Faktaboks

tyrkisk

tyrkia-tyrkisk, engelsk: turkish

Uttale
tˈyrkisk
Språkkodar
tr, tur (TR, TUR)
ISO-639:3
tur
I med og uten prikk
Tyrkisk, aserbajdsjansk og fleire andre tyrkiske språk skil mellom i med og utan prikk, medan dei fleste andre språk skriv stor I utan prikk og liten i med prikk. Byen İstanbul blir for eksempel skrive med prikk over İ, medan i Nasıl gidiyor? 'korleis har du det' blir Nasıl skrive med ı utan prikk.
I med og uten prikk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Tyrkisk er eit språk som høyrer til den sørvestlege (oghuziske) greina av den tyrkiske språkfamilien og er nærast i slekt med aserbajdsjansk og turkmensk. Tyrkisk er offisielt språk i Tyrkia og på Kypros.

Tyrkia har kring 72 millionar innbyggjarar. Truleg utgjer 28 millionar ulike etniske minoritetar med eigne språk, slik at talet på førstespråkstalarar av tyrkisk ligg kring 45 millionar. Det finst over ein million tyrkisktalande i Bulgaria, Kypros, Hellas, Nord-Makedonia, Romania og Usbekistan og store grupper i Vest-Europa, mellom anna kring 2 millionar i Tyskland.

Tyrkisk er den historiske fortsetjinga av osmansktyrkisk (sjå osmanli). Sidan alfabetreforma i 1928 har tyrkisk blitt skrive med det latinske alfabetet.

Türk tyder 'tyrkar' og Türkçe 'tyrkisk (språk)'. Landet heiter Türkiye 'Tyrkia' eller Türkiye Cumhuriyeti 'Republikken Tyrkia'. Dei to største byane i landet er İstanbul og hovudstaden Ankara.

Språkfamilie

Tyrkisk er eit turkotatarisk språk. Den turkotatariske språkfamilien har seks hovudgreiner, og tyrkisk høyrer til oghuz-greina, saman med gagauz og azeri.

Språkhistorie

Då tyrkarane invaderte Vest-Asia på 900-talet, omvende mange seg til islam og tok i bruk det arabiske alfabetet. På 1000-talet trengde dei inn i Persia, og persisk blei administrasjons- og kulturspråket deira. Osmanlıca 'osmansk tyrkisk', skrive med det arabiske alfabetet og fullt av arabiske og persiske lånord og grammatiske konstruksjonar, var offisielt språk i Det osmanske riket (1299–1922).

I 1928, fem år etter skipinga av Republikken Tyrkia med Mustafa Kemal Atatürk som president, blei det vedteke å gå over til det latinske alfabetet. Türk Dili Kurumu 'Det tyrkiske språkinstituttet', skipa i 1932, stod for ein puristisk språkpolitikk som innebar at store mengder arabiske og persiske ord blei bytte med gamle tyrkiske ord som hadde overlevd i dialektane eller var kjende frå eldre litteratur. Ein lånte òg ord frå andre turkotatariske språk og laga nye ord.

Sidan alfabetreforma i 1928 har tyrkisk vore skrive med det latinske alfabetet med følgjande teikn for spesielle lydverdier: c blir uttalt [dʒ], ç [tʃ], ğ karakteriserer forlenging av førre vokal, ı kan beskrivast som ein høg, bakre, urunda vokal («urunda u»), ş [ʃ].

Språksystem

Tyrkisk er eit agglutinerande språk, det vil seie at ord kan delast i ei rot pluss klart avgrensa suffiks med sin eigen grammatiske funksjon. Ei jamføring mellom tyrkisk og det fusjonerande språket norrønt viser kva dette går ut på:

Tyrkisk Norrønt
ev 'hand' kuş 'fugl' hǫnd 'hand' fugl 'fugl'
Nominativ eintal el kuş hǫnd fugl
Nominativ fleirtal eller kuşlar hendr fuglar
Dativ eintal ele kuşa hǫnd/hǫndu fugli
Dativ fleirtal ellere kuşlara hǫndum fuglum

Fleirtal er alltid uttrykt med suffikset -ler/-lar, dativ med suffikset -e/-a. Valet mellom e og a i suffiksa følgjer enkle reglar, sjå vokalharmoni under uttale.

Norrønt er ganske innfløkt jamført med tyrkisk. Suffikset -um uttrykkjer både fleirtal og dativ, og i eintal er dativ uttrykt ulikt ved hǫnd og fugl. Norrønt har vokalvekslingar i rota, noko som er ukjent i tyrkisk.

Tyrkisk har vokalharmoni, det vil seie at vokalane i eit ord samsvarer etter spesielle reglar. Genitivsuffikset vekslar mellom -in, -ün, -ın og -un etter kva vokal vi finn i stavinga framfor.

Det tyrkiske skriftspråket byggjer på Istanbul-dialekten.

Lånord i norsk

Det norske ordet jogurt, også skrive yoghurt, kjem av tyrkisk yoğurt. Jogurt er ei mjølk som etter homogenisering og høgpasteurisering er syra ved om lag 40 °C med ein spesiell bakteriekultur.

Ordet kiosk kom til norsk på 1700-talet via tysk Kiosk og fransk kiosque frå italiensk chiosco, og italienarane hadde lånt det frå tyrkisk köşk 'hagepaviljong'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg