Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak Liestøl

Aslak Liestøl, runeforskar, knytt til oldsakssamlinga ved Universitetet i Oslo. Han gjenoppdaga runeinnskrifta på Kulisteinen på Smøla, som inneheld den eldste skriftlege belegget på namnet «Noreg», datert til tidleg på 1000-talet.

Aslak Liestøl var fødd i Bærum 7. mars i 1920 og døydde i Oslo 18. februar 1983. Han blei cand.philol. med gamalnorsk som hovudfag i 1948. Same året blei han konstituert som konservator ved Universitetets oldsakssamling og fast tilsett frå 1950. Han var førstekonservator med ansvar for runearkivet frå 1958.

Liestøl gjorde eit omfattande arbeid med å publisere runemateriale og tolke innskrifter. Han var med på å gi ut fleire band av verket Norges innskrifter med de yngre runer. Vidare publiserte og tolka han mange av dei mest interessante innskriftene frå dei nye runefunna frå Bryggen i Bergen, som tok til å bli kjende i 1950-åra. Han gav ut ei rekkje artiklar om einskildinnskrifter, mellom anna den namngjetne Kulisteinen på Nordmøre. Runeinnskrifta på denne steinen blir gjerne omtalt som «Noregs dåpsattest», sidan det er første gongen ein kjenner til at namnet Noreg er nytta på norsk jord.

Liestøl er rekna som ein av dei fremste runologane i landet. Han synte dessutan stor interesse for det arkeologiske fagfeltet og publiserte artiklar om arkeologiske emne, samstundes som han tok del i fleire av oldsakssamlinga sine store arkeologiske utgravingar. Han var med på å ta initiativ til å skipe oldsaksamlinga sin arkeologiske stasjon på Isegran i Fredrikstad. Han forska òg på stadnamn og engasjerte seg i arbeidet med å frede og ta vare på kulturlandskap og fornminne.

Aslak Liestøl blei rett før han døydde, vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Han var son til folkeminneprofessoren Knut Liestøl.

Kjelder

Tryggve Juul Møller: Studentene fra 1939. Oslo 1964

Arne Skjølsvold: «Aslak Liestøl 1920–1983», Universitetets Oldsaksamling Årbok 1982/1983. Oslo 1984

Leif Amundsen ofl.: Universitetet i Oslo. 1911–1961. Oslo 1961

Peikarar

Bibliografi i BIBSYS

Først publisert: 10.05.2017
Sist oppdatert: 10.05.2017