Hopp til innhold

Åse Wetås

Åse Wetås

Åse Wetås, språkforskar og leksikograf, var i mange år prosjektdirektør for Norsk Ordbok, har skrive om maurens kulturhistorie og er frå 2015 direktør i Språkrådet.
Les meir om Åse Wetås

Aslaug Nyrnes

Aslaug Nyrnes, retorikk-, didaktikk- og sakprosaforskar som har gitt ny innsikt i både den nynorske og den dansk-norske skriftkulturen.

Les meir om Aslaug Nyrnes

Bjarne Fidjestøl

Bjarne Fidjestøl, tidsskriftredaktør, språk- og litteraturforskar. Knapt nokon har i seinare tiår formidla norrøn språk- og litteraturhistorie med større tyngd og språkleg presisjon.

Les meir om Bjarne Fidjestøl

Bjarne Ulvestad

Bjarne Ulvestad, professor i tysk, sentral person innanfor nordistikk og dialektologi, lokalpatriot med sterkt engasjement for heimstaddialekten på Søre Sunnmøre.

Les meir om Bjarne Ulvestad

Else Mundal

Else Olaug Mundal, professor i norrøn filologi, forskar med kulturhistorisk interesse som spenner frå norrøn grammatikk til helgenlegender, kjennar i særklasse av kvinnehistoriske emne og av norrøne litterære kjelder i mellomalderen.

Les meir om Else Mundal

Ernst Håkon Jahr

Ernst Håkon Jahr, språkforskar, tidlegare rektor og no professor i språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han var ein av dei mest profilerte språkforskarane i Noreg i 1970- og 80-åra.

Les meir om Ernst Håkon Jahr

Gunnvor Rundhovde

Gunnvor Rundhovde, filolog og dialektforskar. Forskinga resulterte i eit doktorarbeid, og ho var den første kvinna som disputerte ved Universitetet i Bergen.

Les meir om Gunnvor Rundhovde

Gustav Indrebø

Gustav Ludvig Indrebø, norrønfilolog og språkhistorikar. Livsverket hans er eit omfattande vitskapleg arbeid som skulle danne historisk og språkvitskapleg grunnlag for vidare utvikling av nynorsken.

Les meir om Gustav Indrebø

Hans Ross

Hans Matthias Elisæus Ross var teolog, språklærar, folkeminnesamlar og ordboksredaktør. Han førte vidare og utvida Ivar Aasens samling av norske ord.

Les meir om Hans Ross

Helge Sandøy

Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap, ekspert på språkutvikling i Noreg og Norden, har lagt premissar for normering av utanlandske ord i norsk og av nynorsk skriftspråk – som han meiner bør vere talemålsnært og prega av valfridom.

Les meir om Helge Sandøy

Jakob Sverdrup d.y.

Jakob Sverdrup d.y., dosent, seinare professor, i germansk filologi og språkforskar som gjorde viktig grunnlagsarbeid for tyskstudiet i Noreg gjennom å utarbeide ordbøker og lærebøker.

Les meir om Jakob Sverdrup d.y.

Jan Terje Faarlund

Jan Terje Faarlund, språkforskar og professor. Han var med og skreiv Norsk referansegrammatikk, den største grammatikken som er utgitt for norsk språk.

Les meir om Jan Terje Faarlund

Jonathan Aars

Jacob Jonathan Aars, filolog og rektor. Han grunnla ein høgre skule, gav ut rettskrivingsreglar til skulebruk og var med og førebudde rettskrivinga av 1907.

Les meir om Jonathan Aars

Kåre Elstad

Kåre Ivar Elstad, skulemann og dialektforskar med nordnorske dialektar som spesialitet. Frå 1974 var han tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 1984 som professor.

Les meir om Kåre Elstad

Kåre Flokenes

Kåre Flokenes, høgskulelektor og språkforskar frå Askvoll, busett i Stavanger. Han har gått i djupna når det gjeld stadnamna på fødestaden og har omsett norrøn mellomalderlitteratur til moderne norsk.
Les meir om Kåre Flokenes

Kåre Skadberg

Kåre Skadberg, ordboksredaktør, tidlegare kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd. Saman med Aud Søyland førte han arbeidet med Nynorsk ordliste av Alf Hellevik vidare.

