Hopp til innhold
X
Innhald

Inge Særheim

Inge Særheim, språkforskar og namnegranskar frå Rogaland.

Inge Særheim er fødd i 22. desember 1949 i Stavanger. Han tok examen artium ved Bryne gymnas, latinlina, i 1969. Ved Universitetet i Bergen tok han i 1979 historisk-filosofisk embetseksamen (cand.philol.) med faga nordisk hovudfag, fransk mellomfag og musikk grunnfag. I 2000 blei han dr.philos. ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på -land. Frå 2000 har Særheim vore professor ved Universitetet i Stavanger.
Etter studietida arbeidde han først eitt år som høgskulelektor i norsk ved Stord lærarhøgskule. I 1980 vart han tilsett som amanuensis i nordisk språkvitskap ved Rogaland distriktshøgskole, i 1983 rykte han opp til førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, og frå 1991 var han tilsett som høgskoledosent ved Høgskolesenteret i Rogaland. Frå 1981 til 1984 var han prosjektleiar/forskar ved Rogalandsforskning. Han var dekanus ved Avdeling for humanistiske fag ved Høgskolen i Stavanger frå 1997 til 2000 og prorektor og nestleiar i styret ved Universitetet/Høgskolen i Stavanger frå 2003 til 2007.
Særheim er ein av dei fremste didaktikarane innanfor namnefaget. I Stadnamn fortel historie (1985) gir han ei grei innføring i faget og kjem inn på namngiving, funksjon og struktur. I Namn som fortel om oss gir han oppskrifta på korleis ein går fram når ein skal samle inn stadnamn. Denne boka har vore mykje brukt av dei som har skrive særemne om namn i den vidaregåande skulen. I 2007 gav han ut oppslagsverket Stadnamn i Rogaland, og han har gitt ut mange andre publikasjonar om stadnamn.
I samband med at Stavanger var kulturhovudstad i 2008, sat han i styret for UNEECC, eit nettverk for universitet i europeiske kulturhovudstader. Han har elles hatt ei rekkje faglege verv.
 
Kjelder
E-post frå Inge Særheim 05.03.2010
Inge Særheim: Namn som fortel om oss. Handbok i innsamling og arkivering av stadnamn. Oslo 1984
Inge Særheim: Stadnamn fortel historie. Stavanger 1985

«Ny bok fra Inge Særheim», nettsidene til Universitetet i Stavanger, www.uis.no, http://www.uis.no/nyheter/article6512-12.html [lesedato 14.04.2010]

Først publisert: 14.04.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013