Faktaboks

umesamisk
Språkkodar
sju (SJU)
ISO-639:3
sju

Umesamisk er eit sterkt trua samisk språk som høyrer til den vestsamiske språkgruppa. Det blir i dag berre brukt langs Umeälven i svensk Lappland, og er rekna som forsvunne i Noreg. UNESCO klassifiserer språket som på veg ut av bruk, fordi det berre finst nokre få eldre talarar att.

I i 2000 var det om lag 20 gjenverande samar som snakka umesamisk i Sverige, i kommunane Arjeplog og Arvidsjaur (språkforskar Tapani Salminen). I 2007 var det berre 10 personar att som snakka umesamisk, og dei var alle over 65 år gamle (språkforskar Trond Trosterud). I Noreg blir språket rekna som forsvunne, men det finst framleis folk som identifiserer seg som umesamar. Umesamisk vart tradisjonelt snakka i Rana, Hemnes og Korgen på norsk side, området frå Umeälven innan Maskaure, Ståkke, Västra Kikkejaure, Östra Kikkejaure i Arjeplog og Arvidsjaur, Malå, Gran og Umby i Tärna i Sverige.

Det umesamiske språkområdet ligg i det svenske förvaltningsområdet för samiska språket, der samisk er offisielt minoritetsspråk, og umesamisk har den offisielle statusen som følgjer med dette.

Endonymet for det umesamiske språket er ubmejesámiengiella. Dei tradisjonelle umesamiske kommunane heiter Árviesjávrrie (Arvidsjaur), Árjjepluovve (Arjeplog), Suarssá (Sorsele), Máláge (Malå) og Lusspie (Storuman).

Språkfamilie

Samiske språk i den uralske språkfamilien
Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Umesamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Umesamisk er eit vestsamisk språk, og høyrer til undergruppa sørsamiske språk saman med sørsamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Språkhistorie

I 1632 skipa soknepresten i Umeå, Olaus Niurenius, ein skule for samiske gutar i tettstaden Lycksele (umesamisk Liksjuo) i Västerbottens län. Skulen fekk namnet Skytteanska skolan, men var òg kjend som Lappskolan i Lycksele. Niurenius meinte det trongst samisktalande prestar i dei samiske områda.

Lycksele blei eit sentrum for samisk utdanning i Sverige, og her gav dei ut mange av dei første samiskspråklege bøkene i Sverige. Bøkene var på umesamisk, det lokale samiske språket. Dei første umesamiske bøkene frå Lycksele var Laurentius Paulinus Gothus Thesaurus catecheticus (1668) og Manuale Lapponicum (1669). I 1726 kom ei ABC-bok og Luthers vesle katekisme. I 1738 publiserte den svenske presten Per Fjellström i Lycksele ei skildring av umesamisk grammatikk (Grammatica Lapponica) og ein svensk-umesamisk ordbok (Sueco-Lapponicum). Det nye testamentet vart gitt ut på umesamisk i 1755. Den første bibelen vart gitt ut på umesamisk i 1811, under tittelen Tat Ajles Tjalog (Den Hellige Skrift).

Frå 1800-talet byrja umesamane gradvis å bli assimilerte i det svenske samfunnet, og det umesamiske språket er nesten blitt heilt borte. Dei seinare åra har læraren Henrik Barruk i Storuman (umesamisk Lusspie) arbeidd for å dokumentere og revitalisere det umesamiske språket, og i 2008 fekk han Gollegiella-prisen (Gullspråk-prisen), den nordiske samiske språkprisen, for arbeidet sitt.

2. mai 2012 vedtok eit arbeidsutval i kommunestyret i Umeå at det umesamiske namnet Ubmeje skal setjast opp ved sida av det svenske namnet Umeå på innfartsvegane til byen. Dette hadde ikkje vore mogleg så mykje tidlegare, for det var ikkje før 27. april 2010 at Samisk språkråd / Sámi giellalávdegoddi godkjende ein særeigen umesamisk ortografi. Denne ortografien kom først og fremst i stand for at det skulle bli mogleg å ta med umesamiske stadnamn på offisielle kart.

Den 6. april 2016 vart den umesamiske ortografien offisielt godkjent av Samisk Parlamentarisk Råd (SPR). Umesamisk-svensk, svensk-umesamisk ordbok, Báhkuogirjjie – ført i pennen av Henrik Barruk – vart gitt ut i 2019.

Språksystem

Umesamisk har mange felles drag med både sørsamisk og dei samiske språka lenger nord.

Tabellen nedanfor viser korleis substantivet som tyder ‘hus’, ‘gamme’, ‘telt’ blir bøygd i eintal på sørsamisk, umesamisk, lulesamisk og nordsamisk.

Likskapen med sørsamisk er mellom anna at kasusendingane har overlevd i ei svært konservativ form jamført med lulesamisk og nordsamisk. Likskapen med lulesamisk og nordsamisk er mellom anna den såkalla stadievekslinga, det at konsonantane mellom den første og andre stavinga vekslar under bøyinga, i umesamisk og lulesamisk mellom ht og d i dette substantivet, og i nordsamisk mellom ht og đ, medan sørsamisk ikkje har dette fenomenet, og har t i alle formene.

sørsamisk umesamisk lulesamisk nordsamisk
nominativ gåetie gåhtie goahte goahti
genitiv gåetien gådien goade goađi
akkusativ gåetiem gådiev goadev goađi
illativ gåatan gåhtáje goahtáj goahtái
inessiv gåetesne gådiesne goaden goađis
elativ gåeteste gådieste goades goađis
komitativ göötine gudijne gådijn gođiin
essiv gåetine gåhtiene goahten goahtin

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg