Hopp til innhold
Mann frå Senegal. Foto: United nations Photo, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Mann frå Senegal. Foto: United nations Photo, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
X
Innhald

Wolof

På wolof heiter 'kultur' kiltiir.

Ordhistorie
Det mest internasjonale ordet med opphav i wolof er fransk boubou, som er velkjent for folk som har vore i Vest-Afrika. Ordet kjem av wolof mbubb [mbubbᵊ]. Fransk har det nedsetjande bougnoul 'nordafrikanar', som truleg kjem av wolof bu n̂uul 'som er svart'.
Wolof har lånt mange ord frå fransk, mellom anna butig 'butikk', gereew 'streik' og kiltiir 'kultur', av fransk boutique, grève og culture. Det franske douche 'dusj' er blitt til duus, som tyder 'toalett'.
Språkfamilie
Wolof høyrer til den atlantiske greina av nigerkongo-språka, og ein reknar fulfulde og seereer som dei nærmaste slektningane.
Språkhistorie
Wolof-folket kom i kontakt med islam og arabisk språk på 1000-talet, og det arabiske alfabetet blei etter kvart også teke i bruk for å skrive wolof, utan at vi veit nøyaktig kva tid det skjedde. Wolof har ordet wolofal, som tyder 'tekst på wolof skriven i det arabiske alfabetet'.
På 1700-talet kom wolof-folket i kontakt med fransk språk og kultur i hamnebyane Saint-Louis og Gorée (Ndar og Beer på wolof), og det voks fram ein litteratur på wolof skriven med det latinske alfabetet. Den noverande rettskrivinga er frå 1975.
Språksystem
Wolof er eit SVO-språk, det vil seie at først kjem subjektet, så verbgruppa og til slutt objektet og andre ledd:
subjekt
verbgruppe
objekt
Omar
jaay
na
fas
wi
'Omar'
'kjøpe'
3sg, avslutta
'hest'
bunden eintal
'Omar kjøpte hesten.'
Verbet står oftast ubøygd og har framfor eller etter seg eit ord som fortel om subjektet er første, andre eller tredje person, eintal eller fleirtal, og det fortel om aspekt og tid ved verbet. Dinaa jaay tyder 'eg skal kjøpe', der dinaa uttrykkjer første person eintal og framtid.
I setninga ovanfor er substantivet fas 'hest' følgt av den bundne artikkelen wi. Det finst ti ulike bundne artiklar, åtte i eintal og to i fleirtal, og ein må lære for kvart substantiv kva for ein artikkel dei tek: kër gi 'huset', xar mi 'sauen', xarit bi 'venen', xarit yi 'venene' osv. Det finst òg ubundne artiklar, som har a framfor konsonanten i staden for i etter, og som står framfor substantivet: ab xarit 'ein ven', ay xarit 'vener', aw fas 'ein hest'.
Uttale
Wolof har ni vokalar. To av dei, ë og a, er med få unntak berre korte, medan dei sju andre kan vere både korte og lange:
Korte vokalar
Lange vokalar
i [i]
 
u [u]
 
ii [iː]
 
uu [uː]
é [e]
ë [ǝ]
ó [o]
 
ée [eː]
 
óo [oː]
e [ɛ]
a [ɐ]
o [ɔ]
 
ee [ɛː]
 
oo [ɔː]
 
à [a]
 
 
 
aa [aː]
 
Konsonantsystemet ser slik ut:
p [p]
t [t]
c [c]
k [k]
q [q]
b [b]
d [d]
j [ɟ]
g [ɡ]
 
m [m]
n [n]
[ɲ]
ŋ [ŋ]
 
mb [b]
nd [nd]
nj [ɲɟ]
ng [ŋɡ]
 
f [f]
s [s]
 
 
x [χ]
 
r [r]
 
 
 
w [w]
l [l]
y [j]
 
 
Når b, d, j, g står i slutten av eit ord, er dei ustemde og blir uttalte på same måten som p, t, c, k, som i butig [butik] 'butikk'.
Når dei stemde prenasale konsonantane mb, nd, nj, ng og dei stemde doble konsonantane bb, dd, jj, gg, mm, nn, n̂n̂, ŋŋ, ll står sist i eit ord, er dei følgde av ein kort [ǝ], som i demb [dǝmbᵊ] og gudd [ɡudːᵊ] 'lang'.
Når dei ustemde doble konsonantane pp, tt, cc, kk står sist i eit ord, er dei følgde av eit lite pust, [ʰ] (aspirasjon), som i bopp [bɔpːʰ] 'hovud'. Slik er det òg når ordet endar på ei konsonantgruppe der den siste konsonanten er ustemd, som i bunt [buntʰ] 'dør'.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 02.11.2011
Sist oppdatert: 02.11.2011