Faktaboks

Ernst Håkon Jahr
Fødd
4. mars 1948, Oslo
Ernst Håkon Jahr
Ernst Håkon Jahr
Av .

Ernst Håkon Jahr er språkforskar, tidlegare rektor og no professor emeritus i språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han var ein av dei mest profilerte språkforskarane i Noreg i 1970- og 80-åra.

Han tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1976 og doktorgrad i språkvitskap med avhandlinga Talemålet i skolen i 1984. Jahr underviste som amanuensis, førsteamanuensis og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet) i 1976–1999, og han var rektor ved Høgskolen i Agder frå 2000 til 2007.

Jahr har forska innanfor språkhistorie, språkplanlegging, språkkontakt og sosiolingvistikk og har skrive om lag 40 bøker og gitt ut rundt 200 publikasjonar. Han skreiv Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814 (1989), var redaktør for Den store dialektboka (1990) og gav ut Språkhistorie og språkkontakt (2008). Han grunnla Norsk Lingvistisk Tidsskrift (1983) og International Journal of Applied Linguistics (1991). Han var dommar i NRK-programmet «Har det på tunga» i 1980-åra.

Vitskaplege medlemskap og utmerkingar

Jahr har vore medlem av ei rekkje komitear og utval innanfor forsking. Jahr var medlem av Språkrådet 1976–1992 og han var preses i Agder Vitenskapsakademi frå 2002 til 2019. Han er medlem av fleire norske og utanlandske akademi.

Medlem

  • Det norske språk- og litteraturselskap (frå 1992)
  • Det Norske Videnskaps-Akademi (frå 1994)
  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (frå 1994)
  • Kgl. Gustav Adolfs Akademien i Uppsala (frå 2007)
  • Academia Europaea (frå 2008)
  • Kungl. Vetenskaps- och Vitterhets-Samhället i Göteborg (frå 2010)
  • Kungl. humanistiska vetenskapssamfundet i Lund (frå 2013)
  • Polish Academy of Sciences (frå 2013)
  • Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Uppsala (frå 2014)

Æresdoktor 

  • Æresdoktor ved universitetet i Poznań i Polen (1995)
  • Æresdoktor ved Uppsala Universitet i Sverige (2009)

Prisar og utmerkingar

Bibliografi i utval

  • Østlandsmåla fram! Ei bok om rørsla Østlandsk reisning, Universitetsforlaget, 1978
  • Russenorsk – et pidginspråk i Norge, Novus 1981, 2. utg. 1984, med Ingvild Broch
  • Talemålet i skolen, Novus, 1984 (doktoravhandling)
  • Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814, Novus, 1989, 2. utg. 1994
  • Innhogg i nyare norsk språkhistorie, Novus, 1992
  • Language Conflict and Language Planning. Trends in Linguistics, Studies and Monographs 72. Berlin & New York: Mouton de Gruyter, 1993
  • On Language Preservation – with Special Reference to Sami. Sociolinguistica 14, 108-114, 2000
  • Clara Holst – kvinnelig pionér i akademia i Norge, Novus, 2006
  • Språkhistorie og språkkontakt. Language history and language contact, Novus, 2008
  • Language Planning as a Sociolinguistic Experiment: the Case of Modern Norwegian, Edinburgh University Press, 2014

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg