Faktaboks

thai

siamesisk

Språkkodar
th, tha (TH, THA)
ISO-639:3
tha
Utbreiinga til tai-kadai-språka
Av .
Lisens: Public domain

Thai er eit språk som høyrer til den sørvestlege greina av tai-språka i språkfamilien tai-kadai. Det er hovudspråk og offisielt språk i Thailand.

Thai blir tala av over 60 millionar menneske – eller av litt over 20 millionar, avhengig av korleis ein definerer språket (sjå dialektar under). 20 millionar er talet på dei som har dialekten sentralthai som førstespråk. 97,5 prosent av dei 70 millionar innbyggjarane i Thailand snakkar thai, og i tillegg finst det mindre grupper i grannelanda Kambodsja, Myanmar og Malaysia.

Thai er det einaste offisielle språket i Thailand, og det har status som minoritetsspråk i Kambodsja, Myanmar og Malaysia.

På thai heiter språket pʱāːsǎː tʱāj ภาษาไทย, der pʰāːsǎː ภาษา tyder 'språk'. Thailand heiter offisielt râːcā-āːnāːcàk tʰāj ราชอาณาจักรไทย 'Kongeriket Thailand', men til dagleg blir landet kalla mɯāŋ tʰāj มืองไทย, eller meir formelt prātʰêːt tʰāj ประเทศไทย. Ein person som kjem frå Thailand, heiter cāːūtʰāj ชาวไทย eller kʰōn tʰāj คนไทย. Hovudstaden i Thailand, som vi kallar Bangkok, har det offisielle namnet krūŋ thêːp māhǎː nákʰɔ̄ːn กรุงเทพมหานคร, til dagleg berre krūŋ tʰêːp กรุงเทพฯ.

Språkfamilie

Thai høyrer til språkfamilien tai-kadai. Det finst 95 språk i denne familien, og dei blir talte av til saman kring 93 millionar menneske i Søraust-Asia og Sør-Kina.

Det er vanleg å dele familien i tre til fem undergrupper, og ei av dei er tai-språka, der thai høyrer heime. Thai er utan samanlikning det største språket i familien. Thai er nært i slekt med laotisk (i Laos), og dei to språka er innbyrdes forståelege.

Dialektar

Thai har fire hovuddialektar: sør-, nord-, nordaust- og sentralthai. Talespråket til dei høgare sosiale laga i Bangkok, ein variant av sentralthai, er den mest prestisjefylte dialekten og fungerer i praksis som standardspråk.

I fleire oppslagsverk står det at thai blir snakka av litt over 20 millionar menneske. Dette er talet på dei som snakkar sentralthai, og då blir sør-, nord- og nordaustthai rekna som eigne språk:

  • sørthai, med rundt 5 millionar talarar, også kalla pak tai og dambro.
  • nordthai, med over 6 millionar talarar, også kalla lanna og kam mueang.
  • nordaustthai, med over 20 millionar talarar, også kalla isan, etter Isan, den nordaustlege regionen i Thailand. Nordaustthai ligg nær lao (laotisk).

Språkhistorie

Folk som snakka tai-språk byrja å spreie seg sørover frå Sør-Kina i det første tusenåret etter vår tidsrekning, og dei kom til det området som no utgjer Thailand på 1000-talet. Dei folka som budde der tidlegare, snakka mon og khmer (kambodsjansk), og thai fekk tidleg mange lånord frå desse språka.

Ifølgje tradisjonen konstruerte kong Ram Khamhaeng, thai raam khaamhɛ̌ɛŋ รามคำแหง, thai-skrifta, tidleg i regjeringstida si, som var frå 1275 til 1298. Den eldste kjende innskrifta er frå 1283 eller 1292. Men thai-skrifta ser ut til å byggje på den kambodsjanske skrifta, som har røter i ei sørindisk skrift som spreidde seg på 300–400-talet til Søraust-Asia med buddhismen, som blei statsreligion i Thailand under kong Ram Khamhaeng. Med den indiske påverknaden kom det mange lånord frå sanskrit og pali – til dømes pʰāːsǎː ภาษา 'språk', frå sanskrit bʰaːʂaː भाषा 'språk'.

Grammatikk

Leddstilling

Thai er eit SVO-språk, og dette kan illustrerast med denne setninga:

ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม ('Eg gav han tre bøker.')

SUBJEKT VERBAL OBJEKT PREPOSISJONSFRASE KL
cʰǎn hâj nǎŋsɯ̌ː kɛ̀ː kʰǎw sǎːm lêːm
eg gi bok til han tre
KL = klassifikator (sjå lenger nede)

Status

I thai spelar alder, sosial status, kjønn, relasjonen mellom talarane og kor formell situasjonen er, ei viktig rolle – ikkje minst ved val av personlege pronomen. cʰǎn ฉัน, som berre er eitt av svært mange moglege pronomen i 1. person eintal, uttrykkjer at talaren er av hokjønn, og at situasjonen er uformell. Thai har ikkje kasus, og cʰǎn ฉัน svarer til både eg og meg på norsk.

Pronomenet kʰǎw เขา har vi her sett om med 'han', men det er eigentleg eit generelt 3. persons-pronomen som kan setjast om med både 'ho', 'han' og 'dei'.

Ubøyelege ord

Orda blir ikkje bøygde i thai, og substantivet skil ikkje mellom eintal og fleirtal eller ubunden og bunden form. Substantivet mǎa หมา kan setjast om med ‘(ein) hund’, ‘hunden’, ‘hundar’ og ‘hundane’. Verbet hâj ไห้ kan setjast om med både 'gi', 'gir' og 'gav' i ulike samanhengar.

