Hopp til innhold
Berit Oksfjellelv les frå boka "Ut av munnen" på Hemnes folkebibliotek i 2012. Foto: Hemnes folkebibliotek. Delt med fri lisens.
Berit Oksfjellelv les frå boka "Ut av munnen" på Hemnes folkebibliotek i 2012. Foto: Hemnes folkebibliotek. Delt med fri lisens.
X
Innhald

Berit Oksfjellelv

Berit Oksfjellelv, filolog, journalist og forfattar, har nordnorsk namnegransking som spesialfelt og arbeider for å styrkje språkleg identitet og kulturelt fotfeste i lokalsamfunnet.

Berit Oksfjellelv er fødd i Bleikvasslia i Nordland 11. mars 1977. Etter vidaregåande skule i Fauske studerte ho kunsthistorie og nordisk språk ved universitetet i Trondheim. I 2002 vart ho cand.philol., med hovudfagsoppgåve om stadnamnendringar i Bleikvasslia. Ho var forskingsassistent ved Norsk Ordbok og namnekonsulent for Norsk språkråd frå 2003 til 2004. Då flytta ho tilbake til Nordland. Der har ho tidvis verka som lærar i ulike skuleslag. Åra 2008–09 og 2011–12 var ho leiar for Landslaget for norskundervisning.

Oksfjellelv har skrive artiklar i fagtidsskriftet Norsklæraren og avisartiklar om namneskikkar i Nordland. I skulen ho late elevane drive namneinnsamling på heimstaden, og på kulturskulen har ho undervist vaksne om lokale forteljetradisjonar. Målet er å gjere folk nysgjerrige på eige språk og stolte av eigen kultur. Rundt 2011 byrja ho å skrive skjønnlitteratur, først forteljingar i Norsk Barneblad, så Ut av munnen (2012), ei illustrert barnebok om ei jente i tannfellingsalderen. Med «Rypa» vann ho ein novellekonkurranse i 2014, i 2017 er ho representert i antologien Vilje.

Oksfjellelv sitt engasjement for folkeleg kultur gjeld også handverkstradisjonar. Gjennom husflidslaget i bygda har ho lært seg gamle handarbeidsteknikkar, og i 2013 stilte ho ut eit bilete i krosstingbroderi på Den Nordnorske Kunstutstilling.

Kjelder

E‑post frå Berit Oksfjellelv, CV og andre opplysningar, 12.9.2017

Den Nordnorske Kunstutstilling 2013, kurant.cc: http://www.kurant.cc/sites/default/files/katalog%20og%20turneplan.pdf [lesedato12.9.2017]

Peikarar

Nordnorsk forfattarlag: «Berit Oksfjellelv vant pris», nordnorskforfatterlag.no

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018