Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Fidjestøl

Bjarne Fidjestøl, tidsskriftredaktør, språk- og litteraturforskar. Knapt nokon har i seinare tiår formidla norrøn språk- og litteraturhistorie med større tyngd og språkleg presisjon.

Fidjestøl blei fødd i Hægebostad 30. september 1937 og døydde i Bergen 9. februar 1994. Han tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas på Bryne i 1957, var cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1966 og stipendiat 1969–75.
 
I 1975 blei han dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Med doktoravhandlinga Det norrøne fyrstediktet (1980) var han professor same staden frå 1982 til han døydde.
 
Fidjestøl var redaktør i Syn og Segn 1969–73 og i Maal og Minne 1985–94. Han redigerte mellom anna det store fembandsverket Sagalitteraturen (1984) og stod for mange utsøkte omsetjingar frå norrøn og russisk litteratur.
 
Fidjestøls evne til å gjere nye forståingsmåtar til sine på tvers av faggrenser kom særleg til sin rett i hans eineståande framstilling av norrøn litteratur i standardverket Norsk litteratur i tusen år (1994). Han skreiv også mange artiklar, og nokre av dei kom i engelsk utgåve i Selected papers (Odense 1997).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013