Hopp til innhold
X
Innhald

Ungarsk

Latin var offisielt språk i Ungarn frå 900-talet til 1400-talet. Ungararane helsar kvarandre framleis med det latinske ordet servus 'slave'.
Ordhistorie
Dei to mest kjende ungarske lånorda i norsk er kusk og gulasj. Kusk kjem via tysk Kutscher 'kusk' og Kutsche 'vogn', 'drosje' frå ungarsk kocsi [ˈkotʃi] 'køyretøy', 'vogn'. Ordet har kome inn i engelsk som coach 'jernbanevogn', 'postvogn'. Kocsi er ei forkorting av kocsi szekér [ˈkotʃi ˈsekeːr] 'vogn frå (byen) Kocs'. Gulasj 'matrett av småskore oksekjøt i sterkt krydra tomatsaus' kjem via tysk Gulasch av ungarsk gulyás [ˈgujaːʃ], som ikkje berre er namnet på matretten, men òg ordet for 'gjetar'. Gulasjen var opphavleg gjetarkost. Paprika har vi òg lånt frå ungarsk, også det via tysk, men ungararane hadde tidlegare lånt ordet frå serbokroatisk.
 
Språkfamilie
Ungarsk høyrer til den uralske språkfamilien, som har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Dei ugriske språka er ungarsk og to språk som blir snakka i Sibir, hanti (ostjakisk) og mansi (vogulsk). Samisk og finsk er finsk-permiske språk, og mange ord viser slektskapen med ungarsk, til dømes desse:
 
NORDSAMISK
FINSK
UNGARSK
HANTI
TYDING
čalbmi
silmä
szem
sém
'auge'
varra
veri
vér
wur
'blod'
jiekŋa
jää
jég
jéŋk
'is'
goahti
kota
ház
hót
'hus', 'hytte'
 
Språkhistorie
Dei første skrivne ungarske orda, nokre stadnamn, finst i eit gresk dokument frå Ungarn frå år 997, litt over hundre år etter at ungararane slo seg ned i det noverande Ungarn. Latin var offisielt språk i Ungarn frå 900-talet til 1400-talet. Ungararane helsar kvarandre framleis med det latinske ordet servus 'slave' – men skrivemåten er i dag szervusz, og tydinga er 'hei, hallo'. Eit ungarsk manuskript frå 1190 er den eldste eksisterande teksten på noko uralsk språk. På slutten av 1700-talet byrja ei puristisk reform som varte i nesten hundre år. Ein fjerna mange lånord og skapte ungarske ord for nye omgrep. Mange gamle ord blei tekne i bruk att.

Sjakk og bading i eitt! I Budapest i Ungarn er det fleire bad med vatn frå naturlege varmekjelder. Foto: Alex Proimos, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Sjakk og bading i eitt! I Budapest i Ungarn er det fleire bad med vatn frå naturlege varme kjelder. Foto: Alex Proimos, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

 
Språksystem
Ungarsk har mykje ordbøying. Språket har kring 25 kasus, og ein får fram mykje med kasus som norsk uttrykkjer med preposisjonar. Medan a ház tyder 'huset' (a er den bundne artikkelen), tyder a házba 'inn i huset', a házban 'i huset' og a házból 'ut av huset'.
 
Substantivet kan òg ha possessivsuffiks. Kéz tyder 'hand', kezem tyder 'handa mi', og kezed tyder 'handa di'. Når substantivet i tillegg har kasus-suffiks, kjem det etter possessivsuffikset: kezemben 'i handa mi'.
 
Legg merke til at kasusendinga som tyder 'i', heiter ‑ban når ordet har bakre vokalar og ‑ben når ordet har fremre vokalar. Dette kallar vi vokalharmoni.
 
Uttale
Ungarsk har sju korte og sju lange vokalar:
 
 
i [i]
ü [y]
u [u]
 
í [iː]
ű [yː]
ú [uː]
 
 
e [ɛ]
ö [ø]
o [o]
 
é [eː]
ő [øː]
ó [oː]
 
 
 
 
a [ɒ] 
 
á [aː]
 
 
 
 
Her er konsonantane i ungarsk:
 
 
p [p]
t [t]
c [ts]
cs [tʃ]
ty [cç]
k [k]
 
 
 
b [b]
d [d]
dz [dz]
dzs [dʒ]
gy [ɟʝ]
g [ɡ]
 
 
 
f [f]
 
sz [s]
s [ʃ]
 
 
h [h]
 
 
v [v]
 
z [z]
zs [ʒ]
 
 
 
 
 
m [m]
n [n]
 
 
ny [ɲ]
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
 
 
l [l]
 
 
j, ly [j]
 
 
 
 
Konsonantane kan òg vere lange, og det er uttrykt ortografisk ved fordobling – av den første bokstaven dersom konsonanten blir skriven med to ulike bokstavar: pp, bb, ff, vv, mm, tt, dd, nn, rr, ll, cc, ddz, ssz, zz, ccs, ddzs, ss, zzs, tty, ggy, nny, jj, lly, kk, gg, hh. Ungarsk har ei ortofon rettskriving, men – som det går fram av tabellen ovanfor – er ein del bokstavar og bokstavgrupper brukte på ein uvand måte. Trykket ligg alltid på den første stavinga i eit ord, som i Budapest [ˈbudɒpɛʃt], bikavér [ˈbikɒveːɾ] 'okseblod', Magyarország [ˈmɒɟʝɒɾoɾsaːɡ] 'Ungarn'.


Sist oppdatert: 14.12.2017