Hopp til innhold
X
Innhald

Asgaut Steinnes

Asgaut Steinnes, historikar, ordboksforfattar og riksarkivar. Han la grunnlaget for ei latinsk ordbok på nynorsk.

Asgaut Steinnes var fødd i Klepp 11. oktober 1892 og døydde i Oslo 6. juli 1973. Han tok examen artium i 1912 på latinlinja ved Hauges Minde i Kristiania, byrja å studere norsk og latin i 1914, men braut av studia utan eksamen i 1916 og arbeidde deretter som lærar i Kristiania til 1919. Han var overlærar ved Kongsgård skole i Stavanger 1919–21, adjunkt ved Voss landsgymnas 1921–25 og adjunkt ved Eidsvoll landsgymnas 1925–30, dei to siste åra med permisjon. Undervisningsfaga var særleg tysk og latin.
I 1927 tok Steinnes doktorgraden på avhandlinga Leidang og landskyld, vart universitetsstipendiat i historie året etter og så riksarkivar i 1933. Embetet som riksarkivar hadde han til han gjekk av med pensjon ved årsskriftet 1959–60. Deretter var han statsstipendiat til han døydde i 1973.
Vitskapleg produksjon
Den vitskaplege produksjonen til Steinnes spenner over ein periode på nærmare 50 år. Eit av dei første arbeida var Skipreidor og fjordungar i Rogaland (1926), og det siste var Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen (utgitt i 1974). Hovudverket hans er Gamal skatteskipnad i Noreg (1930–33). Eit anna større arbeid er Mål, vekt og verderekning i Noreg i millomalderen og ei tid etter (1936).
 
Frå 1918 til 1928 arbeidde Steinnes med ei latinsk-norsk ordbok, etter initiativ frå Studentmållaget. Han skreiv om lag ein tredjedel av manuskriptet. Arbeidet vart ført vidare av Eirik Vandvik, som fullførte manuskriptet i 1935, men boka kom ut først i 1958. Tredje utgåva kom i 1989.
Verv og heider
Steinnes var formann i Norsk Historisk Kjeldeskriftråd 1953–57 og i Kjeldeskriftfondet 1949–57. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1938, var heidersmedlem av Det Norske Samlaget og formann i styret for Det Norske Teatret 1947–48. I 1948 vart han utnemnd til kommandør av 2. grad av Dannebrogordenen og i 1961 til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder
Halvard Bjørkvik: «Asgaut Steinnes», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004
Helga Sverdrup Ekrheim og Olav Ekrheim (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1933
Per Hovda: «Asgaut Steinnes», Norsk biografisk leksikon, bd. 12. Oslo 1962
Asgaut Steinnes og Eirik Vandvik: Latinsk ordbok. Oslo 1958

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013