Allkunne.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at vi kan gi deg ei betre brukaroppleving.
Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta til trafikkmåling og til å optimalisere tenesta.
Ved å halde fram med å bruke allkunne.no godkjenner du bruken av informasjonskapslar.
Vil du vite meir, kan du lese om korleis vi bruker informasjonskapslar.
Butikklokale med tyske skilt i byen Deutsch-Wagram i Austerrike. På skilta står det musikhaus 'musikkhus' og Nähstube, 'syrom'. Foto: M&K Huber, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Tysk er førstespråket til over 80 millionar menneske i Tyskland og mellom 15 og 25 millionar andre stader i verda. Det er òg andrespråket til mange, tala varierer frå kring 30 millionar til kring 80 millionar. Tysk er det tiande største språket i verda.
Formell status
Tysk er det einaste landsdekkjande offisielle språket i Tyskland, Liechtenstein og Austerrike, og det er offisielt språk i tillegg til nederlandsk og fransk i Belgia, i tillegg til luxemburgisk og fransk i Luxemburg og i tillegg til fransk, italiensk og retoromansk i Sveits. Tysk er òg offisielt språk i tillegg til italiensk og ladinsk i den italienske regionen Trentino-Alto Adige. Vidare er det eit av dei mange offisielle språka i EU. Det har status som minoritetsspråk i Danmark, Ungarn, Romania, Slovakia og Tsjekkia, og det har ein viss offisiell status i Namibia, Polen, Slovakia (i Krahule/Blaufuß) og Vatikanstaten (som kommandospråk i sveitsargarden, i tillegg til italiensk).
Grunnord
Språket heiter deutsch 'tysk', standarddeutsch 'standardtysk' på tysk. 'Tyskland' heiter Deutschland. 'Tyskar' heiter Deutscher i hankjønn og Deutsche i hokjønn.
Butikklokale med tyske skilt i byen Deutsch-Wagram i Austerrike. På skilta står det musikhaus 'musikkhus' og Nähstube, 'syrom'. Foto: M&K Huber, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Rolf Theil
Tysk
SPRÅKFAKTA
Brukarar
Tysk er førstespråket til over 80 millionar menneske i Tyskland og mellom 15 og 25 millionar andre stader i verda. Det er òg andrespråket til mange, tala varierer frå kring 30 millionar til kring 80 millionar. Tysk er det tiande største språket i verda.
Formell status
Tysk er det einaste landsdekkjande offisielle språket i Tyskland, Liechtenstein og Austerrike, og det er offisielt språk i tillegg til nederlandsk og fransk i Belgia, i tillegg til luxemburgisk og fransk i Luxemburg og i tillegg til fransk, italiensk og retoromansk i Sveits. Tysk er òg offisielt språk i tillegg til italiensk og ladinsk i den italienske regionen Trentino-Alto Adige. Vidare er det eit av dei mange offisielle språka i EU. Det har status som minoritetsspråk i Danmark, Ungarn, Romania, Slovakia og Tsjekkia, og det har ein viss offisiell status i Namibia, Polen, Slovakia (i Krahule/Blaufuß) og Vatikanstaten (som kommandospråk i sveitsargarden, i tillegg til italiensk).
Grunnord
Språket heiter deutsch 'tysk', standarddeutsch 'standardtysk' på tysk. 'Tyskland' heiter Deutschland. 'Tyskar' heiter Deutscher i hankjønn og Deutsche i hokjønn.
Tysk – språket som skapte Feinschmecker og Besserwisser.
Ordhistorie
Dei fleste tyske lånorda i norsk kjem frå nedertysk, men vi har òg ein god del frå standardtysk. Dei er lånte mykje seinare enn dei nedertyske lånorda. Nokre døme: feinschmecker 'gourmet', 'skjønar' frå standardtysk Feinschmecker (same tyding, eigentleg 'finsmakar'), kvarts 'hardt glasliknande mineral av silisiumoksid', frå standardtysk Quarz 'kvarts', nachspiel 'framhald av ein fest, eit møte e.l., særleg på ein annan stad', 'nattsete' frå standardtysk Nachspiel 'etterspel', 'nachspiel', besserwisser 'person som lèt andre forstå at han eller ho skjønar tinga best', 'betrevitar' frå standardtysk Besserwisser 'betrevitar', 'forståsegpåar'.
