Hopp til innhold
X
Innhald

Språkfakta: Tre forteljingar om språk

Tre samanfattande forteljingar om noko av det som kjem fram i Språkfakta, presentert under vignettane «Då verda endra meining», «Bokmål under press» og «Dialektane tek over Noreg».

Då verda endra meining

Verda har skifta meining om språk. Ikkje alle, og ganske sikkert ikkje eit fleirtal, men mange nok til at ei språkpolitisk endring har gjort seg gjeldande sidan 1990-åra. I Europa er det lett å forklare denne meiningsendringa med at Muren blei riven ned i 1989. Vanskelegare er det å finne årsakene til at styresmaktene i fleire land i andre verdsdelar legg bort den gamle europeiske læresetninga om ein stat – eitt språk. 

Verda har skifta meining om språk. Den språkpolitiske endringa som har gjort seg gjeldande sidan 1990-åra, kan i Europa delvis forklarast med Murens fall, skriv artikkelforfattaren. På fotoet går ein mann laus på Berlinmuren. Foto: Thiémard horlogerie (Raphaël Thiémard), flickr.com CC BY-SA 2.0.

Verda har skifta meining om språk. Den språkpolitiske endringa som har gjort seg gjeldande sidan 1990-åra, kan i Europa delvis forklarast med at Muren blei riven ned, skriv artikkelforfattaren. På fotoet går ein mann laus på Berlinmuren. Foto: Thiémard horlogerie (Raphaël Thiémard), flickr.com CC BY-SA 2.0.

Institusjonelle ordningar

Det er blitt viktig for fleire å ta vare på det språklege mangfaldet og forvalte historia om eigne språk. Det blir gjort gjennom internasjonale erklæringar, store tiltak som den europeiske språkdagen 26. september og ved å byggje nye institusjonar. Rundt om i verda finst det minst 80 språkmuseum. Ivar Aasen-tunet i Ørsta frå 1898 er det eldste av dei, men godt over halvparten blei etablerte etter 1990.

I 1992 vedtok Europarådet Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Noreg var første landet som ratifiserte avtalen, for dei samiske språka, kvensk og romanes. No har 25 land godkjent pakta for til saman 93 språk som er brukte av over 200 nasjonale minoritetar eller språkgrupper. (I interaktivt språkkart over Europa kan du sjå kva land som har ratifisert pakta med kva språk.)

Fire år seinare vedtok 140 representantar for organisasjonar og forskarmiljø den såkalla Barcelona-erklæringa om språklege rettar for brukarar av regionale språk og minoritetsspråk. Og i 2011 vedtok PEN International sitt eige manifest om språkleg mangfald i ti korte, myndige punkt.   

Store språk og vitale språk

Kor mange språk det fanst, var eit spørsmål som knapt blei stilt før 1900-talet, og anslaga var lenge svært usikre. Går ein ut frå at det finst om lag tusen språk, er ein ikkje langt unna sanninga, skreiv ein framståande norsk språkforskar i det respekterte oppslagsverket Familieboken i 1940. Det skulle vise seg at han var på viddene.

Då verda skulle byggjast opp att etter Den andre verdskrigen, rekna ein med at der kunne vere iallfall 3000 språk. I 1970-åra hadde ein sikker kunnskap om 5600 språk. Det nye, sikre svaret anno 2015 var at 7102 språk er dokumenterte i dagleg bruk. Dei var der nok i 1930-åra også, men dei fleste visste berre språkbrukarane sjølve om, ofte utan nokon klar idé om at språket deira skilde seg ut frå alle andre.

Den tyske språkforskaren Gottfried Hensel publiserte i 1741 «Synopsis Universae Philologiae», eit oversynsverk over dei språka ein kjende til på den tida. Boka inneheld fire handkolorerte koparstikk med fire verdsdelar, som viser dei språka som då var kjende, saman med dei skriftsystema dei brukte. Hensel prøvde å vise at alle språka hadde eit felles opphav i hebraisk, som var den vanlege oppfatninga på denne tida. Der han kunne, omsette Hensel dei første linjene i «Fader vår» til kvart av språka. «Synopsis Universae Philologiae» er det eldste lingvistiske kartet over språk i fire verdsdelar.

