Tersamisk
Tersamane er omtalte som terfinnas av Ottar frå Hålogaland, som vitja kong Alfred den store av England på 800-talet.
Ordhistorie
Sjøfararen og handelsmannen Ottar frå Hålogaland vitja kong Alfred av England (849–899). Han fortalde kong Alfred om tilhøva i Hålogaland – det vil seie Nord-Noreg – og om sjøferda si til Kvitsjøen. Forteljinga blei nedskriven på gamalengelsk og lagd til i ei bok saman med ei omsetjing frå latin til gamalengelsk av verdshistoria til historikaren og presten Paulus Orosius (385–420).
Forteljinga til Ottar tek til slik: Ohthere sæde his hlaforde, ælfrede cyninge, þæt he ealra norðmonna norþmest bude ‘Ottar fortalde herren sin, Alfred konge, at han budde lengst mot nord av alle nordmenn.’ Ottar fortalde vidare at landet strekte seg mykje lenger nordover enn til der han budde, men at det ikkje budde nokon der, bortsett frå her og der nokre samar, som veidde om vinteren og fiska i sjøen om sommaren. Han sa at han ein gong ønskte å finne ut kor langt nordover landet gjekk, så han siglde nordover langs kysten. Han siglde heilt til Kvitsjøen, der han møtte terfinnas ‘tersamar’ og beormas ‘bjarmar’. Dei sistnemnde var truleg karelarar, som framleis bur på vestsida av Kvitsjøen, medan tersamane budde lengst aust på Kolahalvøya. Ottar uttalte seg jamvel om språket til desse folkegruppene: Þa finnas, him þuhte, 7 þa beormas spræcon neah an geþeode. ‘Han tykte samane og bjarmane talte nesten same målet. ’ Dette rimar godt. Karelsk er eit austersjøfinsk språk, og dei austersjøfinske og dei samiske språka er nære slektningar – jamfør neste avsnitt.
Språkfamilie
Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk. Tersamisk er eitt av ni levande samiske språk, og blir rekna til ei austsamisk grein saman med kildinsamisk, skoltesamisk og det nyleg utdøydde akkalasamisk.
Sjå også artikkelen Samiske språk.
Språkhistorie
Det er vanleg å setje overgangen frå gamalsamisk til nysamisk til året 1619, då den første boka på samisk blei utgitt. Det finst likevel ei skriftleg kjelde til samisk som er frå før 1619, nemleg ei liste på 95 tersamiske ord og uttrykk, nedteikna i 1557 av den engelske sjøkapteinen Stephen Borroughs. Han forliste ved kysten av Kolahalvøya og budde eit par måneder blant tersamane. Ordista blei utgitt av den engelske geografen Richard Hakluyt (1552/53–1616).
På slutten av 1800-talet utgjorde den tersamiske folkegruppa kring 450 personar, som truleg alle snakka tersamisk. Dei budde i seks landsbyar lengst aust på Kolahalvøya: Jofkjogk Ёфкёгк (russisk Jokan'ga Йоканьга), Lɨmbes Лымбэс (russisk Lumbovka Лумбовка), Pɨenne Пыэннэ (russisk Ponoj Поной), Sosnɨeffke Сосныэффкэ (russisk Sosnovka Сосновка), Kiintuš Кӣнтуш og Kɨedt'emjavv're Кыэдтемяввьрэ. I dag er folkegruppa redusert til kring 100 personar, og berre nokre få eldre snakkar framleis tersamisk, dei andre snakkar russisk. Tradisjonelt levde tersamane av fiske, jakt og reindrift, men kollektivisering i 1930-åra og tvangsflytting frå 1930-åra til 1970-åra hadde negative følgjer for tradisjonelt samisk levevis og for tersamane som etnisk gruppe. I dag er tersamane spreidde over heile Kolahalvøya og i St. Petersburg-området.
Etter revolusjonen i 1917 byrja eit systematisk vitskapleg studium av dei samiske språka i Sovjetunionen, og i 1926 tok Instituttet for dei nordlege folka til å arbeide med rettskrivingsspørsmål. I 1933 blei det gitt ut ei ABC-bok i latinsk skrift med tekstar på eit felles kolasamisk skriftspråk som bygde på kildinsamisk, skoltesamisk og tersamisk. Dette skriftspråket viste seg å fungere dårleg i undervisninga, og alt i 1934 blei det laga nye bøker på kildinsamisk. I 1937 gjekk ein over frå det latinske til det kyrilliske alfabetet. Det blei aldri laga noko eige tersamisk skriftspråk eller tersamisk undervisningsmateriell, og språket er ikkje grundig utforska.
Språksystem
I tabellen nedanfor er tolv tersamiske ord jamførte med dei tilsvarande orda i kildinsamisk og nordsamisk.
tersamisk |
kildinsamisk |
nordsamisk |
norsk |
||
vɨejjve |
выэййвэ |
vuejjv |
вуэййв |
oaivi |
hovud |
nɨkčɨm |
ныкчым |
ňuxč'em' |
нюхчемь |
njuovčča |
tunge |
kidt |
кидт |
kiidt |
кӣдт |
giehta |
hand |
lonn't |
лоннҍт |
lånn't |
лоаннҍт |
loddi |
fugl |
čadc'e |
чадце |
čaadz' |
ча̄дзь |
čáhci |
vatn |
kiedd'ke |
ке̄ддҍкэ |
kiedd'k |
ке̄ддҍк |
geađgi |
stein |
abb're |
аббьрэ |
aabb'r |
а̄ббьр |
arvi |
regn |
toll |
толл |
tooll |
то̄лл |
dolla |
eld |
čahpɨs' |
чаһпысь |
čåhpe |
чоаһпэ |
čáhppat, čáhppes |
svart |
vilgis' |
вилгись |
viillke |
вӣллкэ |
vielgat, vilges |
kvit |
jɨjj |
йыйй |
ɨjj |
ыйй |
idja |
natt |
pejvv'e |
пэйвве |
piejjv |
пе̄ййв |
beaivi |
dag, sol |
Uttale
Tersamisk har inga fast rettskriving. Her er språket skrive etter dei same prinsippa som kildinsamisk, med nokre ekstra bokstavar. Ein kan møte tersamiske tekstar som er skrivne etter andre ortografiske prinsipp enn dei som er følgde her.
Fremst i eit tersamisk ord finn vi dei 14 einskildkonsonantane i tabellen nedanfor, om vi held nyare lånord frå russisk utanfor. Kvar konsonantant er skriven i latinsk (i kursiv) og kyrillisk skrift.
p |
п |
t |
т |
c |
ц |
č |
ч |
k |
к |
s |
с |
š |
ш |
||||||
m |
м |
n |
н |
ň |
нь |
||||
v |
в |
l |
л |
|
|
j |
й |
||
r |
р |
|
|
I den latinske skrifta står c, č, š, ň for [ʦ, ʧ, ʃ, ɲ]. Det finst ikkje nokon eigen bokstav for konsonanten [ɲ]. Her er han skriven ň. I kyrillisk skrift blir ň skriven som н, følgd av (kort eller lang) (j)i и, (j)ie е, (j)u ю, (j)o ё, (j)a я, som i ню̄ннҍ ňuunn' [ɲuːnnʲ] ‘nase’. I tabellen er palataliseringsmerket ь sett inn etter н.
Alle andre konsonantar fremst i ord er palataliserte etter (j)i и, (j)e е, (j)u ю, (j)o ё, (j)a я, men dette er ikkje merkt ortografisk. Når desse bokstavane står fremst i eit ord, blir dei uttalte med ein j framfor, som i jill'ke иллькэ ‘fot’, jugk'id югкид ‘drikke’ og jamm'ed яммед ‘døy’.
I den første stavinga i eit ord, som er trykksterk, har tersamisk desse monoftongane og diftongane:
korte monoftongar |
lange monoftongar |
diftongar |
|||||
i и |
ɨ ы |
u у |
ii ӣ |
ɨɨ ы̄ |
uu ӯ |
|
|
e э |
|
o о |
|
|
oo о̄ |
ie е̄ |
ɨe ыэ |
|
a а |
|
|
aa а̄ |
|
|
|
Etter den første vokalen finst det mange fleire konsonantar enn fremst i ordet. Tabellen nedanfor viser konsonantar som anten finst åleine eller som del av grupper, når vi ser bort frå fenomenet preaspirasjon, som er forklart lenger nede. –P og +P over kolonnane står for ikkje-palatalisert og palatalisert.
–P |
+P |
–P |
+P |
–P |
+P |
–P |
+P |
–P |
+P |
p п |
p' пь |
t т |
t' тѣ |
c ц |
c' ць |
č ч |
č' чь |
k к |
k' кь |
b б |
b' бь |
d д |
d' дѣ |
dz дз |
dz' дзь |
dž дж |
dž' джь |
ɡ г |
ɡ' гь |
f ф |
f' фь |
s с |
s' сь |
š ш |
š' шь |
x х |
x' хь |
||
z з |
z' зь |
ž ж |
ž' жь |
||||||
m м |
m' мь |
n н |
n' нѣ |
ň нь |
ŋ ӈ |
ŋ' ӈь |
|||
в v |
вь v' |
л l |
ль l' |
j й |
|||||
r р |
r' рь |
Den latinske bokstaven ž står for [ʒ]. I slutten av ord og inne i ord framfor ein annan konsonant blir palatalisering merkt (i den kyrilliske skrifta) med symbolet ѣ etter t, d, n т, д, н og med ь etter andre konsonantar. Inne i ord og i slutten av ord skil ein mellom ň нь (postalveolar) og n' нѣ (palatalisert). Her er nokre ord som viser bruken av dei to palatalseringsmerka: ňuunn' ню̄ннҍ ‘nase’, kiedd'kе ке̄ддҍкэ ‘stein’, abb're аббьрэ ‘regn’, ciell'ked це̄ллькэд ‘seie’.
Tersamisk har vokalane i, e, a i trykksvake stavingar, det vil seie i stavingar etter den første, som er trykksterk. Dersom konsonanten framfor ein av desse vokalane er ein palatalisert t, d, n т, д, н, blir vokalane skrivne ӹ, ӭ, ӓ, som i ňiijd'ij нӣйдӹй ‘lita jente/dotter’, šan'd'ij шанѣдӹй ‘ho/han blei fødd’, tutt'e туттӭ ‘det’ og mann'e маннӭ ‘egg’. Dersom konsonanten framfor er ein annan palatalisert konsonant, blir vokalane skrivne и, е, я, som i vilg'is' вилгись ‘kvit’, čadc'e чадце ‘vatn’ og pall'ad палляд ‘drepe’. Dersom konsonanten framfor ikkje er palatalisert, blir vokalane skrivne ы, э, а, som i čahpis' чаһпысь ‘svart’, abb're аббьрэ ‘regn’ og manna манна ‘måne’, ‘månad’.
Som andre samiske språk har tersamisk preaspirerte konsonantar. Etter vokalar blir preaspirasjonen skriven med bokstaven h һ, som i čahpis' чаһпысь ‘svart’ og lɨehk'e лыэһке ‘fjell’. Når den preaspirerte konsonanten kjem etter ein nasal, likvid eller halvvokal, blir desse ustemde og blir skrivne med eigne bokstavar: mh ӎ [m̥], nh ӊ [n̥], lh ӆ [l̥], rh ҏ [r̥], jh ҋ [j̊]. Eit døme: naajjhtlad'ij на̄ҋҋтладӹй ‘ho/han gifte seg’.
Litteratur om tersamisk
Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 150–153 handlar om tersamisk)
Elisabeth Scheller: «Samernas språksituation i Ryssland», Multiethnica. Meddelande från Centrum för multietnisk forskning, Uppsala universitet 2010 (32) (sidene 3–8)
Elisabeth Scheller: «Samisk språkrevitalisering i Ryssland. Möjligheter och utmaningar», NOA. Norsk som andrespråk, 2011, volum 27 (1) (sidene 86–119)
Sergej N. Tereškin: «Jokangskij dialekt saamskogo jazyka», 10.2.2002. – jazyki narodov Rossijskoj Federacii. Dissertacija na soiskanie učenoj stepeni kandidata filologičeskich nauk. Rossijskij gosudarstvennyj pedagogičeskij universitet imeni A.I. Gercena, Sankt Peterburg 2002 (Tерешкин, С.Н.: Йокангский диалект саамского языка, 10.2.2002 – языки народов Российской Федерации. Диссертация на соискание ученой степени кандидата филологических наук. Российский государственный педагогический Университет имени А.И. Герцена, Санкт-Петербург 2002
Her finst det ei tersamisk ordliste: http://dicts.uit.no/sjtdicts.nob.html
Tilrådd litteratur om språk i verda
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge University Press, Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåve. Routledge, Oxford 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåve. Cambridge University Press, Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Studentlitteratur, Lund 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåve. Routledge, Oxford 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåve. SIL, International, Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford University Press, Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. HarperCollins, New York 2006
Sist oppdatert: 19.10.2018