Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Sandøy

Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap, ekspert på språkutvikling i Noreg og Norden, har lagt premissar for normering av utanlandske ord i norsk og av nynorsk skriftspråk – som han meiner bør vere talemålsnært og prega av valfridom.

Helge Sandøy er fødd i Bud i Romsdal 14. juni 1947 og tok examen artium ved Orkdal landsgymnas i 1967. I 1976 vart han magister i språkvitskap ved Universitetet i Oslo, med ei avhandling som samanlikna verbsystemet i islandsk, færøysk og romsdalsk.
Han var høgskulelektor ved lærarskulen på Stord i 1977–78. Frå 1978 har han vore tilsett ved Universitetet i Bergen, frå 1993 som professor. Han var professor II ved Ivar Aasen-senteret ved Høgskulen i Volda i 2000–05 og har hatt forskaropphald i Reykjavik, Tórshavn og London.
Forskingsfelta famnar om språkhistorie, språksosiologi og import av framandord. Mykje av forskinga har hatt eit nordisk perspektiv. Frå 2000 leidde han ei gruppe forskarar som undersøkte bruken av utanlandske ord i nordiske språk. Han var prosjektleiar for ISLEX, ei elektronisk ordbok med oppslagsord frå islandsk til skandinaviske språk, som vart lansert i Noreg i 2013.
Som medlem av Norsk Språkråd frå 1992 til 1997 og av fagnemnda for nynorsk frå 1992 til 2004 har Sandøy vore med på å utforme norsk språkpolitikk. Frå 1994 til 1999 var han språkkonsulent for Norsk rikskringkasting. Han har vore ein av hovudredaktørane for den nye norske språkhistoria, som kjem med det første bindet i 2014.
Strid om nynorsk rettskriving
Usemje om rettskrivingsreglane i norsk har ført til både kamp og kompromiss. Læreboknormalen (den siste vedteken i 1959) gjorde at vi hadde ei innsnevra hovudnorm for lærebøker og ei utvida rettskrivingsnorm med sideformer for allmenta. Den første tida var det mange som såg med velvilje på dei mange tillatne språkvariantane, fordi dei gir brukarane stor valfridom. I 1990-åra hardna kritikken mot sideformene, som vart skulda for å bryte ned skiljet mellom nynorsk og bokmål og for å skape språkleg anarki.
I 2001 vart Sandøy leiar for eit utval i Språkrådet som skulle vurdere forholdet mellom hovudformer og sideformer i nynorsk. Formålet med utgreiinga var å avskaffe tonivåsystemet med hovudformer og sideformer.
Innstillinga frå utvalet kom i 2002. Sandøy argumenterte for at valfridomen må verte ståande. Han hevda at nynorsken sitt kjennemerke er å vere dialektnær, og at valfrie former gjer at flest mogleg kan kjenne seg att i skriftspråket. Heller enn å snevre inn nynorsken, bør valfridomen utvidast også for læreboknormalen, meinte han.
Integrering av utanlandske ord i nordiske språk
Det er ulike syn på korleis ein skal ta opp utanlandske ord i norsk skriftspråk. Kulturdepartement bad difor Språkrådet om å kome med framlegg til korleis situasjonen bør handterast. Sandøy fekk oppdraget med å leie utgreiinga. Det var mange spørsmål som kravde avklaring. Skulle språkrøktarane satse på å finne norske alternativ til dei engelske orda, eller var det betre å gi dei norsk skrivemåte? Eller burde ein tillate både engelsk og norsk skrivemåte?
1998 la Sandøy fram resultatet av utgreiinga. Han slår fast at eit overordna mål med språkpolitikken er at språket skal vere lett å bruke for alle. Engelsk uttale eller skrivemåte på ord som kjem i bruk i Noreg, skaper språkleg og sosial avstand mellom dei som tek i bruk det framande, og dei som kjenner seg framandgjorde. Orda bør difor fornorskast, anten ved å finne norske avløysarord eller ved å tilpasse dei norsk skrivemåte, altså norvagisere dei. Prinsippa som Sandøy-utvalet kom fram til, vart retningsgivande for korleis importord vert tekne i bruk i norsk.
Også språknemndene i dei andre nordiske landa trong råd for å drive språkrøktarbeid. Det var bakgrunnen for at Sandøy i 2000 vart prosjektleiar for ei tverrnordisk forskargruppe som skulle kartleggje haldningar til engelsk og faktisk bruk av importord i sju nordiske språksamfunn. Ved å studere avisspråket i tidsromet 1975–2000 fekk forskarane innsikt i omfanget av importord og ulike måtar dei vert tilpassa nasjonalspråka på.
Nyskriving av norsk språkhistorie
Sandøy har vore ei av drivkreftene for å oppdatere og samordne den norske språkhistorieforskinga. Frå 2009 har ei gruppe forskarar frå nordiskmiljøa ved norske universitet og høgskular vore med på å nyskrive vitskapelege artiklar om munnleg og skriftleg språkutvikling frå dei eldste tider til i dag, samla i firebindsverkt Norsk språkhistorie. Sandøy er ein av dei to hovudredaktørane for verket og har sjølv skrive artiklar om språkendring og idéhistorie. Han er òg redaktør for det første bindet, Mønster, som vert publisert i 2014.
Kjelder
Helge Sandøy: Norsk dialektkunnskap. Oslo 1991
Helge Sandøy: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. Oslo 2000 (Boka byggjer på utgreiinga som Sandøy skreiv for Kulturdepartementet og Norsk Språkråd i 1997.)
Helge Sandøy: Romsdalsk språkhistorie. Frå runer til sms – og vel så det. Oslo 2011
Peikarar

Først publisert: 29.10.2014
Sist oppdatert: 29.10.2014