Hopp til innhold
Professor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg. Foto: UiB, nytta etter avtale.
Professor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg. Foto: UiB, nytta etter avtale.
X
Innhald

Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg er namnegranskar og professor ved Universitetet i Bergen. Akselberg er fast gjest i Eides språksjov på NRK.

Gunnstein Akselberg er fødd 20. juli 1949 på Voss. Han tok examen artium ved Voss gymnas i 1969. I 1979 vart han cand.philol. ved Universitetet i Bergen. Same året tok han pedagogisk seminar. I 1995 disputerte han til graden dr.art. med ei sosiolingvistisk avhandling. I perioden 1980–90 var han lektor ved Langhaugen gymnas, samstundes som han underviste ved Universitetet i Bergen som førsteamanuensis. Han har sidan 1997 vore professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, der han arbeider med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegransking. Han var prodekan frå 2002 til 2005 og dekanus frå 2005 til 2009.
Saman med Kristoffer Kruken har han frå 1995 vore redaktør for Namn og Nemne, eit tidsskrift for namnegransking som vert gitt ut av Norsk namnelag. Frå 1998 til 2006 var Akselberg leiar av namnelaget. Han òg var leiar for prosjektet «Talemålsendring i Noreg», eit nasjonalt prosjekt for gransking av talemålsutviklinga i landet, etablert i 1999.
Som redaktør for skriftserien Målbryting har Akselberg sørgt for at mykje av denne talemålsforskinga har vorte publisert. I 2003 redigerte han Norsk dialektologi, ein antologi med tekstar frå den sjuande nordiske dialektologkonferansen. I 2008 gav han ut boka Ord og uttrykk frå Hordaland. I lag med mellom andre Brit Mæhlum har han skrive ei innføringsbok i sosiolingvistikk: Språkmøte – innføring i sosiolingvistikk. Akselberg har òg vore med og gitt ut fleire lærebøker for norskfaget i vidaregåande skule.
Sidan 1997 har Akselberg hatt språkprogram på NRK Hordaland. Frå 2017 er han fast gjest i programet Eides språksjov på NRK der Linda Eide og han tek opp ulike emne om språk, namn og nemningar.
Frå 2010 er han prosjektleiar for NFR-prosjektet «Språkutvikling på industristader».
Kjelder
Gunnstein Akselberg (red.): Nordisk dialektologi. Oslo 2003
E-post frå Gunnstein Akselberg 20.02.2010
Namn og Nemne nr. 26/2009
Gunnstein Akselberg: «Prosjektet talemålsendring i Noreg», Språkrådet, http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_1999/Spraaknytt_1999_2/Prosjektet_talemaalsendring_i/ [lesedato 16.03.2010]
Forfattarside om Gunnstein Akselberg, Samlaget, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=3019 [lesedato 16.03.2010]

Først publisert: 16.03.2010
Sist oppdatert: 09.02.2018