Hopp til innhold
X
Innhald

Språkfakta: Språk i Europa

Europa har 50 statar med til saman om lag 730 millionar innbyggjarar. I desse landa registrerte Summer Institute of Linguistics i 2015 til saman 626 språk i bruk. Då er få nye innvandrarspråk rekna med. Ni av ti europearar snakkar eit indoeuropeisk språk. Med 437 registrerte språk er dette langt frå den største språkfamilien, men nær halvparten av alle i verda talte eit slikt språk i 2015. 

Med 155 millionar førstespråkbrukarar var russisk det største språket i Europa i 2015. I gjennomsnitt blei det største språket i kvart land brukt av ni av ti innbyggjarar. Det språklege mangfaldet er større i aust enn i vest, og større i sør enn i nord.

47 av 50 land var med i Europarådet. 25 av desse landa hadde i 2015 godkjent Den europeiske pakta om regions- og minoritetsspråk frå 1992 for til saman 93 språk brukte av over 200 nasjonale minoritetar eller språkgrupper.

Eurovision Song Contest er ein av dei største songkonkurransane i verda. I tidsrommet 1956–2015 var engelsk brukt i 48 prosent av alle finalesongane, og i nesten alle etter 1997.

I dei nordiske landa og sjølvstendeområda brukte innbyggjarane i 2015 om lag 45 språk medrekna dei samiske urfolksspråka og dei historiske minoritetsspråka. Seks nordiske språk var blant dei 100 mest vitale i verda, men 14 språk var i vanskar eller på veg ut av bruk.

Etter år 2000 er det berre eitt deltakarland som har vunne Eurovision Song Contest med ein song på eit anna språk enn engelsk. Det var Serbia og artisten Marija Šerifović (i stripete skjorte i midten av fotoet), som vann i 2007 med songen «Molitva» (på serbisk skrive «Молитва»). Foto (2008): YLE Uudet palvelut, flickr.com CC BY-ND 2.0.

Etter år 2000 er det berre eitt deltakarland som har vunne Eurovision Song Contest med ein song på eit anna språk enn engelsk. Det var Serbia og artisten Marija Šerifović (i stripete skjorte i midten av fotoet), som vann i 2007 med songen «Molitva» (på serbisk skrive «Молитва»). Foto (2008): YLE Uudet palvelut, flickr.com CC BY-ND 2.0.

Vitalitet og sosial posisjon

Det var på 1900-talet nokre av dei europeiske språka blei store verdsspråk, men likevel har dei ikkje vore førstespråk for stort meir enn to av ti innbyggjarar rundt om i verda.

Størst av alle, etter kinesisk, var spansk. Dette var førstespråket for 399 millionar i 2015, men berre for 43 millionar i 1890 og 26 millionar i 1801. Like fram til seint på 1900-talet var engelsk størst av dei europeiske språka. 23 prosent av innbyggjarane i verda talte eit av dei sju største europeiske språka i 1801. Dette endra seg lite fram til 2015, då 21 prosent talte eit av desse språka. 

Språkbarometer for Europa

For første gong blir det presentert eit språkbarometer for Europa (visualisert i interaktivt kart over Europa). Barometeret er ein kombinasjon av data frå Ethnologue som gjer det mogleg å vise kor viktig det største språket i kvart land er. Kriteriet er kor mange prosent av innbyggjarane som bruker dette språket. Di lågare den prosentdelen er, di større kan det språklege mangfaldet vere.

I gjennomsnitt er det største språket førstespråket for 89 prosent av innbyggjarane. Det viser at den europeiske ideen om ein stat – eitt språk har stått sterkt nettopp i Europa. I berre ni statar og område er det største førstespråket brukt av færre enn 70 prosent av innbyggjarane, og færrast i Bosnia-Hercegovina, med 29 prosent.

Mange av dei europeiske språka kryssar landegrenser. Landa med flest språk i 2015 var Russland (107), Tyrkia (36), Italia (35), Tyskland (27) og Frankrike (25). Ingen stat var fullt ut eittspråkleg lenger, men éin stat hadde berre eitt levande språk. I Vatikanstaten blir det brukt italiensk, men også latin.

Dei seks største språka russisk, tysk, fransk, engelsk, italiensk og spansk var førstespråket til seks av ti europearar kring 2012, men berre for nær åtte prosent av alle innbyggjarane i verda. Russisk er det største språket i Europa og førstespråket for nær 155 millionar. Av dei budde 137 millionar i Russland. Både tysk og fransk var større språk enn engelsk, og berre for russisk budde mindre enn 90 prosent av førstespråkbrukarane i opphavslandet for språket.

For 2015 registrerte Ethnologue 629 språk i  bruk i Europa, mot 537 i 2009. Då var nok ikkje alle nye innvandrarspråk tekne med. Ti prosent av desse språka var i vanskar eller i ferd med å gå ut av bruk. I dette ligg at språka no i beste fall berre blir brukte av besteforeldregenerasjonen.

Grunnlaget for det europeiske språkbarometeret er ein dokumentasjon av språkleg dominans. Her er alle dei store språka i kvar stat dokumenterte så langt råd er. Ikkje alle opplysningane om utbreiinga av førstespråk nr. 2, 3 og 4 er like presise.

Formell posisjon

22 av dei europeiske landa hadde eitt offisielt språk i 2015, mot 22 i 2009. I mange land er eitt eller språk offisielle innanfor ein region. Berre i dei russiske republikkane var det 27 slike offisielle regionspråk. Det språklege mangfaldet er større i Aust- enn i Vest-Europa. Under den sentralstyrte politikken i Sovjetunionen var der rom for andre språk enn russisk, så langt desse språka ikkje truga posisjonen for russisk i unionen.

Europarådet blei skipa i 1949, og i 2015 var 47 av 50 europeiske statar medlemer. Berre Kasakhstan, Kviterussland og Vatikanstaten stod utanfor. Trass i dei mange dominerande førstespråka er det mange regions- og minoritetsspråk i Europa. Med 47 medlemsland og to offisielle språk er dette transnasjonale organet eit historisk avtrykk av den språkpolitiske tenkinga som rådde grunnen før 1990-åra. Europarådet bruker sjølv få språk, men fremjar det språklege mangfaldet i medlemslanda.

EU blei skipa i 1957 og hadde frå første stund seks offisielle språk, eit for kvart av medlemslanda. Det var politisk nødvendig å gjere det slik den gongen. Frå og med 2007 har EU hatt 24 offisielle språk, og i tillegg har ein frå hausten 2008 kunna bruke walisisk i EU-organa Rådet og Regionalkomiteen.

Den europeiske pakta for regions- og minoritetsspråk

Sidan 1989 har Europarådet arbeidd med å utforme ei pakt for regions- og minoritetsspråk. Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet og Europaparlamentet i EU hadde så tidleg som 1981 konkludert med at det trongst ei slik pakt. Ministerrådet i Europarådet vedtok pakta i 1992, og som første land ratifiserte Noreg pakta året etter med verknad frå 1998.

I 2015 hadde 25 land – 12 vestlege og 13 austlege – ratifisert pakta og gjort den gjeldande for 79 språk som var brukte av 203 nasjonale minoritetar eller språkgrupper.(I interaktivt språkkart over Europa kan du sjå kva land som har ratifisert pakta med kva språk)

Mange av desse språka er brukte i fleire land. Under overflata av dei offisielle språka er det altså svært mange mindre brukte språk i form av regions- eller minoritetsspråk.

Regions- og minoritetsspråk tyder i denne pakta språk som tradisjonelt er nytta innanfor eit område i landet av ei gruppe borgarar som talmessig er mindre enn resten av innbyggjarane, men gjeld ikkje for offisielle språk, innvandrarspråk eller dialektar.

Pakta skal verne om og fremje regions- og minoritetsspråk i Europa: «Realising that the protection and promotion of regional or minority languages in the different countries and regions of Europe represents an important contribution to the building of a Europe based on the principles of democracy and cultural diversity within the framework of national sovereignty and territorial integrity».

Illustrasjon som syner landa som har ratifisert Minoritetsspråkpakta. Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. Lisens: CC BY.

Illustrasjon som syner landa som har ratifisert Minoritetsspråkpakta (per 2015). Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. Lisens: CC BY. (Trykk her om du vil sjå illustrasjonen i større versjon eller for å laste den ned.)

