Hopp til innhold
X
Innhald

Bakgrunn

Den samla utgåva av Språkfakta 2015 er ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom meir enn 850 tabellar og annan statistisk dokumentasjon. På allkunne.no kan du no lese utdrag frå Språkfakta 2015 saman med interaktiv framstilling av nokre av tabellane. 

Dette er den fjerde samlinga av statistisk informasjon om språk på 20 år og erstattar dei førre utgåvene. Målet er å samle all relevant statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med vekt på dei to norske språka.

Språkfakta 2015 inneheld 867 tabellar, 34 figurar og kart, ein språkplakat for Noreg og Norge 38 kommentarar under vignettane tema og perspektiv, tre samanfattande forteljingar om noko av det som kjem fram i denne dokumentasjonen, og eit avsluttande essay om å dokumentere utbreiing og bruk av språk.

Boka med alle kommentarar og analysar av materialet er på 508 sider. I utskrift utgjer tabellane om lag 1350 sider i A4-format. Det gir ikkje meining å publisere alt dette på papir. Alt saman er difor å finne på Aasentunet.no.

Arbeidet med å kartleggje utbreiing og bruk av nynorsk tok til i 1905, og utviklinga er no breitt dokumentert med få brot like frå Ivar Aasens tid. Han var ein av dei første språkforskarane som brukte statistisk dokumentasjon av språkbrukarar i arbeidet sitt.

I seinare tid er perspektivet utvida slik at også utbreiing og bruk av det andre norske skriftspråket, bokmål er kartlagt. Det same gjeld dialektar på dei områda der det er mest aktuelt. I 2010 tok dokumentasjonsarbeidet inn heile verda, med særleg vekt på Norden og Europa. Dette arbeidet er vesentleg utvida i den samla utgåva,  som inneheld fleire originalbidrag om internasjonale emne.

I denne digitale utgåva er det internasjonale stoffet stort sett avgrensa til Eruopa.

Utdraga frå Språkfakta 2015 publiserte dels i interaktiv form, dels omsette til engelsk. Den digitale versjonen har Allkunne stått for.

Eg tok til med dette omfattande dokumentasjonsarbeidet i 1997. Etter utgåver i 1998, 2005, 2010 og 2015 er ei femte og siste utgåve frå mi hand planlagd i 2020.

Mønstera av språkbruk endrar seg så sakte at det meste av det som blei skrive i 2015, er gyldig framleis.  

Volda, november 2018

Gå til startsida for Språkfakta


Om artikkelen

Utdrag frå Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. Ørsta 2015. Digital og interaktiv versjon ved Allkunne 2019

Den komplette utgåva av Språkfakta 2015 med tabellar er tilgjengeleg på aasentunet.no 

Kjeldeliste til Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ørsta 2015

Først publisert: 29.03.2019
Sist oppdatert: 28.10.2019