Språkfamilie
Standardtysk høyrer til dei vestgermanske språka, som er ei undergruppe av den germanske greina av indoeuropeisk. Vi skil mellom høgtyske og nedertyske dialektar, og standardtysk er høgtysk.
Byporten Brandenburger Tor i Berlin. Foto: Ronny Siegel, Flickr.com CC BY 2.0.
Språkhistorie
Kring år 600 byrja dialektane i den sørlege halvparten av det tyske språkområdet å skilje lag med dialektane i nord, ved at dei gjennomgjekk den høgtyske lydforskyvinga, som mellom anna innebar at dei gamle germanske konsonantane p, t og k blei til pf/ff/f, tz/z/ss/ß/s og ch:
NORSK
NEDERTYSK
NEDERLANDSK
STANDARDTYSK
laupe
lopen
lopen
laufen
plog
Ploog
ploeg
Pflug
pipe
Piep
pijp
Pfeife
ete
eten
eten
essen
fot
Foot
voet
Fuß
teikn
Teken
teken
Zeichen
tak
Dack
dak
Tach
Høgtysk er kjent i skrift sidan kring 750. Då Martin Luther omsette Bibelen til høgtysk i tidsromet frå 1522 til 1534, la han grunnlaget for det standardtyske skriftspråket.
Språksystem
Standardtysk har ein meir konservativ grammatikk enn andre tyske dialektar og andre vestgermanske språk, og har halde ved lag tre grammatiske kjønn (hankjønn, hokjønn og inkjekjønn) og fire kasus (nominativ, akkusativ, dativ og genitiv). Men standardtysk har eit mindre konservativt lydsystem enn dialektane i nord, sidan dei har gjennomgått den den høgtyske lydforskyvinga (sjå avsnittet «Språkhistorie»).
Uttale
Tysk har sju korte, trykksterke vokalar, skrivne med åtte ulike bokstavar:
i [ɪ]
ü [ʏ]
u [ʊ]
e, ä [ɛ]
ö [œ]
o [ɔ]
a [a]
I tryklette stavingar finst òg e [ǝ]. Her er nokre døme på ord med dei ulike korte vokalane: Mitte [ˈmɪtǝ], müssen [ˈmʏsǝn], Mutter [ˈmʊtǝʁ], Stelle [ˈʃtɛlǝ], Wächter [ˈvɛçtǝʁ], Hölle [ˈhœlǝ], offen [ˈɔfǝn], Kamm [ˈkam]. At ein trykksterk vokal er kort, viser seg i hovudsak ved at han er følgd av to eller fleire konsonantbokstavar. Når det følgjer éin eller ingen konsonantbokstav, er vokalen lang, og det finst åtte lange vokalar. At ein vokal er lang, blir til dels òg vist ved dobling eller tillegg av e eller/og h:
i, ie, ieh [iː]
ü, üh [yː]
u, uh [uː]
e, ee, eh [eː]
ö, öh [øː]
o, oo, oh [oː]
ä, äh [ɛː]
a, aa, ah [aː]
Her er nokre døme på ord med dei lange vokalane: Kiel [ˈ], Bühne [ˈbyːnǝ], Mut [ˈmuːt], beten [ˈbeːtǝn], böse [ˈbøːzǝ], Ofen [ˈoːfǝn], Käse [ˈkɛːzǝ], kam [ˈkaːm]. Det finst tre diftongar, [ae, ao, ɔø], som blir skrivne ei (i nokre tilfelle ai), au og eu/äu, som i drei [ˈdʁae], Tau [ˈtao] og Scheu [ˈʃɔø].
Tysk har 21 konsonantar:
p [p]
t [t]
k [k]
b [b]
d [d]
g [ɡ]
f, v [f]
s, ss, ß [s]
sch [ʃ]
ch, g [ç]
ch [x]
h [h]
w [v]
s [z]
g, j [ʒ]
m [m]
n [n]
ng [ŋ]
r [ʁ]
l [l]
j [j]
Dei stemde konsonantane [b, d, ɡ, v, z, ʒ] finst ikkje i slutten av ord, og difor blir Tag 'dag' uttalt [ˈtaːk], medan Tage 'dagar' blir uttalt [ˈtaːɡə].