Klassifikatorar

Når eit talord blir sett til eit substantiv, for å seie til dømes «tre bøker», må det òg vere med ein såkalla klassifikator, forkorta KL ovanfor. Det finst svært mange klassifikatorar, og ein må lære for kvart substantiv kva for klassifikator dei tek. Faktisk er lêːm เล่ม klassifikator for bøker, knivar og stearinlys. Ein annan klassifikator er tūā ตัว, som ein bruker ved substantiv som viser til dyr, stolar, bord, klesplagg og gitarar – som i tóʔ sìː tuā โต๊ะสี่ตัว 'fire bord', der tóʔ โต๊ะ tyder 'bord', og sìː สี่ tyder 'fire'. Som vi ser av setninga ovanfor, treng ikkje talet pluss klassifikatoren står rett etter substantivet.

Fonologi

Stavinga i thai kan framstillast slik: K(K)V(K)+tone. Det tyder at ei staving har ein vokal (V) og ein tone. Føre vokalen står det éin eller to konsonantar (K). Etter vokalen står det ingen eller éin konsonant. Dei fleste orda i thai har berre éi staving. Nedanfor er ein presentasjon av konsonantane, vokalane og tonane i thai i lydskrift.

Konsonantar

Tabell 1. Stavingsinitiale konsonantar i thai.
Tabell 1. Stavingsinitiale konsonantar i thai.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tabell 1 viser konsonantane som kan stå fremst i ei staving, i IPA-transkripsjon, bortsett frå at c står for [ʧ]. Under kvart fonetisk symbol står skrivemåten i thai-skrift. Mange konsonantar kan skrivast på fleire måtar. Grunnen er at thai-skrifta stammar frå ei sørindisk skrift og har halde ved lag symbol for ei rekkje konsonantar som finst i indiske språk, men ikkje i thai. Med mindre tilpassingar blir thai-skrifta brukt i buddhistiske tekstar på det mellomindiske språket pali.

Desse konsonantgruppene kan stå fremst i ei staving:

  • pr pl pʰr pl
  • tr
  • kr kl, kw, kʰr, kʰl, kʰw

I slutten av ei staving finn vi desse konsonantane:

  • p t k
  • m n ŋ
  • j w

Vokalar

Tabell 2. Monoftongane i thai.
Tabell 2. Monoftongane i thai.
Lisens: CC BY SA 3.0

Vokalane kan delast i ni korte monoftongar, ni lange monoftongar og tre diftongar. I Tabell 2 er vokalteikna kombinerte med konsonanten m ม. I tillegg finst det tre diftongar, her kombinert med m ม i thai-skrifta: ia เมีย, ɯa เมือ, ua ม้ว.

Tonar

Tabell 3. Dei fem tonane i thai

Fem ord som illustrerer dei fem tonane i thai.

Tabell 3. Dei fem tonane i thai
Lisens: CC BY SA 3.0

Språket har fem tonar — høg, midtre, låg, stigande, fallande — som blir noterte over vokalane i transkripsjonen. I thai-skrifta blir tonane markerte med ein kombinasjon av diakritiske teikn og ulike bokstavar. Sjå Tabell 3.

Skrift

Thaiskrifta er ei tilpassing av den sørindiske brahmiskrifta, og blei første gong brukt i 1283. Alfabetet har 44 konsonantteikn, ei lang rekkje vokalteikn og fire toneteikn, som saman med stavingstypen, konsonantklassen og vokallengda viser kva tone ei staving har.

Abugida, skriven frå venstre mot høgre

Thai-skrifta blir skriven frå venstre mot høgre, akkurat som det latinske alfabetet. Det er ikkje noko mellomrom mellom orda i ei setning, som illustrert med setninga ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม 'Eg gav han tre bøker'. Eit mellomrom fungerer som komma eller punktum i latinsk skrift. Det er ei abugida-skrift, der kvar konsonant blir uttalt med ein vokal etter når det ikkje står noko eige vokalteikn.

Denne «inherente» vokalen er a i opne stavingar (stavingar som endar på vokal) og o i lukka stavingar (stavingar som endar på konsonant). Dette kan illustrerast med ordet ถนน 'veg', 'gate', som inneheld konsonantane tʰ‑n‑n. Ordet blir uttalt tʰà‑nǒn, med ein a etter den første konsonanten og o etter den andre – medan den siste konsonanten, i slutten av ordet, blir uttalt utan vokal.

Korleis dei ulike vokalane blir skrivne, kan ein sjå av vokaltabellen i avsnittet Fonologi lenger oppe.

Vokalane

Vokalane blir skrivne med teikn som blir lagde til før, over, under og/eller etter konsonantteikna. Ein ekstra komplikasjon er det at dei teikna som står for vokalar, i tillegg ofte representerer ein konsonant på slutten av stavinga.

Lånord

Thai har ei lang rekkje lånord, i første rekkje frå pali og sanskrit (religiøst, litterært og teknisk vokabular), men også frå khmer, kinesisk, malayisk og engelsk.

Thai brukar dessutan eit differensiert vokabular avhengig av den relative sosiale statusen og alderen til talaren og tilhøyraren. Dette ser ein mellom anna ved systemet av klassifikatorar: kʰon blir nytta om vanlege menneske, ōŋ om munkar og heilage gjenstandar og pʰrá-ōŋ om kongelege personar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Smyth, David 2014. Thai. An essential grammar. 2nd edition. London / New York: Routledge.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg