Verbsuffikset ‑ɑ̆n viser at subjektet er hankjønn fleirtal. ‘Eg såg’ heiter ǝnhɑ̆yɑ̆ɣ. Verb med ɑ̆ i rota – som ǝnhɑ̆y‑ – viser til avslutta handling. Meddɑ̆n ‘menn’ er fleirtal av ɑ̆hɑlǝs ‘mann’.

Substantiv har oftast prefiks, som e‑ i ebɑ̆kɑ̆r ‘han-lam’. Fleirtal har ofte både prefiks og suffiks, som i‑ og ‑ɑn i ibǝkrɑn ‘fleire han-lam’. Hokjønn eintal har oftast prefikset t‑ og suffikset ‑t lagde til hankjønn: tebɑ̆kɑ̆rt ‘ho-lam’, fleirtal tibǝkren. Ein lang prefiksvokal blir kort når substantivet er subjekt og står rett etter verbet. ‘Ho-lamma såg elefantane’ heiter Ǝnhɑ̆ynɑ̆t tǝbǝkren elwɑn, der tǝbǝkren er subjektforma av tibǝkren.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jeffrey Heath: A Grammar of Tamashek (Tuareg of Mali). (Mouton Grammar Library 35.) Mouton de Gruyter, Berlin/New York 2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg