Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Sverdrup d.y.

Jakob Sverdrup d.y., dosent, seinare professor, i germansk filologi og språkforskar som gjorde viktig grunnlagsarbeid for tyskstudiet i Noreg gjennom å utarbeide ordbøker og lærebøker.

Jakob Sverdrup var fødd i 1880 i Leikanger i Sogn og døydde i 1938. Embetseksamen i språkhistorie tok han i 1908, og i 1917 vart han dosent. I 1929 tok han doktorgraden, med avhandlinga Zum germanischen Verbalsystem.
 
Same året fekk han stilling som professor i germansk filologi ved Det Kongelige Fredriks Universitet i Oslo. Verket Kortfattet tysk sproghistorie. Lyd- og formsystemets utvikling, som var meint for tyskstudentar ved universitetet, kom ut i 1930. Sverdrup sjølv karakteriserte verket som ei vitskapleg innføring i studiet av tysk språk. Han utarbeidde òg ei tysk-norsk ordbok, som kom ut i 1933–36.
 
I boka Maal og maalskyldskap frå 1916 gav Sverdrup eit oversyn av språkforskinga si historie, frå det antikke Hellas til hans eiga samtid, med hovudvekt på etymologi. Boka drøftar òg kva slags vitskap språkforsking er og bør vere.
 
Kjelder
«Jakob Sverdrup d.y.», Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Jakob_Sverdrup_d.y. [lesedato 12.1.2014]
 
Peikarar

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 04.02.2015