Hopp til innhold
X
Innhald

Urdu

Ordet urdū اردو er i slekt med det norske ordet horde.
Ordhistorie
Ordet urdū, namnet på språket, kjem frå persisk ordu ﺍﺭﺩﻭ 'leir', gjennom uttrykket zæban-e-ordu ﺍﺭﺩﻭ ﺯﺑﺎﻥ 'leirspråket' (urdu zabān-ĕ-urdū). Persisk har lånt ordet frå tyrkisk ordu 'hær', 'armé', 'krigsleir'. Det kjem frå kiptsjakisk orda 'sommar- og vinterleir for herskar med følgje'. Ordet har kome inn i norsk i forma horde. Ordet skriv seg frå uttrykket Den gylne horden, namnet på ein mongolsk stat som oppstod i delar av våre dagars Russland, Ukraina og Kasakhstan då Mongolriket blei delt i 1240-åra. 'Den gylne horden' heiter Altın Ordu 'gullhæren' på tyrkisk.
 
Språkfamilie
Urdu er eit indoarisk språk og står svært nær hindi. Dei indoariske språka utgjer saman med dei iranske språka den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.
 
Språkhistorie
Dialekten i Delhi og den vestlege delen av Uttar Pradesh heiter khaṛī bolī ﺑﻮﻟﻰ ﻱﮍﻛﻬ, men blei kalla hindūstānī ﻫﻨﺪﻭﺳﺘﺎﻧﻰ av dei muslimske herskarane i Mogulriket, som omfatta det meste av India frå tidleg på 1500-talet til midt på 1800-talet. Det mogulske aristokratiet snakka opphavleg persisk, men gjekk på 1600-talet over til khaṛī bolī, med mange persiske og arabiske lånord. Dei skreiv språket med det arabiske alfabetet. Språket fekk etter kvart det persiske namnet zæban-e-ordu / zabān-ĕ-urdū ﺍﺭﺩﻭ ﺯﺑﺎﻥ 'leirspråket', det vil seie språket i militærleiren. Då staten Pakistan blei oppretta 14. august 1947, blei urdu nasjonalspråket. Også i fleire indiske delstatar er urdu offisielt språk.
 
Språksystem
Daglegdags urdu og hindi talespråk er ikkje lette å skilje frå kvarandre, og dialogane i Bollywood-filmane er på eit språk som folk i India oppfattar som hindi og folk i Pakistan som urdu. Språkforma er vald medvite av filmskaparane, for å nå eit størst mogleg publikum.
 
Setninga nedanfor illustrerer mykje av den grammatiske strukturen i urdu. Legg merke til at setninga ser heilt lik ut på hindi, bortsett frå skrifta.
 
ﮟﻫﻴ ﮯﺳﻜﺘ ﺟﻮﺕ ﺯﻣﻴﻦ ﮯﺳ ﺁﺳﺎﻧﻰ ﻛﺴﺎﻥ ﮟﻣﻴ ﮞﺩﻧﻮ ﮯﮐ ﺳﺎﺕﺑﺮ
barsāt ke dinoṁ meṁ kisān āsānī se zamīn jot sakte haiṁ
'I regntida kan bøndene lett pløye åkeren.'
 
Setninga tek til med tidsadverbialet barsāt ke dinoṁ meṁ 'i dagane åt regnet'. Så kjem subjektet kisān 'bønder', objektet āsānī se zamīn 'jordbruksland' og til slutt tre verb, jot sakte haiṁ 'kan pløye'. Vi kallar urdu eit SOV-språk, fordi subjektet (S) kjem før objektet (O), med verbet (V) til slutt.
 
Uttale
Urdu har ti vokalar, her attgitt i translitterasjon og fonetisk transkripsjon:
 
 
 
 
ī [i]
 
ū [u] 
 
 
 
 
 
 
i [ɪ]
 
u [ʊ] 
 
 
 
 
 
 
e [e] 
a [ǝ] 
o [o] 
 
 
 
 
 
 
ai [ɛ] 
 
au [ɔ] 
 
 
 
 
 
 
 
ā [a] 
 
 
 
 
 
Alle dei ti vokalane finst òg i nasalert utgåve, markert med etter i translitterasjonen, som i maiṁ [mɛ̃] 'eg'.
 
Urdu har desse konsonantane:
 
 
 
p [p]
t [t]
[ʈ]
c [tʃ]
k [k]
q [q]
 
 
 
ph [pʰ]
th [tʰ]
ṭh [ʈʰ]
ch [tʃʰ]
kh [kʰ]
 
 
 
 
b [b]
d [d]
ḍ~ṛ [ɖ~ɽ]
j [dʒ]
g [ɡ]
 
 
 
 
bh [bʰ]
dh [dʰ] 
ḍh~ṛh [ɖʰ~ɽʰ] 
jh [dʒʰ]
gh [ɡʰ]
 
 
 
 
f [f]
s [s]
 
š [ʃ]
x [x]
 
h [ɦ]
 
 
 
z [z] 
 
 
ġ [ɣ]
 
 
 
 
m [m]
n [n]
 
 
 
 
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
 
 
Medan norsk skil mellom ustemde og stemde plosivar, til dømes p og b, skil urdu mellom fire typar: ustemd uaspirert p [p], ustemd aspirert ph [pʰ], stemd uaspirert b [b] og stemd aspirert bh [bʰ]. Jamfør pānī ﭘﺎﻧﻰ 'vatn', phūl ﭘﻬﻮﻝ 'blome', bādal ﺑﺎﺩﻝ 'sky' og bhālū ﺑﻬﺎﻟﻮ 'bjørn'. Bhālū er sjølvsagt opphavet til Baloo, the sleepy brown bear who teaches the wolf cubs the Law of the Jungle 'Baloo, den søvnige brune bjørnen som lærer ulvungane jungellova' i The Jungle Book 'Jungelboka' (1894) av Rudyard Kipling.


Sist oppdatert: 01.07.2009