Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Lie

Hallvard Lie, sagaforskar, litterær stilgranskar og forfattar av den store norske verselæra.

Hallvard Lie var fødd 18. januar 1905 i Nord-Fron og døydde 7. april 1995 i Oslo. Han tok examen artium på latinlinja ved Eidsvoll gymnas i 1926, magistergraden ved Universitetet i Oslo i 1936 på ei avhandling om Snorre Sturlasons Heimskringla og doktorgraden same staden i 1948 med ei avhandling om Egil Skallagrimsson.

Han var bibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Oslo i 1937–48, dosent i litterær stilforsking ved Universitetet i Oslo i 1948–55 og professor i litteraturhistorie med mellomalderlitteratur som spesialfelt i 1955–75.

Hallvard Lie var sagaforskar og norrøn stilgranskar. Han studerte stilen i talar og dialogar i Heimkringla, der han samanliknar Snorres skrivemåte med framstillinga av det same stoffet i eldre islandske kongesoger. Han analyserer stilistiske verkemiddel og særdrag hos Snorre og freistar å finne fram til Snorres «tankeform». I doktoravhandlinga om Egil Skallagrimsson og Jorviksferda, frå 1948, er eit sentralt punkt tolkinga av Egils ferd til Jordvik. I Skaldestilstudier, frå 1952, studerer han den innfløkte og utsmykka skaldestilen og utviklinga av denne stilen. Han avviser at skaldestilen kom utanfrå, frå Irland, og ser likskap med ikkje-naturalistisk treskurd i vikingtida.

I mange år samla han stoff til Norsk verslære (1967), eit nesten 900-siders verk med analyse og klassifisering av metrum, rimmønster og strofeformer i dikt frå skaldekvada til modernismen. Boka er standardverket på sitt område.

Han omsette fleire islandske ættesoger til bokmål: Njåls saga (1941), Egils saga (1951) og Gisles saga (1954).

Lie vart innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1953 og fekk Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning i 1969.

Kjelder

Åse Hiort Lervik: «Minnetale over professor dr. philos. Hallvard Lie», i Det Norske Videnskaps-Akademi: Årbok 1995. Oslo 1995

Gunnar L. Nissen (red.): Studentene fra 1926. Oslo 1951

Bjørn Steenstrup (red.): Hvem er hvem? Oslo 1973

Eyvind Fjeld Halvorsen: «Hallvard Lie», Norsk biografisk leksikon, Oslo 2003, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Hallvard_Lie [lesedato 5.6.2019]

Peikarar

Hallvard Lie: Norsk verslære. Oslo 1967. Digital utgåve nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013011106018

Hallvard Lie: Om sagakunst og skaldskap. Utvalgte avhandlinger. Øvre Ervik 1982. Digital utgåve nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013062606085

Njåls saga, omsett av Hallvard Lie. Oslo 1941. Digital utgåve nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016090948207

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019