Faktaboks

Gustav Indrebø

Gustav Ludvig Indrebø

Fødd
17. november 1889, Samnanger, Hordaland
Død
3. august 1942, Bergen
Verke
Filolog og historikar
Familie

Foreldre: Overlærar Ludvig Johannes Indrebø (1864–1921) og Severine Malene Frøysland (1861–1943).

Gift 12.1.1918 med lærar Astrid Ruth Louise Olsen (19.1.1885–14.12.1956), dotter til fabrikant Johan Olsen (1849–1928) og Selma Kristine Holmquist (1856–1920).

Bror til Ragnvald Indrebø (1891–1984).

Gustav Indrebø
Gustav Indrebø
Av .
Gustav Indrebø
Gustav Indrebø
Av .
Brevmerke (ikkje frimerke) med Gustav Indrebø
Brevmerke (ikkje frimerke) med Gustav Indrebø
Av .

Gustav Indrebø var norsk språkforskar og historikar. Han er truleg mest kjend som språkpolitikar og var ein skarp polemikar og talsmann for tradisjonell Aasen-nynorsk og motstandar av alt samnorsk. Særleg stod han fram som hardtslåande debattant under striden om 1938-rettskrivinga.

Han hevda med overtyding og styrke at idégrunnlaget for målreisinga ikkje var sosialt eller pedagogisk, men det nasjonale omsynet å skaffe Noreg eit norsk skriftmål.

Bakgrunn

Trass i den sterke identifiseringa med Aasen-nynorsken var han ikkje fødd inn i målrørsla. Dei første barneåra hadde han i Jølster, der foreldra kom frå. Men familien flytta til Oslo i 1901, så han lærte riksmål/bokmål på skulen. Det var først på Oslo lærarskule der han hadde målmannen Olav Midttun som norsklærar, at han møtte nynorsk i skulesamanheng. Enda seinare, mens han var student, i 1915/16, gjekk han over til å skrive og tale nynorsk.

Mellom 1921 og 1930 var han dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Kristiania, samstundes som han var styrar for det nyskipa ‘Norsk stadnamnarkiv’, som han hadde tatt initiativ til saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull i 1921. Frå 1930 til han døydde i 1942, var han professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens museum, som seinare skulle bli Universitetet i Bergen. I fagkrinsen hans var historie hovudfaget, mens tysk og nordisk var bifag. Etter å ha tatt cand. philol.-eksamen ved Universitetet i Kristiania i 1917 hadde han stilling som amanuensis ved Riksarkivet, der han arbeidde til 1921. I løpet av denne tida hadde han også studieopphald i København og Berlin. Før han blei student i 1913, tok han lærarutdanning og arbeidde i skulen nokre år.

Fagleg breidd og djupn

Den breie faglege bakgrunnen til Indrebø speglar seg sterkt av i den vitskaplege produksjonen hans. Da han døydde 53 år gammal, hadde han publisert bøker og artiklar som spenner over emne innan norrøn filologi, språkhistorie, målføre og stadnamn. Han hadde vidare gjeve ut saga- og andre kjeldeskrifter, i tillegg til å ha skrive om administrasjonshistoriske forhold. Såleis har han bidratt til forsking i fleire subdisiplinar både i nordisk- og historiefaget.

Norrøn filologi

Hovudfagsarbeidet hans, om det gammalnorske handskriftet Fagrskinna, kom i bokform like etter han hadde tatt eksamen, ein heider som sjeldan kjem ei hovudfagsoppgåve til del. For Kjeldeskriftfondet stod han for ei utgåve av Sverris saga (1920). I 1931 gav han ut Gamal norsk homiliebok på grunnlag av det eldste fullstendige norske handskriftet som finst. Dei to sistnemnde verka dokumenterer Indrebøs sterke kompetanse som edisjonsfilolog. Eit anna viktig filologisk arbeid er ein større artikkel i Edda (1922) om samleverket Ágrip.