Pakta er delt i tre. Del I er definisjonar av omgrep, medan del II og del III etablerer vern på to nivå. Landa pliktar å nytte føresegnene i del II for alle regions- og minoritetsspråk innanfor sitt territorium. Kvar stat må ut frå dette byggje språkpolitikken ut frå visse mål og prinsipp. I tillegg kan landa forplikte seg til vern av namngitte språk etter del III, og må då velje eit minimum av vernereglar frå ein meny i denne delen.

I forordet til språkpakta blir tre argument for språkleg mangfald framheva, og eit fleirtal av statane i Europa stør med si godkjenning av pakta desse synspunkta. Det kulturelle argumentet er at språk er ein viktig del av den europeiske rikdomen og tradisjonen. Det individuelle argumentet gjeld dei språklege rettane og den personlege identiteten som er knytt til språk. Det funksjonelle argumentet er at språkleg mangfald tener til å byggje eit demokratisk Europa.

I dei fleste landa i det gamle Aust-Europa er vern av minoritetar og språk ei offentleg sak, medan dei vestlege landa i større grad legg ei individuell tilnærming til grunn og satsar meir på statsstøtte til uavhengige institusjonar.2 Det er såleis fleire språk som har vern etter nivå III i aust enn i vest, men dette vernet er stort sett det same for alle språka i eit land.

I aust kryssar fleire språk fleire  grenser, medan færre språk kryssar færre grenser i vest. Til dømes er tysk fleirtalsspråk i fem land i vest, og minoritetsspråk i berre eitt, men er minoritetsspråk i ni land i Aust-Europa.

Dei austeuropeiske landa legg mindre vekt på nasjonsbygging enn landa i vest og er kanskje meir systematisk regelstyrte, til skilnad frå ein meir tilfeldig språkvernpolitikk i dei vesteuropeiske landa.

Lese- og skrivekunne

Offisielt kan nesten alle innbyggjarar i Europa lese og skrive. Av 50 land som det ligg føre opplysningar om, har berre Malta og Tyrkia ei lese- og skrivekunne på under 90 prosent.

Den reelle lese- og skrivekunna er nok lågare. Difor samarbeider ei rekkje europeiske land om to ulike program for omfattande undersøkingar av lese- og skrivekunne. Det eine er Programme for International Student Assessment (PISA) i regi av OECD. Det andre er Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) i regi av The International Association for the Evaluation of Educational Achievement (IEA). IEA blei etablert seint på 1950-talet nettopp for å utvikle internasjonale, komparative studiar av utdanning, og har i dette lange tidsrommet gjennomført ulike internasjonale elevundersøkingar.

Funna i desse undersøkingane er omstridde, men styresmaktene i mange land bruker dei som ei rettesnor for endringar i sin eigen utdanningspolitikk.

Norden

Den historiske språkfellesskapen i Skandinavia er under sterkt press frå engelsk, som er i ferd med å bli lingua franca i denne delen av Nord-Europa. Særleg unge innbyggjarar bruker jamt meir engelsk i kontakten over nordiske landegrenser.

Svensk er det største språket

Dei nordiske landa har ein svak tradisjon for språkstatistikk. Medan det etter kvart er mykje å finne i Noreg, mest som følgje av den lange språkstriden frå 1850, er det svært lite å finne i både Danmark, Sverige, Finland og Island. Ved å kombinere ulike kjelder har det likevel vore mogleg å setje saman eit nokolunde informativt bilete.

Til saman har statane og sjølvstendeområda i Norden over 30 historiske språk, nyare teiknspråk medrekna. Då er det som ofte blir omtalt som ulike samiske hovuddialektar, rekna som eigne språk. Svensk er talt av om lag 9,4 millionar menneske og er dermed det største språket i Norden. Færrast brukarar har pitesamisk og umesamisk, der det no blir rekna med om lag ti brukarar for kvart av desse språka. Den språklege variasjonen er størst i nord og aust. Eit stykke på veg kan tala frå 2014 jamførast med tal frå om lag 1995.

Størst geografisk utbreiing har dansk som blir brukt i fem statar og sjølvstendeområde utanfor Danmark. Nesten 80 prosent av innbyggjarane i Norden har svensk, dansk eller norsk som morsmål. Dei fleste språka i Norden høyrer til tre språkfamiliar. Mange er indoeuropeiske språk, nokre er finno-ugriske, og kalaallisut (grønlandsk) høyrer til dei eskimo-aleutiske språka.

I 2015 dokumenterte Ethnologue 45 språk i bruk i dei nordiske landa. Seks av desse var rekna som nasjonale språk, medan dei nordiske landa kvar på sin kant hadde til saman 14 språk som var i vanskar eller på veg ut av bruk. Det vil seie at mykje har vore ugjort i nordisk språkpolitikk trass i forpliktande konvensjonar og avtalar.


Opne tabellen i fullskjermvising for å sjå alle språka. Bruk tabellmenyen (til høgre for tabelloverskrifta). 

Språkerklæringar for Norden

Nordisk råd blei skipa i 1952 og har 87 medlemer: Danmark 16, Finland 18, Færøyane 2, Grønland 2, Island 7, Noreg 20, Sverige 20 og Åland 2. Svensk, dansk og norsk er arbeidsspråk i alt offisielt nordisk samarbeid. Det blir tolka mellom finsk, islandsk og dei tre skandinaviske språka, men ikkje mellom dei skandinaviske språka.

Dei nordiske landa har vedteke to felles språkerklæringar på få tiår.

I 1981 signerte Island, Noreg, Danmark, Sverige og Finland ein språkkonvensjon som gjaldt frå 1987 for islandsk, norsk, dansk, svensk og finsk. Denne konvensjonen regulerte kva språklege rettar innbyggjarar i dei fem landa hadde i sin munnlege og skriftlege kontakt med offentleg forvaltning.

I 2006 vedtok Nordisk råd Nordisk språkdeklarasjon med verknad frå 1. mars 2007. Målet er å fremje ein demokratisk språkpolitikk i eit fleirspråkleg Norden der alle innbyggjarane i desse landa kan lese og skrive det eller dei språka som fungerer som samfunnsberande der dei bur, kan kommunisere med kvarandre på eit skandinavisk språk, har grunnleggjande kunnskap om språklege rettar og språksituasjonen i Norden, har svært gode kunnskapar i minst eitt språk med internasjonal rekkjevidd og gode kunnskapar i minst eitt språk til.

Språkfellesskap under press

Trass i slike formelle rettar er den skandinaviske språkfellesskapen under press.

Språkforskarane Lars-Olof Delsing og Katarina Lundin har peikt på tre fordelar ved den skandinaviske språkfellesskapen: Språka er ganske jamstore (om ein reknar norsk som eitt språk), der er ein felles politisk vilje til å fremje denne språkfellesskapen, og språka er så like kvarandre at ein må meistre eit anna språk svært godt om det skal erstatte nabospråkforståinga.3

I 2005 blei 1800 elevar i vidaregåande skular i heile Norden prøvde i nabospråkforståing. Færøyingane kom best ut med nordmenn like bak, og med ein klar avstand til svenskane og danskane. Innvandrarar i Noreg forstod nabospråka mykje dårlegare enn etniske nordmenn, men noko betre enn innvandrarar i Sverige og Danmark.4

Den første store undersøkinga av nabospråkforståing i Norden stod Øyvind Maurud for i 1972.5 Utvalet hans var 500 rekruttar i dei tre skandinaviske landa. Frå den gongen til 2005 heldt nabospråkforståinga seg godt blant nordmenn, men den blei tydeleg dårlegare blant svenskar og danskar, mest hos danskar. 

På 2010-talet var engelsk i ferd med å ta over som kommunikasjonsspråk både i private og ein del offisielle samanhengar i så vel Skandinavia som resten av Norden. Ingen sleit meir med å forstå andre nordiske språk i 2005 enn finnane. Og verken svenskar eller danskar forstod bokmål mykje betre enn nynorsk.

Dei fleste nordiske landa har meir enn eitt offisielt språk.

Berre Island og Grønland har eitt offisielt språk. I 2009 fekk Grønland ei heimestyrelov som verken stiller krav om at dansk skal kunne brukast i offentleg forvaltning eller at borna skal få opplæring i dansk. På Færøyane er færøysk hovudspråket, men dansk skal kunne brukast i offentleg forvaltning, og det skal undervisast i dansk. I Finland bruker 5,5 prosent av innbyggjarane svensk, og svensk er obligatorisk språk i skulen, men den posisjonen er under press.

Både dansk, svensk og finsk er offisielle språk i EU. Dansk er minoritetsspråk i den tyske delstaten Slesvig-Holstein, svensk er minoritetsspråk i den estiske kommunen Nuckö, og finsk blir også brukt i Den karelske republikken i Russland.

Litteratur og kunst

Eurovision Song Contest og Index translationum er to relevante indikatorar for utviklinga i det språklege mangfaldet i Europa.

Eurovision Song Contest

Eurovision Song Contest er blitt den største internasjonale songkonkurransen. Difor er den også interessant i eit språkpolitisk perspektiv. For første gong er både vinnarsongane og alle finalesongane like sidan 1956 ordna etter språk. Der kjem ein utvikling i tre fasar til syne.

Til og med 2015 var 30 av 63 vinnarsongar på engelsk. 14 av songane var på fransk, og dei andre fordelte seg på ti språk. Den dominansen engelsk fekk i internasjonal musikkindustri frå 1960-åra, viser over tid også att i denne songkonkurransen.

Engelsk dominerer meir blant vinnarsongane enn i finalesongane. Av 1268 finalesongar har 414 vore heilt eller delvis på engelsk. Medan 48 prosent av vinnarsongane var på engelsk, var engelsk brukt i 33 prosent av alle finalesongane. Alt i alt var 47 språk brukte i finalesongane, og av desse var 41 europeiske. Ethnologue har dokumentert 286 europeiske språk i bruk, og 86 prosent av desse har dermed aldri vore brukte i ein Eurovision-finale.

Dei seks språka engelsk, fransk, tysk, nederlandsk, italiensk og spansk har stått for to tredelar av alle songane. Noko uventa var det Austerrike som første gongen brukte ein dialekt i ein finalesong, så tidleg som i 1971.

Eurovision Song Contest har aldri vore eit tiltak med eit sterkt innslag av språkleg mangfald. Finalane sett under eitt viser ei utvikling i tre fasar. Fransk var det mest brukte språket i finalane til langt ut på 1990-talet. Etter at Berlin-muren blei riven ned i 1989 og Sovjetunionen blei oppløyst to år etter, auka språkvariasjonen mykje i finalane. Det hadde også ei formell årsak; deltakarlanda skulle på den tida bruke eit offisielt språk.

Frå og med 1997 har det vore fritt fram, og nesten over natta blei engelsk det absolutt dominerande språket, endå meir enn fransk hadde vore den første tida.

Index translationum

Databasen Index translationum i UNESCO kan også brukast til å vise forholdet mellom omsetjing til og frå dei ulike nordiske språka. I tidsrommet 1979–2009 var finsk og dansk dei to språka med færrast omsetjingar frå andre nordiske språk, medan dansk, svensk og finsk var dei språka som hadde færrast omsetjingar til andre nordiske språk.

Desse tala er ein av fleire peikepinnar på korleis den nordiske og særleg skandinaviske språkfellesskapen mot slutten av 1900-talet var under eit oppløysande press frå engelsk.



Gå til startsida for Språkfakta

Notar

1 Council of Europe, www.coe.int/en, lesedato 8.7.2015.

2 Sigve Gramstad: «Språk opnar murar. Språk i Europa 20 år etter at Muren fall». Foredrag i Ivar Aasen-tunet 8.11.2009.

3 Lars-Olof Delsing og Katarina Lundin: Håller språket i hop Norden?, Tema Nord 2005:573, København 2005, s. 6 f.

4 Lars-Olof Delsing og Katarina Lundin, same staden, s. 57, 61 og 139.

5 Øyvind Maurud: Nabospråkforståelse i Skandinavia, Nordisk utredningsserie 13, Stockholm 1976.


Om artikkelen

Utdrag frå Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. Ørsta 2015. Digital og interaktiv versjon ved Allkunne 2019

Den komplette utgåva av Språkfakta 2015 med tabellar er tilgjengeleg på aasentunet.no 

Kjeldeliste til Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ørsta 2015

Først publisert: 29.03.2019
Sist oppdatert: 05.08.2019