Den tyske språkforskaren Gottfried Hensel publiserte i 1741 «Synopsis Universae Philologiae», eit oversynsverk over dei språka ein kjende til på den tida. Boka inneheld fire handkolorerte koparstikk med fire verdsdelar. Karta viser dei språka som då var kjende, saman med dei skriftsystema dei brukte. Hensel prøvde som andre å vise at alle språka hadde eit felles opphav i hebraisk. Der han kunne, omsette Hensel dei første linjene i «Fader vår» til kvart av språka. «Synopsis Universae Philologiae» er det eldste lingvistiske kartet over språk i fire verdsdelar. Illustrasjonen viser kartet over Europa. Trykk her for å sjå alle fire karta. Kjelde: Kjelde Cornell University – PJ Mode Collection of Persuasive Cartography (id nr. 1022.01) CC BY-NC-SA 3.0.

Nokre få språk er store. 23 ulike språk er førstespråket for seks av ti innbyggjarar på jorda. Dei aller fleste språka blei altså brukte av få menneske. Det skil seg mykje kor vitale og sosialt sterke dei ulike språka er. I 2015 rekna amerikanske Summer Institute of Linguistics godt og vel 100 språk som dei mest vitale. Norsk – bokmål og nynorsk – var blant dei språka. Målt mot verdsspråk som engelsk er Noreg eit lite språksamfunn. Målt mot den språklege kvardagen for folk flest i verda, er dei to norske språka blant dei mest vitale. 

Illustrasjon som viser dei 23 språka som er førstespråket for seks av ti innbyggjarar på jorda. Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne.

Illustrasjon som viser dei 23 språka som er førstespråket for seks av ti innbyggjarar på jorda. Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. Lisens: CC BY. (Trykk her om du vil sjå illustrasjonen i større versjon eller laste den ned.)


Lese- og skrivekunne

Den posisjonen er resultatet av den moderniseringa av samfunnet som har prega Noreg i meir enn hundre år. Lover og reglar er vedtekne, og institusjonar og støtteordningar er bygde ut som alle tener til å fremje bruken av norsk, nynorsk og bokmål. Difor er brukssituasjonen både for nynorsk og bokmål prega av stabilitet på mange område. Noreg er blitt eit språksamfunn dei fleste berre kan drøyme om. 

Skriftfesting og alfabetisme er det kritiske punktet verda rundt. I 2015 er der sikker kunnskap om 3600 skriftspråk. Bibelen eller delar av Bibelen er til no omsett til 2900 språk, og åtte av ti innbyggjarar på jorda har gjennom Wikipedia tilgjenge til leksikalsk kunnskap på sine førstespråk. Langt frå alle desse har derimot tilgjenge til eit Internett enno.


Etter minst 5000 år med skriftspråk kan det store fleirtalet på jorda lese og skrive. Tal frå UNESCO tyder likevel på at nær ein milliard menneske enno er analfabetar. Berre kvart tiande språk kan reknast som godt utbygde skriftkulturar. Dei språka blir til gjengjeld brukte av åtte av ti innbyggjarar. Om lag 2400 språk kan vere i vanskar eller på veg ut av bruk. Dei blir brukte av vel ein prosent av innbyggjarane på jorda. 

Med 155 millionar førstespråkbrukarar er russisk det største språket i Europa. Det nest største er tysk med godt og vel 85 millionar brukarar. I gjennomsnitt blir det største språket i kvart land brukt av ni av ti innbyggjarar. Det språklege mangfaldet er større i aust enn i vest, og større i sør enn i nord.

Kulturindustriens rolle

Mot kulturindustrien kan både erklæringar og handlingsplanar og museum kome til kort. Eurovision Song Contest er blitt ein av dei største songkonkurransane i verda. Frå og med den første konkurransen i 1956 dominerte lenge fransk som det mest brukte språket i finalesongane. Størst var det språklege mangfaldet i denne konkurransen i 1990-åra. Då var det enno slik at deltakarlanda måtte syngje på eit offisielt språk, og dei mange nye deltakarlanda frå det gamle Aust-Europa viste kva tradisjonar dei hadde å fare med.

Frå og med 1997 blei valfridomen innført. Då forsvann mangfaldet. På få år gjekk dei fleste over til å syngje på engelsk. Så mykje dominerer no engelsk at sjølv for heile tidsrommet 1956–2015 har halvparten av finalesongane vore på engelsk. I en norske konkurransen var det aldri mykje nynorsk eller dialekt, og no syng knapt nokon på bokmål heller, lenger.

På same tid som EU etablerte ganske rause støtteordningar for å stimulere til omsetjing og gjendikting mellom språka i Europa, gjekk fellesskapen av europeiske allmennkringkastarar og andre medieverksemder målretta andre vegen.

I Noreg er det nesten som eit gamalt visdomsord å seie at valfridom ikkje fremjar språkleg mangfald. Det veit nynorskbrukarar, samar og kvener alt om. No blir resten av Europa mint om det kvar vår.

Likevel er det slik at jamt fleire legg vekt på den kulturelle, mentale og demokratiske verdien av språkleg mangfald. Det gjeld berre å omsetje ord til gjerning før nokon skiftar meining.

Bokmål under press

Nordmenn er i skiftande språklege fleirtal og mindretal. Både i haldningar til språk og i språkleg praksis er nordmenn i ferd med å gjere Noreg til eit tredelt språkrike: bokmål i aust og sør, nynorsk i vest, dialekt og urfolksspråk i nord.

Press frå engelsk og dialektar

Bokmål er det mest brukte språket i Noreg og har vore det sidan nynorsk og bokmål blei jamstilte norske språk i 1885. No er bokmål under press frå to kantar, frå engelsk og dialektar.

Auka bruk av engelsk inn på 2000-talet svekte bokmål på fleire viktige område, medan bruken av nynorsk var ganske stabil, og det blei jamt fleire med andre språk enn norsk som førstespråk. Den store språklege endringa i Noreg dei siste 50 åra er at dialekt no blir brukt på nær sagt alle område i samfunnet og særleg i privat skrift. Begge desse endringane har redusert bruken av bokmål på viktige område.

Om lag 600 000 bruker nynorsk dagleg. Fire av ti av desse nynorskbrukarane er reelt tospråklege i den forstand at dei like gjerne bruker bokmål som nynorsk. Prosentdelen nynorskbrukarar over 15 år har halde seg stabil sidan 1990-åra, men fleire av dei skriv no ofte dialekt.

Skilnader mellom bokmåls- og nynorskbrukarar

Mellom bokmåls- og nynorskbrukarar er der tydelege sosiale skilnader. Noko fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat, og nynorskbrukarane utgjer ein større del i dei eldre aldersgruppene enn i dei yngre. Di meir utdanning ein person har, di meir sannsynleg er det derimot at vedkomande bruker bokmål. Høg inntekt, adresse i by og yrke som papirflyttar er klare kjenneteikn på bokmålsbrukarane.

Når bokmål og nynorsk har ulik posisjon i Noreg, heng det altså også saman med sosiale skilnader, og det sosiale elitespråket er bokmål.

Bokmåls- og nynorskbrukarane er langt frå like tolerante språkleg. I den eine spørjeundersøkinga etter den andre viser det seg at ein god del bokmålsbrukarar helst ikkje eller absolutt ikkje vil lese skrifter på nynorsk. Særleg unge bokmålsbrukarar les lite nynorsk, medan unge nynorskbrukarar les mykje bokmål, til dels meir bokmål enn nynorsk. Nynorskbrukaren er open for begge språka og har faktisk ein viss kritisk distanse til sitt eige språk.

Den jamne bokmålsbrukaren held ein ukritisk distanse til det andre norske språket.

Kritiske domene: akademia og næringsliv

På universitet og høgskular har alltid nynorskbrukarane vore mange færre enn bokmålsbrukarane. På landsplan kan prosent nynorskbrukarar i akademia teljast på ei hand. Når folketalet veks og mange fleire enn før tek høgare utdanning, har det likevel ført til at i absolutte tal er det mange fleire som bruker nynorsk no enn for 50 år sidan.

Slik er det også for bokmål, i absolutte tal. På 2000-talet skreiv mange fleire masteroppgåver på bokmål enn i tiåra før. I prosent derimot, er bokmålsbrukarane så å seie i fritt fall av di engelsk tek over. I 1980-åra skreiv ein av ti studentar hovudoppgåvene sine på engelsk. No gjer snart fire av ti det same. 


Bruk av norsk og engelsk i næringslivet har mykje å seie for den allmenne posisjonen til desse språka i Noreg. Fleire undersøkingar vitnar om at bedriftsleiarar faktisk har større tru på norsk enn kundane deira har, medan kundane er meir positive til bruk av engelsk i reklame enn bedriftsleiarane.

Engelsk gir høgare status, men ikkje utan vidare større truverde. Særleg dei med lite utdanning har ein tendens til å knyte status til engelsk. I 2010 meinte både seks av ti bedriftsleiarar og seks av ti kundar at norsk bør brukast i all reklame og marknadsføring i Noreg.

Bedriftsleiarane er usikre på språkstrategiane sine for framtida. Større språkleg mangfald i samfunnet elles påverkar også næringslivet. Det kan vere den viktigaste grunnen til at nynorsk etter kvart blir noko meir brukt i reklame.

Ivar Aasen-tunet undersøkte våren 2015 språket i nær 1700 annonsar og reklameinnslag i tv, vekeblad og magasin. Der var det bokmål og engelsk som gjaldt, men med to heilt ulike tendensar. Utanlandske annonsørar brukte mykje meir engelsk og ei blanding av bokmål og engelsk enn norske annonsørar, som på si side brukte ganske lite engelsk og mykje bokmål. Det lovar ikkje godt om endå fleire utanlandske eigarar skal inn i norsk næringsliv når norske styresmakter har lovfesta lite av det språkvernet for eigne språk som styresmaktene i land som Litauen, Polen og Frankrike har gjort.

Ulike tendensar i ulike massemedium

Med boka blei bokmål det mest brukte språket i Noreg. No vel, fullt så enkelt var det nok ikkje, men bokutgiving i Noreg har i alle år vore prega av 90 prosent bokmål og sju prosent nynorsk. Den tida er forbi. Utgivarar av alle slag altså mange fleire enn dei ordinære forlaga, gav i 2014  ut 1600 titlar på engelsk. Kvar sjuande registrerte bok i Noreg i fjor var på engelsk. Talet på nynorskbøker var stabilt, og talet på bokmålsbøker auka, men i prosent har bokmålsbøkene falle frå 83 prosent på 1970-talet til 73 prosent på 2010-talet. Det er ei stor endring.


Endå større er endringa i NRK og mest i radio. Både i tv og radio blir det snakka jamt meir dialekt i sendingane, parallelt med at det å bruke dialekt har fått høgare sosial status. Dette har ført til at publikum møter mindre normert tale, og det er normert bokmål som minkar mest.

Nynorsk har NRK aldri brukt for mykje av. Det var i radioprogramma ein først tok til å snakke meir dialekt, og enno i dag blir det brukt meir dialekt i radio enn i tv. Den store endringa tok til i 1990-åra. I 1990 blei bokmål brukt i 80 prosent av radiosendingane og 77 prosent av tv-sendingane. Då er bruk av dialekt halden utanfor. I 2014 blei bokmål brukt i 67 prosent av radiosendingane og 70 prosent av tv-sendingane.

Aller mest bør det uroe bokmålsbrukarar flest at engelsk tek over posisjonar utan at situasjonen blir analysert, tiltak drøfta og handlingsplanar laga. Vi såg problemet, vi som stod bak det nasjonale Språkåret 2013. Dei færraste bokmålsbrukarane var interesserte i å feire eller mobilisere for sitt eige språk. Det minner om dei menneskeskapte klimaendringane som altfor få tok på alvor tidleg nok. 


Dialektane tek over Noreg

Språk endrar seg, og med dei endrar språksamfunna seg, Den største språkendringa i Noreg dei siste 50 åra er ikkje utjamninga mellom tj- og sj-lydane, men at så mange fleire enn før snakkar dialekt når som helst og kor som helst.

Ein stat med stor språkvariasjon

Den språklege variasjonen i Noreg har lenge vore stor, med tusenårgamle samiske språk, historiske minoritetsspråk frå 1500-talet og frametter, talemål i ubroten linje frå mellomalderen, nynorsk som ein skriftleg fellesnemnar for mange av desse dialektane, og eit bokmål som har gått vegen frå dansk kolonispråk til norsk kulturarv.

Det nye er at dialektane vinn fram på jamt fleire arenaer. Ei utvikling peikar i retning av tre språkleg ulike tyngdepunkt i Noreg: dialekt og bokmål i nord, nynorsk og dialekt i vest, bokmål og dialekt i aust.

Dette språklege mangfaldet i tale og skrift er til dels allment akseptert i 2015, men alle godtek ikkje det same. Mange nordmenn har no akseptert nynorsk, men der er nok av dei som stretar imot, svært mange meiner dialektane ikkje blir brukte for mykje, og like mange ønskjer ikkje fleire varige minoritetsspråk. Å bruke dialekt er mest akseptert i vest og nord og minst i hovudstaden. Like mange var i 2013 for og mot vidare jamstilling mellom nynorsk og bokmål, og størst var motstanden nordpå.

Ein av tre likte i 2013 at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det dårleg. Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje. Dei som tener minst og mest er mest positive til meir engelsk i Noreg, menn er meir negative enn kvinner, og nynorskbrukarane er meir kritiske enn bokmålsbrukarane til auka bruk av engelsk.

Internett har endra medievanane, men framleis er tv og radio mykje brukte massemedium i Noreg. I begge media har dialektane både teke over meir av sendetida dei siste par tiåra og oppnådd jamt høgare status. Dette har ført til at publikum møter mindre normert nynorsk og bokmål i radio og tv, og dette har særleg redusert bruken av normert bokmål.

Størst variasjon i talt språk

Med unntak av planspråk som esperanto er alle skriftspråk også talemål. Gjennom skule, kyrkje og NRK blir nynorsk også eit normert talemål. I den nynorske skriftkulturen er både dialektar og normert tale viktig. Den sosiale statusen for normert nynorsk tale vil nok aldri vinne den same posisjonen som normert bokmålstale alt tidleg oppnådde. Bandet mellom dialektane og nynorsk har vore både det lingvistiske grunnlaget og den språkpolitiske rettesnora for nynorskbrukarane.

Dette artar seg annleis i praksis på somme område. På teaterscenene vil der vere ei reell motsetning mellom dialekt og nynorsk som talemål. I radio og tv vil den same spenninga vere der først og fremst ved at meir dialektbruk kan redusere bruken av normert nynorsk.

I land som Frankrike og Tyskland er det mest utenkjeleg at elevane snakkar dialekt i undervisninga.  I Noreg blei elevens rett til å bruke eige talemål knesett så tidleg som i 1878. Var der ein kamp om språkleg tillit, var det dialektane som vann den striden.

Generelt er norske radio- og tv-program språkleg ledigare enn for få tiår sidan. Normerte talespråk blir oppfatta som stivare og meir formelle. Dermed blir dialekt i aukande grad eit alternativ til både bokmål og nynorsk. I massemedia har det fått større følgjer for normert bokmål enn for normert nynorsk.

Det blir snakka mindre dialekt i Oslo enn i resten av landet. Di fleire programdeltakarar som blir henta frå Oslo-området, der også nynorsk blir lite brukt, di meir normert bokmål vil det bli. Å normere slik spontan tale i intervju er utenkjeleg i Noreg. I eit land som Frankrike er situasjonen ein heilt annan. Der vekte det reaksjonar då Miss France i 2011 snakka alsassisk i eit offisielt intervju.

Variasjonen i skriftleg praksis aukar

Då målrørsla sette i gang dialektbølgja i 1970-åra, var det ingen som såg for seg at dialektane kunne bli skriftspråk. Det handla om å legitimere dialektane som talemål når som helst og kor som helst. Så vellykka var dette arbeidet for auka status for dialektane som talemål at jamt fleire brukarar også tok dialektane med inn i skrifta. Den utviklinga blei styrkt av tekniske nyvinningar, først og fremst digitale medium som for mange viska ut skiljet mellom det private og det offentlege.

Det som hadde vore ein språkleg variasjon i brev og andre private dokument, blei på 2000-talet så mykje brukt i nokre digitale format at det nærma seg eit tredje skriftspråk, særleg hos dei unge. Generelt skriv oslofolk minst dialekt, vestlendingar og nordlendingar mest, og slik er Noreg på veg til eit samfunn med tre norske skriftspråk – to normerte og eit unormert.

Å skrive uformelt på dialekt kan vere ei bru til nynorsk, og det kan godt hende at meir skriving på dialekt skaper ei slags språkleg motstandskraft. Blir dialektrøkt akseptert og utbreidd, kan det i neste omgang vere med og normere den skriftlege dialektbruken. Då kan bandet til nynorsk styrkjast, eller det kan slitne. Behovet for eit unormert privatspråk har iallfall auka med digitale medium.

Dialekt og privatspråk er to ulike normsystem, og den auka bruken av dialekt har ført til at fleire tek til orde for dialektnormering. Det første formelle initiativet tok NRK. Frå og med 2015 har NRK etablert eit regime for dialektrøkt med eigne reglar for bruk av dialekt. Det opplyste språksjef Ragnhild Bjørge i ein debatt under Dei nynorske festspela sommaren 2015. I slik dialektrøkt kan ein tenkje seg at ein normerer mot nynorsk der det er konflikt mellom nynorsk og bokmål i dialektane.

Den som arbeider i ein allmennkringkastar eller eit anna profesjonelt massemedium, kjem ikkje utanom kravet om å bli forstått. Ein kan meine at folk burde vite betre og kjenne sitt eige land, men då NRK spurde eit representativt utval i fjor, var fire av ti litt eller heilt usamde i at alle dialektar er lette å forstå. Likevel meinte ni av ti at det er bra folk snakkar dialekt. 

Slik ser eit dilemma ut. 

Gå til startsida for Språkfakta


Om artikkelen

Utdrag frå Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. Ørsta 2015. Digital og interaktiv versjon ved Allkunne 2019

Den komplette utgåva av Språkfakta 2015 med tabellar er tilgjengeleg på aasentunet.no 

Kjeldeliste til Ottar Grepstad: Språkfakta 2015. Ørsta 2015

Først publisert: 28.03.2019
Sist oppdatert: 13.11.2019