Historiefaglege arbeid

Fordi Indrebøs historiefaglege arbeid dreier seg om eldre norsk historie, er det ikkje alltid beintfram å skilje mellom norrønfilologen og historikaren Indrebø. Historiefagleg er likevel alt han har skrive om rettslege og administrative forhold i gammal tid. Hovudarbeidet her er Fjordung frå 1936. Kjelder frå Riksarkivet, der han sjølv hadde vore tilsett, ligg til grunn for tekstar om Chr. M. Falsen som generalprokurator og om Krigshospitalskassa frå 1679 til 1814.

Stadnamngransking

Doktorarbeidet til Indrebø frå 1925 er ei stadnamnavhandling som dreier seg om innsjønamn i Oppland. Før det, i 1921, hadde han publisert eit arbeid om stadnamn i Haukedalen. Metodologisk sett er dette eit viktig arbeid, fordi han her utvikla ein metodikk som han sjølv skulle bruke i fleire seinare arbeid, men enda viktigare: Stadnamnforskarar i ettertida har òg gjort bruk av Indrebøs metodikk. I 1929 gav han ut eit verk om namn i Oslofjorden, i 1933 eitt om innsjønamn i Buskerud. Eit historisk oversyn over stadnamn og stadnamngransking er å finne i Norsk namneverk (1927).

I tillegg til å vere stadnamnforskar, og sjølvsagt på grunn av det, var han statens konsulent for stadnamn frå 1923 og la såleis grunnlaget for offentleg normering av skrivemåten for norske stadnamn. Slik normering bygger på kunnskap i norrøn filologi, historie og sjølvsagt generell stadnamnkunnskap. Heilt sidan vi fekk offisiell normering av stadnamn her til lands, har det stått strid om prinsippa for normeringa. Indrebø unnslo seg ikkje frå å ta del i debatten, og i polemiske innlegg i aviser og blad argumenterte han for at formene Nidaros (og ikkje Trondheim/Trondhjem), Bjørgvin (og ikkje Bergen) og Noreg (og ikkje Norge) er dei historisk korrekte formene.

Språkhistorie

Det mest kjende arbeidet til Indrebø er truleg det store verket Norsk målsoga, som han arbeidde med til han døydde. Det blei gitt ut posthumt i 1951 (utgjeve av Per Hovda og Per Thorson) og kom i ny utgåve i 2001. Nyutgåva av Indrebøs språkhistorie frå 2001 inkluderer delar som mangla i førsteutgåva og som blei gitt ut av Oddvar Nes under tittelen Maalbrigdingar (1325- til notidi) i 1990. Grunnen til at denne delen manglar i 1951-utgåva er ei heller trist plagiatsak.

Ved sida av D. A. Seips Norsk språkhistorie til omkring 1370 (1931) var Indrebøs språkhistorie svært lenge det einaste større norske språkhistorieverket og såleis pensum for mange norskstudentar, fram til det kom ei større oppdatert Norsk språkhistorie i fire band (2016-2018).

Indrebø som språkpolitikar

Dei vitskaplege arbeida til Indrebø blir framleis lesne. Det er nok likevel mest som språkpolitikar ettertida kjenner han. Frå 1920-åra engasjerte han seg sterkt målpolitisk, som skribent og folketalar. Han hadde ingen sans for å utvide normgrunnlaget for nynorsken og tillate former som veik av frå tradisjonsnynorsken, det vil seie former som var i bruk i austnorske, trøndske og nordnorske dialekter.

I ordskiftet om rettskrivinga av 1917 var Indrebø fyrst ikkje med, men i 1929 argumenterte han for ei meir einskapleg norm. Han gjekk imot dei som ville ha a-mål i staden for i-mål for å koma nærare talemålet i aust og nord og nærare bokmål. Med stor kraft leidde han i 1930-åra striden mot ny rettskriving, for han meinte ho ville øydeleggje nynorsk. Då ho var vedteken, prøvde han å få til forandringar.

Indrebø var også eit aktivt organisasjonsmenneske. Han var formann (som det da heitte) i Noregs Mållag frå 1929 til 1931 og nestformann til 1942, og formann i Det Norske Samlaget frå 1923 til 1929. Mellom mykje anna var han sterkt engasjert i arbeidet med nynorsk bibelomsetjing og utgjevinga av Nynorsk salmebok som kom i 1925. Han stod fast på at idégrunnlaget for målreisinga ikkje var sosialt eller pedagogisk, men nasjonalt; nynorsk var det einast tenkelege nasjonale riksmålet.

Indrebø la mykje vinn på å gje nynorsk meir rett i samfunnet. For å skapa vørdnad for mållova av 1930 skulda han to offentlege tenestfolk i Bergen for å ha sabotert lova. Dei reiste søksmål, og i ei rettssak vart Indrebø 1934 dømd for injuriar. Målfolk protesterte hardt mot domen. Mange tok opp att skuldingane, og dei samla pengar til å betala bota; dei vart Indrebø-fondet for nynorsk skulemål.

Mindre skrifter og ein del artiklar av Indrebø er samla i Nynorsk og bokmål (1932), God norsk (1937) og Kva er målreising? (1976). I all ettertid har Indrebø verka som eit samlingsmerke for dei som framleis argumenterer for det tradisjonelle nynorske skriftmålet, i-målet. Han hadde mellom anna ein renessanse på 1980-og 90-talet blant ungdommen, da dei som såg på seg sjølve som dei mest radikale i ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, Norsk Målungdom, hadde Indrebø som språkpolitisk forbilde og guru (ved sida av Aasen, sjølvsagt). Dette språkpolitiske linjeskiftet dominerte ikkje berre blant målungdommen, men kom til å påverke den språkpolitiske debatten i heile målrørsla i eit par tiår.

Utgjevingar

Eit utval. Fullstendig bibliografi finst i G. Indrebø: På norsk grunn (sjå nedanfor), 1989, s. 77–109

  • Fagrskinna, 1917
  • Det norske generalprokurørembættet. Chr. M. Falsen 1822–1825, 1919
  • utgj. Sverris saga etter Cod. AM 327 4°, 1920 (faksimileutg. 1981)
  • Stadnamni i ei fjellbygd, i Maal og Minne 1921, s. 113–210
  • Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke, dr.avh., VSK Skr. II 1923 nr. 7, 1924
  • Den norske kvæsthuskassa (Krigshospitalskassa) 1679–1814. Med eit tillegg um den Norske Officers-enkjekassa. Eit blad av vaar militære administrasjonshistorie, 1927
  • Norsk maalsoge, 1927 (2. auka utg. Bergen 1935)
  • Norsk namneverk, 1927
  • oms. Orknøyingasoga, Norrøne bokverk 25, 1929
  • Stadnamn fraa Oslofjorden, DNVA Skr. II 1928 nr. 5, 1929
  • Nidarosnamnet og Trondhjemsnamnet i Noreg. Nye granskingar um bynamnet, 1930
  • utgj. Gamal norsk homiliebok. Cod. AM 619 4°, 1931
  • Fylke og fylkesnamn, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1931 nr. 1, Bergen 1932
  • Nynorsk og bokmål, Bergen 1932
  • Norske innsjønamn. 2. Buskerud fylke, DNVA Skr. II 1933 nr. 1, 1933
  • Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1933 nr. 1, Bergen 1934
  • Rett og urett. Tenestemennene og dei offentlege påbod um målbruk, Bergen 1934
  • Fjordung. Granskingar i eldre norsk organisasjons-soge, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1935 nr. 1, Bergen 1936
  • oms. Ågrip. Ei liti norsk kongesoge, Norrøne bokverk 32, 1936 (2. utg. 1973)
  • God norsk. Innlegg i målbrigdesaki, Bergen 1937
  • Norsk og norsk, 1939
  • Norsk Målsoga, (posthumt) 1951
  • Kva er målreising? Ei artikkelsamling, utg. ved J. Bondevik og O. Nes, 1976
  • På norsk grunn, artikkelsamling, Bergen 1989
  • Maalbrigdingar (1525–til notidi), utg. ved O. Nes, Bergen 1990

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eidissen, Inger Indrebø: Gustav Indrebø: ei livsskildring, 1993.
  • Venås, Kjell: For Noreg og Ivar Aasen: Gustav Indrebø i arbeid og strid, 1984.
  • Wetås, Åse & Tom Smidt, red.: Gustav Indrebø og norsk namnegransking, 2003.

Faktaboks

Gustav Indrebø
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037355001865

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg