Hopp til innhold
X
Innhald

Birger Angvik

Birger Angvik, professor i litteratur, ekspert på latinamerikansk forteljekunst, kombinert med kjønnsproblematikk og homofili.

Birger Angvik er fødd 13. mars 1940. Han blei Ph.D. i latinamerikansk litteratur ved Universitetet i Glasgow (Skottland) i 1972 og var tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1973 til mars 2010.
Angvik har publisert bøker og artiklar på norsk og spansk, til dømes bøkene Oscar Wilde (2000) og Sjå meg! Høyr meg! Forteljekunst frå Cuba og Mexico 1950–2000 (2008). Også elles har han gjort ein stor innsats som formidlar av kunnskap om Latin-Amerika.
Angvik er særleg oppteken av samanhengen mellom litterær stil, seksuell legning og politisk haldning. Tekstar av homofile forfattarar har ofte både ein normbrytande stil og ei radikal politisk haldning. Angvik framhevar det «skeive» og det som blir rekna som «unormalt», «avvikande» og «marginalt». Han er såleis ein representant for «skeiv teori» (queer theory). Parallelt med forskinga har han sidan midten av 1960-åra vore aktiv i dei homofile sin offentlege kamp om aksept.
Kjelder
Audun Lindholm og Hans Jakob Ohldieck: «Å sette utopien på kartet», intervju i Vagant nr. 2/2008
 
«Latinamerikastudiets Grand old man takker av», om Angvik sin avgang som professor: https://www.uib.no/fremmedsprak/artikler/2010/03/latinamerikastudiets-grand-old-man-takker-av [23.05.2010]
Gudrun Sylte: «Hardt å vere homo», intervju i På høyden 24.09.2008, http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=41429 [lesedato 23.05.2010]
Peikarar
Birger Angvik: «Wilde var ingen klisjéaktig figur», kronikk i Dagbladet 19.11.1996
Bibliografi (ikkje komplett) i forskingsdatabasen Frida
Forfattarprofil hos Spartacus forlag

Først publisert: 23.05.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013