Les meir om Kåre Skadberg

Kjell Venås

Kjell Venås, professor emeritus i nordisk språkvitskap og ein av dei fremste og mest vidtfemnande forskarane i nordisk språkvitskap i etterkrigstida.

Les meir om Kjell Venås

Knut Liestøl

Knut Olavsson Liestøl, folkeminneprofessor som hadde folkeviser som spesialfelt, organisasjonsmann og politikar med sterk påverknad i kultur- og målpolitikken i mellomkrigstida og opphavsmann til fornorskingsordet «rikskringkasting».

Les meir om Knut Liestøl

Kristin Bakken

Kristin Bakken, forskingsdirektør. I åra 2002–2008 etablerte ho som prosjektdirektør Norsk Ordbok 2014 som eit prosjekt for å fullføre verket til grunnlovsjubileet i 2014.

Les meir om Kristin Bakken

Lars S. Vikør

Lars Sigurdsson Vikør, nynorsk leksikograf, samnorskmann, språkhistorikar og indonesiakjennar. Han har uvanleg omfattande kunnskap om norsk rettskriving og grammatikk.

Les meir om Lars S. Vikør

Leif Mæhle

Leif Magnar Mæhle, litteraturforskar og grunnleggjar av Norsk Litterær Årbok. Han var styreformann i Det Norske Samlaget, generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi og i 16 år skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd.

Les meir om Leif Mæhle

Leiv Heggstad

Leiv Heggstad, rektor, nynorskgrammatikar og ordboksmann. Han var med og skipa det første studentmållaget, la planar for ei mållov og gav ut fleire debattskrifter om nynorsk.
Les meir om Leiv Heggstad

Magne Oftedal

Magne Oftedal, professor i keltisk språkvitskap. Han publiserte arbeid om språkspor i stadnamn etter dei norrøne busetjingane i Skottland og Irland.

Les meir om Magne Oftedal

Marius Nygaard

Marius Nygaard, skulemann og språkforskar. Han var den første etter Ivar Aasen som skreiv ei framstilling av grammatikken i landsmålet. Boka kom i 1867 og var den første læreboka i nynorsk grammatikk.

Les meir om Marius Nygaard

Moltke Moe

Ingebret Moltke Moe, folklorist og språktenkjar. Han grunnla universitetsstudiet folkloristikk i Noreg og vert rekna som far til tanken om samnorsk.
Les meir om Moltke Moe

Nils Lid

Nils Lid, folkeminnegranskar, språkvitskapsmann og skihistorikar, ein føregangsmann i teknikken med å bruke spørjelister til innsamling av materiale.

Les meir om Nils Lid

Ola Breivega

Ola Ireneus Breivega, norskfilolog og målmann som har engasjert seg sterkt i språkpolitikk og normeringsordskifte. I vaksen alder skifta han etternamn frå Bredeveien til Breivega.

Les meir om Ola Breivega

Olav Beito

Olav Toreson Beito, professor og nynorsk språkgranskar. Han studerte dialektar og stadnamn og gav i 1970 ut den største nynorske grammatikken etter Ivar Aasen.

Les meir om Olav Beito

Peter Hallaråker

Peter Hallaråker, namnegranskar som med utgivinga av handbok om namneinnsamling har hjelpt historielag og andre namneinteresserte i gang med innsamling av stadnamn.

Les meir om Peter Hallaråker

Rasmus Flo

Rasmus Jørgensen Flo, filolog, lærar, språkrettar, omsetjar og tidsskriftredaktør. Han gjorde hovudarbeidet med tidsskriftet Syn og Segn dei første åra og sat i den første rettskrivingsnemnda for nynorsk.

Les meir om Rasmus Flo

Roger Lockertsen

Roger Lockertsen, språkforskar, fagbokforfattar, økologisk bonde og målmann som arbeider for å få elevar til å velje nynorsk som hovudmål.

Les meir om Roger Lockertsen

Terje Aarset

Terje Aarset

Terje Aarset, professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har lagt ned eit stort arbeid i utgivinga av Ivar Aasens skrifter og har skrive eit pionerverk om den nynorske songskatten.

Les meir om Terje Aarset